Sider

16. september 2007

One week in Edinburgh

Du er no inne på Bjørns webguide til Edinburgh. Medan eg gjekk på ski gjennom Jotunheimen før påske fekk eg ein openberring frå det som må vera ein Märtha-engel om å ta ein mastergrad. Etter litt googling endte eg opp med ein master i Geographical Information Science ved University of Edinburgh.

Kartet under syner kor eg bur og studerer det neste året. Den lange gata nord for den gule markeringen er the Royal Mile som går ned frå Edinburgh Castle.


Vis større kart

Eg har funne meg eit krypinn i eit lite kollektiv like ved Holyrood Park. Denne ville og vakre parken ligg midt i byen, samstundes kjennes det ut som å vera midt i the Scottish Highlands.

Biletet er fra frå toppen av Arthur's Seat mot huset kor eg bur. Dette er høgaste toppen i parken (251 m) med eit fantastisk utsyn over byen og havet. Fjellet er restane av ein gamal vulkan som hadde sin glansperiode for 350 millionar år sidan.

Dette er klippen Salisbury Crags som er vendt mot gamlebyen. Eit perfekt utsiktspunkt om ein vil gjera seg kjend med byen.

Arthur's seat og Salisbury Crags sett fra Calton Hill.

Siluett av av Edinburgh tatt fra Calton Hill. Edinburgh Castle til venstre og handlegata Princes Street til høgre.

Edinburgh Castle.

Min mest eksotiske oppleving så langt var gårsdagens Céilidh (uttalast "kay-lee"). Veldig gøy og fantastisk kondis-trening. Under er ein video eg fann på YouTube som syner korleis det går føre seg.



PS! Har ikkje fått meg kilt enno, men det er jo noko ein berre må kjøpa seg!

2. september 2007

Demmevasshytta

I august hadde Fjellgruppa tur til Demmevasshytta. Forrige gong eg var med på denne turen kom me aldri fram til hytta, men eg fekk Tor på kroken i staden... Etter 4 år var det tid for å gjera eit nytt forsøk.


Vis større kart

Opp ei snøfonn frå Finsevatn.

Før nedstigninga frå Luranuten til Demmevasshytta.

Demmevasshytta og Rembesdalsskåka.

Utsikt frå hytta mot Rembesdalsvatnet.

Demmevasshytta anno 1921, då hytta var betjent.

Klargjering av breutstyr før ein tur i skåki.

Tor er klar for action.

Demmevasshytta ligg midt i biletet over "stovegolvet".




Breførarannekset.

På veg ned til Simadalen. Midt i biletet kan du skimte fossen frå Demmevatnet som kjem ut av eit hol i fjellet.

Bratte stup ned mot Simadalen.

Ein kjapp tur innom barndomsheimen i Ålvik vart det også.

Frå fyr til fyr

Sidan ikkje sommaren slo til i juli droppa me planane om toppturar i Romsdalsfjella og Sunnmørsalpane og satte kursen ut mot kysten.

Etter at fyrstasjonane vart automatisert er det no eit 30-tals fyr kor ein overnatte. Oversikt over norske fyr finn du på www.fyr.no

Me plukka ut desse fire:

Vis større kart

Alnes fyr ytterst på Godøya utanfor Ålesund.

Fyrlykta på Alnes.

Frå Skjonghellaren på Valderøya, ein gamal steinalderbuplass.

Flott utsikt frå graskledde Runde.

Advarsel frå kystverket før siste nedstigning til Runde fyr. Det er ikkje SÅ bratt å kome ned til fyret, men ein lyt nok halda seg godt fast under vinterstormen.

Fyrvoktarboligen er no sjølvbetjeningshytte tilhøyrande Ålesund-Sunnmøre Turistforening.

Tor med havblikk.

På fotojakt etter lundefugl.

I desse fjellsidene er det det eit yrande fugleliv, men hugs telelinse om du vil ha dei på harddisken.

Kråkenes fyrstasjon ligg på eit klippe ytterst i havgapet på Vågsøy. Stadtlandet stikk ut i bakgrunnen. I 3. etasje er det laga til ei brudesuite.

Det siste fyret me vitja var Skongenes fyrstasjon som også ligg i Vågsøy kommune. Ytre Nordfjord Turlag disponerar fyret etter avtale med Kystverket.

Fyrlykta med polarisasjonsfilter...

Fyrvoktarbustaden på Skongenes.

Innerdalen

Om du ikkje alt har vore der, bør du absolutt ta turen til Innerdalen og spandera ei overnatting eller to på Renndølsetra. Det gjorde Fjellgruppa i byrjinga av juli.

Kart over ruta:

Vis større kart

Turen starta på Bårdsgarden, som ei eit sjølvbetjeningskvarter for Trondheims Turistforening.


Frå ruta over mot Innerdalen. Fortsatt mykje snjo i fjellet.


Kveldsljos over Innderdalsvatnet.


Renndølsetra ligg perfekt plassert i Innerdalen. Meir seteridyll og hyggeleg vertskap skal du leita lenge etter.


Innerdalstårnet som skulle bestigast dagen etter.

På Renndølsetra er det eit yrande dyreliv:

Vekkarklokka.


Nyfødt kalv.


Gris.
Bjørn.

På toppen av Innerdalstårnet etter bratt klyving.

Fjellgruppa på Innerdalstårnet.