Sider

8. januar 2007

Marokko

Flyr du 7300 km sørover og slepp ut 1843 kg CO2 (mittklima.no) kjem du til Marokko. Dit reiste eg på 3 vekers juleferie. Her nokre bilete frå turen.



Essaouira, "den kvite byen" ligg flott til på den marokkanske Atlanterhavskysten. Den gamle bykjernen, medinaen, er på UNESCO si verdsarvliste.


Eg tok inn på eit flott lite gjestehus, Dar Al Bahar, kor medinaen møtte festningsmuren rundt byen. Når eg åpna vindaugo på rommet var det berre å dra inn havlufta.


Utsikta frå takterrasen var heller ikkje så verst...


Ei heller solnedgangane i havet...


Av ein eller annan grunn låg desse hønene på festningsmuren.


Fiskarane kjem inn med fangsten kvar morgon og ettermiddag. Ein bra stad for lunch.


Eg tinga grilla scampi, og dette var det eg fekk. Har aldri sett noko liknande. Nokon som veit kva det er??? Dei smaka i alle fall bra.


60-70 dagar etter Ramadan er over feirar marokkanarane Aid el Kebir, den store festen. Dagen falt saman med vår nyttårsaften, noko som skjer svært sjeldan. Feiringa pågår i 3 dagar. Det høyrer med at kvar familie skal ofra eit lam til Allahs ære. Eit lam kostar 1500-2000 kr, som er mykje pengar for mange. Det høyrer med at 1/3 av lammet skal fordelast blant dei fattige, resten vert eit festmåltid for familien. Alt vart tydlegvis brukt, og dei heldige fekk servert smalahove frå grillen over.


Ingen tur til Marokko utan den obligatoriske kamelrideturen. Sjekk uttrykket til Tors kamel.


Bjørn og Tor på kamelryggen.


Vår "nær-sahara-oppleving" hadde me i sanddynene sør for Essaouira.


Den flotte stranda sør for Essaouira. Det bles 260 dagar i året så vindsurfing er ofte meir passande enn solbading. Eg starta på eit kurs i vindsurfing, men diverre vart vinden borte etter eit par øvingstimar.


Solstol-vakten var også ein lokal sandkunstnar. Slett ikkje verst!


Solnedgang bak Purple Islands.


Eg hadde ein dagsutflukt opp i Atlas-fjella. Her på muldyr ryggen opp ein dal kor berber-landsbyane hadde klort seg fast i fjellsida.


Berber-landsby.


Atlas-fjella er eit nedbørsfattig området kor dei har laga vannkanalar, ein enklare variant enn det eg såg i nordlege Pakistan.


Flotte tepper å få kjøpt på marknaden i Marrakech.


Slangetemmar på plassen Jemaa el-Fna. I fleire århundre har denne unike plassen vore eit nervesentrum og eit symbol på byen Marrakech. Plassen er no oppført på UNESCOs liste over verdebs kulturarv.


På kvelden vart Jemaa el-Fna omgjort til eit gigantisk utandørskjøkken.


Ei skål med nykokte sneglar kostar deg 4 kr.


Villa Majorelle var tidlegare residens til den franske malaren Jaques Majorell. Han dro til Marokko i 1917 for å verta betre etter tuberkulose, og der falt han for det intense ljoset.


Svær kaktus i hagen til Villa Majorelle.


Om du ikkje er glad i charterlivets gleder bør du unngå Agadir...