Sider

25. mai 2007

Knut is cute

I midten av mai var hadde me langhelg i Berlin. I vinter har byen vore i skotet på grunn av den vesle isbjørnen Knut i Berlin Zoo. Eg hadde lyst til å oppleva dette fenomenet.

Sjølv om Knut no snart er eit halvt år gamal, er det framleis tusenvis av menneske som stiller seg i kø for å sjå han kvar dag. Me vart ståande ein time i kø for å få sjå Knut i 10 minuttar.

Lenge trudde me at dette var det næraste me kom Knut. Berlin Zoo registrerte Knut som eige varemerke i mars. Det førte til at dyreparkens aksjekurs dobla seg på børsen i Berlin.

Så slapp me endeleg inn. Her er Knut saman med dyrepassaren Thomas Dörflein. Som reservemor lyt Thomas sova på ei madrass attmed Knut kvar natt.


Knut er opphavet til fleire songar. Den mest kjende er "Knut, der kleine Eisbär" sunget av 9 år gamle Kitty.

Knut har vorte eit symbol for truga dyreartar og klimaendringar - og over heile byen kan du sjå postarar av denne typen.

Litt vakker DDR-arkitektur fekk me også me oss...

og ein bit av det nye regjeringskvartalet.

For å ikkje bruka for mykje av CO2-kvota valde me å ta Kiel-ferga og tog til Berlin. Her er Storebeltsbrua sett frå lugaren vår på Color Festival. Eg lurar på kor klimavenleg dette cruiseskipet eigentleg er... Color Line har enno ikkje kome med utslippstala.

9. mai 2007

Sesongens siste skitur

Siste helga i april reiste eg og Tor på spontantur til Finse. Når våren og komen i låglandet er jo høgfjellet på sitt beste. Me hadde ein flott tur frå Finse til Geiteryggen via Hallingskarvet på heimvegen.

Finsehytta under fullmånen kvelden me kom opp.

Utskrift frå Tors GPS.


Mykje snjo rundt Finse.


Det som høyrer med på ein vårskitur... Hallingskarvet i bakgrunnen.


Tor mot Hallingskarvet.


Hundespann utanfor Geiterygghytta.


Vårløysing i fjellet.

Frå toppen av Hallingskarvet mot Hardangerjøkulen.