Sider

30. september 2005

Harakoram Highway

Reise langs Harakoram Highway gjekk bra. Det tok med to dagar aa kome til Pakistan. Som einaste vestlege turist paa bussen kjende eg meg litt "lost" - men eg fekk etter kvart god kontakt med pakistanarane og uighurane paa bussen.

Einaste problemet me hadde var at bussen koeyrde seg fast like foer grensa. Alle mennene maatte ut aa dytte medan ein trailer drog framme - og den godt lasta bussen kom seg laus til slutt. Grenseovergangen (Khunjerab passet) er ein av dei hoegaste i verda - 4733 moh.

Paa pakistansk side vart landskapet verkeleg dramatisk. Elva skar seg ned i eit enormt juv og det var utruleg korleis dei hadde faatt skvist inn ein veg i den trange dalen. Fjella reiste seg saa hoegt at ein knapt kunne sjaa himmelen der oppe.

Framme i grensebyen Sost moette eg desse flotte pakistanske lastebilane. Alle er fargerikt pynta med mykje dingel-dangel og dei er litt av eit syn paa vegane.

Den hyggelege hotellverten i Sost. Wakhi folket som har budd her i mange aarhundre er tadsjikere. Dei fylgjer ein light versjon av Islam, ismaili. Dei har eit meir avslappe forhold til dei islamske lovene, og dei er aapne, gjestfrie og fredfulle. Kvinnene har stoerre rettar og er ikkje tildekka som i andre delar av Pakistan.

Eit gamalt ektepar i landsbyen - paa veg heim med brensel for vinteren.

Flott aa sjaa korleis kanalane med brevatn fylgjer fjellsidene - nokre av dei er mange kilometer lange.

Toerking av aprikoser skjer paa hustaka.


Skuleborn.

27. september 2005

Det nye Kashgar

Siste dagen min i Kashgar. I morgon startar den meste spektakulaere delen av turen langs Karakoram Highway to Pakistan. Har lagt ut nokre fleire bilete under fra Kashgar.

Har endeleg faatt meg ein uighur venn som eg har vore mykje saman med dei siste to dagane. Han er 22 aar gamal og har studert engelsk og arabisk. Han droymer om aa kunne faa reisa til eit arabisktalande land aa faa laera meir om Islam. Men regimet har gjort det vanskeleg for uighurane aa forlate landet, han treng ein spesiell invitasjon for aa kunne reisa. Han har ogsaa lyst aa lesa psykologi. Planen hans er aa jobba paa landsbygda utanfor Kashgar kor folk er lite utdanna. Han ynskjer aa undervisa folket der om korleis dei kan leva eit bra liv. Ein snill og aerlig fyr, sjoelv om eg ikkje deler alle synspunktene hans.

Det er ein liten utfordring for meg naar eg reiser rundt aaleine her. Alle spoer kor gamal eg er - og naar eg svarar 31 aar, saa lurar alle paa kvifor eg i alle dagar ikkje er gift. For aa unngaa fleire spoersmaal svarar eg at eg har ei dame heime... Dette saa eg ogsaa til min uighur venn. Daa eg synte han nokre bilete fraa Norge lurte han faelt paa kvifor eg ikkje hadde bilde av dama mi... Saa no har eg byrja aa seia at eg er 25 aar og singel. Det kjem eg lettare unna med.


Midt i byen staar landsfaderen Mao og helsar til folket. Laurdag 1. oktober er Kinas nasjonaldag, og det er store foerebuingar paa gang. Feiringa fell saman med 50-aars jubileet til Xinjiang-provinsen (som eg no er i). Koret syng ein rocka versjon av Internasjonalen. I eit av verdas mest kapitalistiske land.


"Woman with attitude". Fraa det store kinesiske shoppingsenteret i byen. Den nye kinesiske kvinna - with strong attitude!


Flotte damesko med diamantar (eller noko look alike), for den meir pengesterke delen av befolkninga. Her finn du dei kjende merkevarene.


Breie gater og moderne kontorbygg som er reist dei siste aara. Heldigvis er sykkelen framleis det vanlegaste framkomstmiddelet, men bilen er paa rask frammarsj. Det som er bra er at styresmaktene har sagt at berre elektriske motorsyklar kan koyra paa hovudvegane. Dette har foert til eit stort sal av desse syklane. Slike lovar er kanskje lettare aa faa vedtatt i eit kommunistisk land med eit parti enn i land med demokrati og fleirpartistyre?


Det rare er at hvis du gaar inn ei sidegate fraa hovudvegen, saa er det som aa passere ei tidsmaskin. Innanfor finn du restane av det gamle Kashgar kor folk lever som dei har gjort i fleire aarhundre.


Dette er min favorittstad i Kashgar. Det er eit Chayhronas, - eit tradisjonelt tehus. Det er flott aa sitja paa verandaen i 2. etage og sjaa ut paa folkelivet.



Uighur-kvinner.

Tok meg ein sykkeltur utanfor byen i gaar for aa sjaa litt av landsbylivet. Kina maa vera eit flott land aa sykla gjennom - det er jo sykkelverkstad rundt kvar sving. Og utanfor byen er det nesten ikkje trafikk, berre nokre stakkars esel med ei tung boer.

26. september 2005

Kan Kinas regime forsvares?

Eg kan nesten ikkje seia at eg har vore i Kina. Kashgar og omraadet eg reiser gjennom er ein utpost i det enorme landet, og kontrastane kan knapt verta stoerre mellom Shanghai og Kashgar. Eg vil difor ikkje proeva meg paa aa skriva noko analyse av Kina medan eg er, spesielt etter at eg har erfart kor unyansert vestlege journalistar kan framstille Kirgisistan.

Eg har opplevd det som ei fin oppleving aa vera i Kina. Har aldri blitt stoppa og kontrollert paa gata. Foeler at eg kan snakka ganske fritt med folk. Det er jo ein hvis kontroll. Alle utlendingar som bur meir permanent i byen lyt bu paa ein stad. Dei kan ikkje finna seg sitt eige husvaere. Og saa merkar eg at ein del nettstader paa Internett ikkje eksisterar her borte. Inga overrasking at Amnesty International si heimeside er umogleg aa kome inn paa...

Det vert sagt mykje om dei hoege oljeprisane i media. Kina maa importere olje tilsvarande 40% av sitt forbruk, og dei hoege prisane paa raaolje har blitt eit problem for Kinas makrookonomi. Medan oljeimporten fyrste halvaar auka med 4% saa auka kostnadene med heile 43% sidan i fjor. Faar haape at dei hoege prisane foerer til eit auka fokus paa alternative energikjelder. (Lurar forresten paa kor mange Rita som maa angripe USA foer Bush tek til vett og underskriv Kyoto-protokollen...)

"The American way of living" er paa full fart inn - ogsaa i ein avsidesliggjande by som Kashgar. Har lese at den kinesiske materialismen har dype roetter og er ikkje noko nytt fenomen. Kjoepmannsskapet og kremmeraanden var etablert lenge foer Mao-kommunismen og er kanskje ein aarsak til Kinas suksess. Kommunistpartiet forsvarar ulikskapane ved at dei er med paa aa drive samfunnet og den veksten framover - og at alle paa sikt vil faa det betre.

Har med meg ei bok paa reisa: "Fra frihetens slagmarker. I Kina, Indien og Afrika" av Joergen Steen Nielsen (tidligere sjefredaktor i den danske avisa Information).
http://www.fagboginfo.dk/Ienfem/ienfemzn.htm

Boka anbefales. Han stiller er sentralt spoersmaal paa side 98:
"Skal Vesten sige god for Kinas totalitaere, udemokratiske menneskerets-undertrykkende regime, fordi det bedre end et umodent, pluralistisk demokrati vil vaere i stand til at varetage et historiske eksperiment at foere verdens folkerigeste, multikulturelle nation fra noed, fattigdom og ulighed til at blive et moderne, markedsoekonomisk, baeredyktigt velfaerdssamfund? Spoergsmaalet gaar ikke paa, om det kommunistiske regime med sikkerhed kan loese oppgaven, men om man skal tiltro det bedre forutsetninger for at klare udfordringen end et ungt, uproeved demokrati med konkurrerende, popularitetssoegende partier? Skal vi for den felles overlevelses skyld sette vor lit til, at tyrannene i Beijing fastholder magten lenge endnu og indser noedvendigheten af at begrense borgernes ret til at utfolde sig lige saa hemningsloest, som vi aandre har gjort i mere end 100 aar?"

25. september 2005

Det gamle Kashgar

Kashgar er ein by i rask endring. Kinas raske okonomiske vekst naar ogsaa hit til dei innerste delane av det store riket. Mykje paa grunn av den nye jernbana og flyplassen. 5 aar tilbake tok det minst 2 dagar med buss til naermaste by. Slik er det ikkje lengre.

Dette er kanskje medviten politikk fra kommunistpartiet for aa sikre sin innflyting i regionen. Fleirtallet av befolkninga her er nemleg muslimske uighurer som kjenner eit stoerre kulturelt tilvaere med sine sentral-asiatiske naboar. Har lese at dei klagar over at alle dei gode jobbane gaar til han-kineserne. Vanskeleg aa kome i prat med uygurane i byen. Paa grunn av spraakbarriaeren og fordi eg lyt vera litt forsiktig med spoersmaala eg stiller.

Har vore paa jakt etter det gamle Kashgar - og under finn du nokre bilete fra basaren, gamlebyen og dagens soendagsmarknad. Bilete fraa det nye Kashgar kjem seinare.


Den gamle basaren

Noetter, toerka frukt, krydder og gode lukter.


Smedane jobbar som om eg var hundre aar tilbake. Flott handverk - uigurane er kjende for sine gode knivar.

To andre smedar som gjerne ville verta fotografert.


Ein saueflokk gjennom bygatene vekker alltid oppstyr. Desse sauene var ganske saa viltre og sprang inn i alle aapningande ei fann. Huseigarane fekk sei ei overrasking midt i lunchen - eller kanskje er det dagleg kost for dei.


Gamlebyen

Aa gaa rundt i gamlebyen er som aa gaa rundt i middelalderen, bortsett fraa ein og annan motorsykkel.

Det bur fortsatt folk i dei fleste av husa. Guiden min fortalde at husprisane er paa veg opp - gamlebyen vil verta eit stort trekkplaser for kinas gryande turistindustri. Aa ha ein liten butikk her inne kan gje gode pengar i kassa.

Ein gut (om du skulle vera i tvil...)

Bestemor er framleis aktiv med hattemaking.

Sondagsmarknaden

Kashgar er mest kjend for sitt sondagsmarknad. Kvar helg veks befolkninga med 100.000 paa grunn av denne marknaen. Eg lyt seia at eg vart litt skuffa. Marknaden har vorte eit gigantisk kinesisk supermarknad. Dei gamle handverkarane og boendene druknar blant kinesisk "skarp" - toey, elektronikk, dokoster og plastikk. Men du finn dei framleis innimellom.

Ein av dei mange inngangane til marknaden. Soendagsmarkedet dekkjer eit enormt omraade og eg rakk ikkje ein gang gaa over alt paa timane eg var der.


Gamal mann med saftige meloner.


Desse karane var stolte av eplene sine.


Her har du nok kinakaal til ein dunk med Tousand Island. Gjer du nokre dollar ekstra faar du sikkert med eselet ogsaa.


Smalahove i store haugar. Nam!

20. september 2005

Tash Rabat og Torugart

Siste reisebrev om Kirgisistan. Hadde ei flott reise over Torugart-passet, sjoelv om turen vart vel strabasioes med skikkeleg magetroebbel.



Siste by foer grensa er Naryn. Gjennom byen renn elva med samme navn som byen. Dette er den stoerste elva i Kirgisistan og 7 kraftverk omgjer vatnets krefter til elektrisk energi. Elva renn vidare inn til Uzbekistan i Ferganadalen. Elva er ei kjelde til konflikt mellom landa. Kirgisitan ynskjer aa bruka meir av vatnet sjoelve, medan Uzbekistan treng vatnet til dei store bomullsplantasjane sine. Den meste kjende konsekvensen av desse plantasjene er uttoerringa av Aralsjoen.
http://en.wikipedia.org/wiki/Aral_Sea

Guiden min tykte det var urettferdig at Kirgisistan ikkje fekk betalt for vatnet, medan dei maatte betala dyrt for olje og gass dei matte importere fraa Uzbekistan og Kasakhstan. Vann var tross alt ein mykje meir livsviktig ressurs, og det har han vel eigentleg rett i.

Naryn er ein by folk passerer meir fordi dei maa enn fordi dei vil. Det er den kaldaste byen i Kirgisitan, med ein gjennomsnittstemperatur paa -6 grader og med temperaturer ned mot -40 paa vinteren. Under Sovjettida fekk innbyggjarane her 40% hoegare loen som ekstremtillegg. No er jobbane borte og vodkakonsumet er faretruande hoegt. Ein sa til meg at han haapte at folk vart meir tru mot den islamske laera. Det var det einaste som kunne faa dei til aa slutte aa drikka. I foelge FN lever over halvdelen av befolkninga i regionen i ekstrem fattigdom (under 1$ aa leva for om dagen).


Glade barn foer vodkaen tek dei...


Her er me paa veg mot Kina. Eit vidt steppelandskap med snoekledde fjell i det fjerne. Er du lei av siviliasjon er dette ein bra stad aa slaa seg ned. Me matte betale 120 dollar for bil og sjaafoer til grensa. Ikkje saa verst naar me kunne dela paa tre, men mykje pengar her borte.




Me gav reisebyraaet $10 ekstra for at sjaafoeren kunne koeyra oss ein 15 km avstikker opp ein vakker dal til Tash Rabat (3550 moh.). Dalen har gjeve ly for reisande langs silkevegen i fleire aarhundre. Tash Rabat er ein flott steinbygning kor caravanene gjennom dei ugjestmilde fjella kunne ta inn. Me overnatta i ei av jurtene i bakgrunnen.



Familien som gav hos losji. Som dykk ser er ikkje ungane gamle foer dei faar proeva seg paa hesteryggen...

Me fekk leigd oss hestar og hadde ein flott ridetur opp dalen.

Byrjar aa faa litt erfaring paa hesteryggen no. Men daa eg ville fortsetja litt aaleine var det bom stopp - hesten ville berre heim att med dei andre...

Gjetere med buskapen sin.

Det vart ei toeff natt. Eg skulle aldri aa ete den lunka gulasjen i Naryn. Aa overnatte i ei jurte, utan do, med minusgrader utanfor - og med magetroebbel - det unnar eg ikkje nokon. Men det var i alle fall ei flott fullmaane...


Dagen etter har eg mest lyst til aa gloeyma. Aa koeyra paa humpete vegar i skranglete bilar var ikkje det beste for meg denne dagen. Men me kom no fram til Kashgar til slutt.

Torugart-passet gaar for vera ein svaert vanskeleg grensepassering for turistar, men med nok dollar saa gaar det meste greit her i verda. Vi var heldige med sjaaforen vaar. Han var nemlig grensevakt i tillegg til aa vera sjaafoer, og var paa hils med alle. Me hadde ingen komplikasjoner. Naar me hadde kryssa grensa til Kina bytta me bil - og sammen med ein amerikansk familie vart me frakta til Kashkar. Kontrollposten paa kinesisk side var ogsaa ein forholdsvis kjapp formalitet. Mitt sveitsike reisefoelge kunne opplysa at det har vorte mykje enklare aa kome inn og reisa rundt i Kina sidan dei var her fyrste gong midt paa 90-talet.

Eg var mest glad for aa faa ei skikkeleg seng, dusj og do.

17. september 2005

Sabyrbeks hus, revolusjon og homser

Min siste dag i Bishkek. I morgon startar mi tre dagers reise til Kashkar i Kina. Eg skal krysse grensa over Torugart passet (3752 moh).

Det har vorte mange dagar i Bishkek. Det er ein by dei fleste turistar ofrar ein dag eller to paa, men eg har likt meg godt her. Mest paa grunn av alle dei hyggelege folka eg har moett.

Eg bur i Sabyrbek's hus sentralt i byen. Ein stor, gamal villa med ein overgrodd hage med druetre og eit lysthus, perfekt for lange samtalar. Eit hyggeleg og avslappa vertskap og reisande av ymse slag. Dei som reiser til Krigisistan er saa langt fraa pakketuristar som ein kan kome. Har akkuratt sagt farvel til to britiske karer som er paa koeyretur til Mongolia. Du kan sjaa ruta og lesa meir om turen paa deira nettstad: www.drivetomongolia.org

Sarbyrbek tilbyr ogsaa seng og stikkontakt for ein britisk antropolog paa forskarstipend fraa tre europeiske universitet. Har proevd aa toemma han for informasjon, - men har funne ut at han er utoemmeleg. Dette er ein spanande og komplisert del av kloden vaar -og eg vil ikkje proeva meg paa nokon politisk analyse paa denne bloggen... At baade amerikanarane og russarane etablerer store militaere baser her seier litt om landets strategiske plassering.

Fleire kirgisarar eg har snakke med er mest bekymra for Kina. Har faatt inntrykk at kinesarane i landet ikkje er saerleg populaere. Som den eine guiden min saa: "Naar du faar ein rik nabo, saa lyt du jobba for han". Han var redd for at kinserarane skulle faa for stor dominans i regionen. Antropologen meiner at dette i stor grad er ein ubegrunna frykt, og at frykten har sit rot i sovjetisk propaganda. Han meiner at ogsaa vestlege media er svart einsidige i sin kritikk av Kina. Han utfoerte eit eksperiment med studentane side: Han fekk dei til aa samle alle artiklar om Kina fraa vestlege media i ein gitt periode. Saa bytta dei ut orda "Kina" med "Israel" og "kinesarar" med "israelarar". Assosiasjonen til nazi-propaganda var visst ganske tydeleg... Er spent paa korleis eg vil oppleva ein av Kina sine utkantar.

Har hatt fleire samtalar med representantar for ungdomsorganisasjonen KelKel (www.kelkel-kg.org/eng/kelkel_en.php). Organisasjonen spela ein sentral rolle under revolusjonen 24. mars kor Akijev og hans familie maatte flykte landet. Har faatt "For dummies"-versjonen for korleis ein kan skape ein revolusjon - og korleis det oppleves aa verte fengsla for aa fortelja folket "sanninga". KelKel vart ikkje saerleg godt likt av Akajevs regime. Med Bakiev er forholda betre -men dei er usikre paa kor lenge det vil vare. Den nye presidenten Bakiev var Akajevs tidlegare statsminister -saa det er eit spoermaal om kor stor denne "revolusjonen" eigenteg var. Det viktigaste var at revolusjonen var ein mental vekkar og at det viste folket at dei kan paaverka makteliten. Som ein sa til meg: "Foer revolusjonen las eg aldri aviser. No les eg alt". Dei andre Sentral-Asiatiske leiarane er redde og har byrja aa avsette opposisjonspolitikarar og styrka politiet for aa unnga at revolusjonens aand spreier seg.

Eg har ogsaa truffe fleire homofile kirgisarar. Dette landet har ein lang veg aa gaa paa dette omraadet. Riktignok har Kirgisistan og Kasakhstan fjerna homofiliforbudet fra sovjettida. Ein slepp fengsel om ein skulle vera saa syndig som aa forelska seg i ein av same kjoenn. Reaksjonen fraa familie, slekt og mannen (og nokon kvinner) i gata er nok verre. Ein gut eg snakka med var redd for aa verta utpressa av personar som ville fortelje familien hans at han var homo. Den eine guiden min fortalte at han hadde vore tilskotar til at ein fyr i Bishkek vart banka opp av 6 andre. Eg spurde kvifor det var ingen som gjorde noko. "Han var visst homo", fekk eg til svar...

Det er eit par utestader her for homofile. Har berre vore paa den eine. For aa koma inn maa ein ned ei trapp og trykka paa ei lita ringeklokke. Ei stor russisk "mama" gloetter paa doera. Eg fekk nokon granskande blikk fyrste gongen, men sidan eg var med andre som ho kjende saa slapp eg inn. Det er dei modigaste homsene i byen som toer aa visa seg her. Etter norsk standard er ikkje plassen saa verst.

Heldigvis har Internett har vorte eit sentralt redskap i livet deira. Der finn dei informasjon og dei har hoeve til aa moeta andre anonymt. Det er ofte snakk om livet foer og etter Internett.

16. september 2005

Kaffe latte paa Navigator Cafe

Like ved her eg bur i Bishek ligg Navigator Cafe. Ein hyggeleg stad med uteservering under trea, sunn god mat ("Norwegian style fish") og effektiv betjening. Det er den einaste staden i byen kor eg har sett ein espresso-maskin. Her kan eg faa min etterlengta daglege dose kaffe latte. Saman med diplomatene, forretningsfolka og hjelpearbeidarane fra vesten. For ein kaffe latte lyt eg ut med 100 som. Hvis du deler paa seks faar du den norske prisen.

Litt borti gata her staar dei ei gamal bestemor. Kvar dag staar ho der med ei skroepeleg baderomsvekt. Om eg gjer ho 1 som kan eg sjaa om den sunne maten har gjeve resultat. Er ho heldig faar ho 4-5 kundar paa ein lang dag. Nok pengar til aa kjopa seg eit broed.

Trygda hennar fraa staten er 400 som i maanaden.
Nok til 4 kaffe latte paa Navigator cafe.

Kaffe latte smakar betre heime.

15. september 2005

Holidays in the Danger Zone

Eg saag ein fael BBC dokumentar "Holidays in the Danger Zone: The Stans" eit par dagar foer eg reiste fraa Oslo. Det var ein del av ein serie paa fire -og eg fekk akkuratt med meg programmet fraa Kirgisistan. Det prisbeloente programmet kunne skremma vettet av dei fleste. No er eg mest irritert paa denne journalisten -samstundes som det er ei god erfaring aa sjaa korleis vestlige media si jakt etter sensjon og ekstremisme er med paa aa skapa vaart verdsbilete. Det er ikkje saa rart at det ikkje er saa mange turistar som finn vegen hit. Land som sluttar paa "stan" er per definisjon farlege.

Det er nodvendigvis ikkje feil det som kom fram i BBC-dokumentaren. Det finnast fleire daarleg sikra radioaktive lokasjonar i landet etter Sovjet si jakt etter uranium. Samtundes fins det utruleg mykje flott og rein natur i dette landet og med krystallklare sjoar og elvar. Det er sant at det finnast nokre isamistiske ekstremistar soer i landet som vil gravleggja "vesten" og som tykkjer at homofile er verdas styggedom. Samstundes skal ein leita lengje etter ein slik gjentfridom og openheit som hjaa kirgisarane. Mitt moete med ytterkanten av den muslimske verda har vore ei god oppleving. Islam er stoerste religion her og har hatt ein stor oppblomstring etter Sovjetunionens fall, men fundamentalisme er det lite av - i saa tilfelle er det meir knytta til strenge klan- og familietradisjonar enn islam.

Etter aa haa sett dokumentarer saag eg for meg Kirgisistan som eit land paa sammenbruddets rand. Bullshit!

14. september 2005

Kjoennsroller - "Aibeks" historie

Elin spurde meg om korleis kjoennsrollene var i Kirgisistan. Eg skal proeva aa gje eit svar gjennom aa viderefortelja historia til "Aibkek" som eg traff i ein landsby midt i landet.

"-Kvinnene i Krigisistan maa velgja mellom aa ha familie eller gjera karriaere i arbeidslivet, for det lar seg ikke kombinere. For meg er kvinnas plass i heimen. Paa landsbygda er det vanleg aa faa 5-6 barn og det seier seg sjoelv att det er mykje arbeid.

Den store arbeidsloeysa i Krigisistan er eit problem som spesielt rammar menn. Kvinner er meir kreative og tilpasningsdyktige og klarar ofte aa skapa sine eigne jobbar. Paa basarane ser ein nesten kun kvinner som sel ting. Dette gjer at mannen mistar respekt i forhold til kvinnene. Mannen har tradisjonelt vore familiens overhode. Hvis eg har ei kone som tjener meir enn meg vil venner, familie og slekt gjera narr av meg. Eg vil ikkje at dette skal skje.

Styresmaktene proevar aa faa fleire kvinner inn i leiande posisjonar. Sjoelv vil eg ikkje vera gift men ei karriaerekvinne. Om ei jente prioriterer utdanning og jobb og er fortsatt ugift i slutten av 20-aara vil ho faa store problemar med aa finne seg ein mann.

Skilsmisse er stoerst skam for jenta og jentas foreldre. Det er ogsaa stor skam for ein gut aa gifta seg med ei skilt jente. Mange skilte jenter endar opp som prostituerte i hovudstaden i Bishek. Eg har lese at det er 20 000 prostituerte i Bishek. Eg trur talet er enno stoerre. I prostitusjonsgata Pravda er det fullt av dei. Dei billegaste jentene kostar 100 som (15 kr) - dei flottaste langbeinte jentene gaar for 500$. Det er vanleg aa kjoepa seksuelle tjenester - "alle" gjer det for aa faa erfaring. Det er noko ein fortel sine kameratar men lyt halda heilt skjult for foreldra.

Det er vanskeleg aa treffa ei jente i landsbyen. Det er ikkje vanleg aa ha ein kjaerest -daa ville alle snakka om det. Det er ingen cafear eller nattklubbar kor ein kan treffast. Jenta som eg vil gifte meg med skal vera "uroert". Det er stor synd hvis ei jente er borte ei natt fraa foreldra.

Det er vanleg at foreldra finn ei jente til sin son. Sidan eg er 25 aar tykkjer mor mi det er paa tide at eg giftar meg. Ho har funne ei dame til meg, men eg vil ikkje ha ho. Eg er bestekompis med bror hennar og han veit godt kva eg har halde paa med i Bishkek... Det gaar ikkje. Eg har ei dame i Bishkek, men det er ei byjente. Eg har ikkje kontroll paa ho naar eg er her i landsbyen. Ho flyr sikkert paa byen.

Eg er yngste son i familien, og i vaar tradisjon skal den yngste sonen alltid verta buande med foreldra. Men mi byjente har ikkje lyst til aa flytta hit, -saa eg lyt finna meg ei anna. Eg kjenner presset fra familie og slekt og trur eg kjem til aa gifta meg innan eit aar.

Me har ein tradisjon om at ein mann likar ei jente saa kan han "stjele" ho. Denne praksisen var forbudt under sovjettida, men har vorte vanleg etter at Kirgisistan vart sjoelvstendig. Mannen kan godt vera heilt ukjent for jenta, - og jenta har som regel ikkje noko anne valg enn aa seia ja. Jenta kan vera fraa 17 aar og oppover - og det er spesielt vanleg aa kidnappe jenter rett etter dei er ferdig med vidaregaande skule. Dei siste dagane paa skulen vert ofte jenta fulgt av ein eldre bror eller faren fordi dei er redd for aa verta bortfoert. Denne tradisjonen likar eg ikkje.

Mange jenter treff utanlandske menn paa internett og flyttar fraa landet. Dei har ein draum om det perfekte livet i vesten som dei ser paa film og les om i magasina. Ein del vert lurt og endar som prostituerte i land som Iran og Soer-Korea (trafficking)."

-----------------------------------

Dette var ei historie og eg veit ikkje i kor stor grad den er representativ for kvinners og menns situasjon i Krigisistan. Det er stor forskjell paa det moderne livet i byen og det tradisjonelle livet paa landsbygda. Kirgisistan sin Tusenarsmaalsrapport fraa 2003 fortel at kvinner har ein forholdsvis sentral plass i det okonomiske, sosiale og kulturelle livet. Samanligna med sine "soestre" i dei andre sentral-asiatiske landa her dei det ganske bra (I Kasakhstan er kanskje forholda hakket betre).

Statistikk syner at kvinners andel av arbeidsmarknaden er synkande. Rettar som fungerte bra under Sovjettida verkar no mot si hensikt. For eksempel retten til betalt foedselspermisjon. Under Sovjet var det staten som betalte ut desse pengane. No er det dei private selskapa sjoelv som skal gjera det. Det foerar ofte til at desse selskapa ikkje ansetter kvinner.

Fattigdommen og dei store sosiale problema paaverkar kvinnas liv. I loepet av dei siste 3 aar har over 30000 kvinner soekt hjelp for aa av vorte utsatt for vold. Tusenaarmaalsrapporten anslaar at 4000 kvinner aarleg vert ofre for trafficking.

Landet har ein stor utfordring i aa endra dei patrialkalske haldningane som gjev kvinnene ei sekundaer rolle, spesielt paa landsbygda.

Kvinnene i Krigistan er aktive i organisasjonene i det sivile samfunn. Har snakka mykje politisk engasjerte ungdommer her i Bihkek - og det er flere aktive jenter enn gutar.

----------------------

Det kan hoyrast ut som det er faelt aa vera kvinne i Krigisistan. For aa nyansere biletet lyt eg seia at eg ikkje har snakka med desse ofra sjoelve. Kvinnene eg har truffe baade i byen og paa landsbygda har bein i nesa og det verkar som dei har like mykje aa seia som mennene.

Av dei eg har truffe er det mennene som har hatt stoerst problem. Det vert sagt at vodkaen er det verste som russarane etterlot i Kirgisistan. Naar mennene har dei vanskeleg saa drikk dei. Eg har truffe flere av dei. Som regel arbeidslause utan framtidshaap. Dei finn si troest i flaska og er alt "dritings" tidleg paa dagen. Medan mennene drikk, proevar kvinnene aa gjera det beste ut av situasjonen.

12. september 2005

Ridetur til Song-Kul

Paa landsbygda i Kirgisistan er hestar eit meir vanleg framkomstmiddel enn bilen. Som det vert sagt at nordmenn er foedt med ski paa beina, har kirgisarane eit tilsvarande utrykk om at dei vert foedd paa hesteryggen. Trur ikkje det er saa mange stader i verda ein kan sjaa 5-6 aaringar galloppere avgarde.

"If you're given only one day's life, spend half of it in the saddle." - Kyrgyz saying

Saa eg maatte berre proeva meg paa hesteryggen. Etter 3 dagar er eg saar i baken og har vondt i ryggen - men det var verkeleg verdt turen. Fekk heldigvis leigd ein snill hest.



Landskapet me trava gjennom var veldig annleis enn alpefjella tidlegare paa turen. Me rei opp til den store innsjoen Song-Kul som ligg paa over 3000 meter. Eit vidt og aapent landskap med graskledde sletter - perfekt for gallopp! Guiden min hadde mykje aa fortjelje og eg har faatt eit godt innblikk i landsbylivet i Kirgisistan.



Rundt Song-Kul finn ein ei rekke jurter (nomadetelt). Kvar sommar tar folket med seg buskapen opp fra landsbyen og opp hit. Det minnar mykje om godt, gammaldags stoelsliv i Norge. Tykkjer det saag ganske overbeita ut og eg har lese at 88 prosent av alt jordbruksland i landet er degradert og trua av fororkning. Naar eg spurte folk om dette sa dei: "Pytt, graset kjem tilbake til neste aar". Tradisjonelt har Kirgisarane hatt eit veldig naert forhold til naturen (shamanisme og totemisme) - men mykje av denne haldninga har vorte oydelagt av russarane under Sovjettida. Kommunisme i praksis har ikkje vist seg aa vera saerleg vennleg mot naturen. Her er mennesket i sentrum som for kapitalismen.



Dette er jurtaen som me overnatta i foerste natta. Jurtaen er eit flott trekonstruksjon som er dekka av hardpakka saueull paa utsida og fargerike tepper paa innsida. Det er inga baerekonstruksjon midt i teltet saa det er aapent og luftig. Og saa glir dei saa fint inn i landskapet her.

Overraska over kor mange paa landsbygda som savna tida daa Kirgisistan var ein del av Sovjetunionen. Mest alle eg snakka med som var 35+ savna denne perioden. Familiefaren til venstre var ein respektert gymnastikklaerar med stabile framtidsutsikter. Han tjente 500 rublar om maanaden som var gode pengar. Alt kosta det same uansett kor du var. Dei hadde ekstra pengar til aa reisa paa ferie til krimhalvoya og andre stader innanfor det store samveldet. Skule og helsevesen var gratis. Daa Sovjetunionen braut saman, og okonomien og jobbmarkedet kollapsa, maatte denne familien som mange andre finna seg eit nytt levevis. Mange tok opp sine nomadiske tradisjonar (som var bannlyst under Sovjetunionen) og gjekk tilbake til naturalhushaldet.



To fiskarar som eg traff ved innsjoen. Song-Kul er kjend for sitt gode fiske. No held det dessverre paa aa bryte saman paa grunn av overfiske. Staten proevar aa innfoere restriksjonar -men det er ikkje lett aa handheva. Naar kontrollorane er borte set dei baatane sine paa vatnet att. Det er forstaaeleg -dette er den einaste inntekta dei har og fiskarane har ikkje noko anna aa ta seg til. Paa dei meste kunne dei ta opp 30 tonn fisk fraa innsjoen dagleg. No er dei nede i 2 tonn om dagen. Saa eigentleg held fiskarane paa aa grava si eiga grav.



Har faatt servert mykje interessant mat her borte. Trur ikkje landet kjem til aa verta kjend for sitt kulinariske kjokken. Men alt smaker godt i slike omgjevnader. Det mest ekslusive er hestekjott og eg angra paa at eg skrytta og saa det var godt - for daa matte eg smaka paa alt det som verkeleg var godt. Inn kom eit fatt med feite, ekle bitar fraa hestemage, tram og det som verre var. Og det einaste som eg kunne skylla det ned med var sur hestemjolk... Men min mage kjennes enno grei ut.

Kirgisere

Kirgisere er nokon flotte menneske. Utruleg gjestfrie og nysgjerrige. Spraaket er likevel ei hindring. Veldig faa kan engelsk utanfor Bishkek.

Sidan det er saa faa turister her faar ein mykje merksemd som utlending. "Ta bilde av meg" roper dei i alle aldrar - og eg knipsar villeg.