Sider

31. desember 2009

Blokka, elva og løkka

Dei siste bileta frå 2009. Godt nytt år!!!

Blokka vår på Elvesiden.

Elvebredden og Elvesiden frå hi sio tå Akerselva.

Trangt om plassen i dei få opne plassane i elva.

Akerselva.

Voldsløkka.

De Norske Sprit & Gjærfabrikker på nabotomta vår, kor det planlagt 215 nye husvære.

23. desember 2009

Vetlejulafta i Ålvik

Huset kor eg vaks opp i Villabyen, tegna av arkitekt Nicolai Beer i 1915. Smelteverket engasjerte eigne arkitektar som gav Ålvik form, i hovudsak Beer fram til 1950, og vidare Esben Poulsson til 1973. Utanom den tydelege klassedelinga var ideala heilskaplege løysingar der bustader, hagar og vegetasjon spela saman. Arkitektane hadde ansvar for alt frå smelteomnshallar og arbeidarbustadar til transformatorkioskar og val av kyrkjesølv. Ålvik vert framheva som "over nasjonal standard" med vakre løysingar og heilskap.






Kunstnarhuset Messen som ein gong husa hovudadminstrasjonen til smelteverket Bjølvefossen. Bygget frå 1918 syner "korleis eitkvart stolt og storslått urbant og moderne har teke over i den trauste bondebygda" (frå boka Ferrofolket ved Fjorden). Eit ypparleg lokale for ein kaffebar.

HSD-kaia ved fjorden.

Smelteverket Bjølvefossen som ein gong var livsnerva i Ålvik-samfunnet. På 70-talet hadde fabrikken nesten 600 tilsette. Elkem, som har eigd fabrikken sidan 1986, flaggar no ut produksjonen av foredla ferrosilisium til Island. Arbeidsstokken på Bjølvefossen skal reduserast til rundt 50 tilsette. Glanstida til Ålvik som industristad er over.