Sider

31. oktober 2005

Mandag morgon i Mumbai

- Good morning Sir?
- How are you Sir?
- Can I help you Sir?
- Change money Sir?
- Do you want to buy something Sir?
- Taxi Sir?
- Look here Sir!
- Special offer for you Sir!
- Sir?!?

Bra eg kan flykte inn paa ein Barrista kaffebar og roe nervene med ein kaffe latte. Trur India vert bra etter litt gribbe-tilvenning. Og i kveld kjem Tor!

30. oktober 2005

Terroraksjonen i New Delhi

Paa denne turen har eg verkeleg kjensla av aa vera "der det skjer". Laurdag 29. oktober sat eg paa eit skranglete tog fraa Amritsar til New Delhi. Ein time foer ankomst fekk eg ein tekstmelding fraa Norge: "Hovednyhetene i norge naa: 3 terrorbomber i New Delhis turistomraadet loerdag etterm, over 50 drept. 150 doede etter togavsporing i Soer-India!!!" Hyggeleg... Og utruleg korleis moderne media- og kommunikasjonsteknologi krympar verda.

Den eine bomba gjekk av bydelen Paharganj, like ved jernbanestasjonen. Det var her eg hadde tenkt aa bu - ein populaer stad for backpackere med mange billege hotell. Daa eg kom ut av stasjonen var det fullt av politifolk og "Hva foeler du naa?"-journalistar. Eg valde finna eit hotell i omraadet sidan det no verka til aa vera den tryggaste staden i New Delhi. Hotellet mitt laag to kvartal unna den eine bombestaden.

Paa hotellet traff eg eit chilensk-amerikansk ektepar. Dama var nesten maallaus etter kva som hadde skjedd. Dei hadde vore paa hotellet daa dei hoyrte kjempesmellen. Rutene klirra. Dei forstod kva som hadde skjedd og gjekk for aa hjelpa dei mange skadde. Det var ikkje noko hyggeleg syn. Mange var i sjokktilstand og hadde djupe saarskadar. Politi og ambulanse kom rakst til staden. "Merkeleg raskt", sa dei.

Les i "The Times of India" idag at ei gruppe med namnet Inquilab (som visst ogsaa kallar seg Lashkar-e-Toiba) har tatt paa seg ansvaret for bombeaksjonen i New Delhi. Dette er ein pakistansk basert/stoetta terror-nettverk. Nettverket vart foedt i (den USA sponsa) krigen mellom Afganistan og Sovjetunionen paa 80-tallet, og har seinere engasjert seg i Kashmir-konflikten. Ein talsmann for Inquilab uttaller: "Such attacks will contiunue until India pulls out all its troops from Kashmir".

Det offisielle Pakistan var raskt ute med aa fordoemme hendinga. Likevel spekulerast det i om bombeaksjonen kan oydeleggja dei paagaande fredsforhanlingane mellom Pakistan og India. Desse forhandlingane foerte til eit gjennombrot tidlegare i veka; 3 grenseovergangar (mellom pakistansk/indisk okkupert Kashmir) vart opna for aa lettare kunne naa ofra etter jordskjelvkatastrofen.

Det var fleire som omkom i terroraksjonen i New Delhi enn i London. Likevel trur eg hendinga raskt forsvinn fra overskriftene heime. New Delhi er jo saa langt unna... 50.000 menneske er drepne i terroraksjonar i India dei siste 11 aara.

----------------

Den amerikanske mannen eg traff paa hotellet var overraska over at eg hadde vore i Pakistan. "Dit hadde eg aldri reist. Landet er jo fullt av terroristar". Eg tenkte mitt.

I denne samanheng lyt eg seia at paafallande mange pakistanarar eg traff var positivt innstillt til USA. Fleira stoetta den USA leia aksjonen baade i Afghanistan og Irak. Det var nok av andre som var imot amerikansk utanrikspolitikk. Dei likte heller ikkje president Musharraf si "floerting" med amerikanarane. Fekk inntrykk av at for/imot USA i ein hvis grad fylgjer shia/sunni aksen (sidan Taliban og Saddams regime var sunni-dominert).

28. oktober 2005

Backpackers Paradise

Har i alle fall funne ut ein ting. Lahore er ikkje noko for meg. Alle menneska. Braaket. Trafikken. Den tjukke, graa lufta. Eg vert heilt apatisk og faar ikkje gjort noko. Saknar dei reine fjella eg nettopp forlot.

Eg faar bruka hoevet til aa faa ut litt frustrasjon over backpackere. Foer eg reiste var eg positivt innstillt i forhold til denne menneskerasen. Dei gav ein viktig stoette til den lokale okonomien kor dei reiste. No er eg ikkje lengre saa sikker. Som elles i verda er menneskerasen satt saman av good guys and bad guys.

Eg vert flau naar eg hoyrar backpackarane klagar og prutar paa prisar som allereie er latterleg laage. Fleire eg har snakka med har eit dagsbudsjett paa 5 dollar dagen. FN si grense for ekstrem fattigdom er 1 dollar om dagen. Likevel klarar desse backpackarane seg bra. Fordi dei utnytter situasjonen i eit land kor folk er fattige. Og fordi dei som bur her syner ein stor omtanke for dei som seier at dei er i "naud". Har faatt mange eksempel paa at lokalbefolkninga tapar pengar paa desse reisande. "Folk her kallar backpackere for tiggere", viska Abbas til meg ein gong.

Det snodige er at desse backpackarane aldri hadde akspetert saa laag betaling heime i Vesten. Kor dei maa slite og jobbe i eit halvt aar for aa faa raad til nye 5 aar paa farten i den underpriviligerte verda. Saa dei kan samle skrytehistoriar over korleis dei klarte seg ein maanad i nordlege pakistan for 100 dollar. "Oh, Pakistan was so cheap!" Ettert saa mange aar paa reise, - er eg overraska over kor snevert syn paa verda det gaar an aa faa.

Det er mykje meir gale aa seia om backpackere, - det overlet eg til andre.

Til slutt ein liten historie om Bohlool - ein av Abbas sine favortittar blant gamle muslimske "visdomsmenn":

Bohlool's Gift to the Khalifa

One day Haroun Rashid gave Bohlool some money and told him to distribute it amongst the poor and needy.

Bohlool took the money, but a moment later gave it back to the Khalifa, who asked the reason why he did this.

Bohlool said, "I thought a lot, but found no one more dependent and poor than the Khalifa. This is the reason why I returned the money. I see that your guards and officers stand in the shops and whip people, collect tax and revenue, and then pour them all into your treasures. So I thought that you are the most needy person, and gave the money back to you."

--------------------------------------------------------

The good guys er heldigvis i flertall, ogsaa blant backpackere.

26. oktober 2005

Vesten og resten

"Whatever the cause, in September 2001 it was better to be a Westerner in a Muslim country than a Muslim in a Western country"
- John Simpson, News from No Man's Land

Har kome meg til Lahore. Stor overgang aa reisa fraa fjellheimen til ein forurensa storby med over 5 millionar innbyggjarar. Samstundes har eg faat hoeyra at dette berre er blaabaer i forhold til storbyane i India. Godt med varme kveldar kor eit kan sitja ute paa fortauskafear i berre skjorta.

Fann sistatet over i ei bok eg har kjoept ("Jihad, Hindutva and the Taliban. South Asia at the Crossroads" av Iftikhar H. Malik). Har faatt det bekrefta av mange pakistanarar som eg har moett.

Eigaren av ein restaurant eg var paa i Skardu hadde budd i USA i 15 aar. Etter 9/11 var det ikkje mogleg for han aa bu der lengre, - kun fordi han var pakistanar.

Snakka akkuratt med ein student som var ganske irritert paa korleis vestlege media presenterer pakistan og pakistanere. "Folk trur jo at alle i Pakistan er terroristar. Eg chatta nyleg med ein australiar paa nettet. Daa eg skreiv at eg var fraa Pakistan fekk eg berre hoyra at eg var ein terrorist...".

Samstudes legg dei ikkje skjul paa at Pakistan har sine utfordringar. "Det er omraade i Pakistan kor eg ikkje vil reisa, som i grenseomraada mot Afghanistan". Eg fekk jo sjoelv oppleva at Gilgit ikkje var ein hyggeleg stad aa vera for tida. Men det vert saa gale naar folk i vesten trur at heile Pakistan er slik.

Turistindustrien i Pakistan, om du kan kalla det ein industri, fekk seg ein skikkeleg knekk etter 9/11, - og enno slit landet med eit frynsete rykte i vestlege media. Storpolitikk er veldig annleis en livet paa gata og i landsbyen. Einaste maaten aa faa eit meir nyansert bilete av Pakistan er aa reisa hit sjoelve og sjaa korleis det verkeleg er her.

Bra at Noman Mubashir er igang med aa lage reiseprogram fra Pakistan for NRK - me treng litt andre nyhede fraa dette vakre landet!

22. oktober 2005

It's a mens world

Opphaldet her i Baltistan vart litt lengre enn planlagt. Okokyllingen me fekk i gaar var ikkje akkuratt gryteklar. Tilberedinga tok aa saa lang tid at me ikkje rakk billettkontoret foer det stengde. Det var ikkje nok aa ha ein billett, en treng ogsaa aa bekrefte plassen dagen foer avreise. I morgon var flyet innstillt paa grunn av for faa passasjerar - men eg har vorte lova ein plass paa den eine avgangen paa mandag.... saa eg kryssar fingrane.

Baltistan er jo ikkje den verste staden aa slaa i hel nokre dagar. I dag var me paa tur til innsjoen Satpara soer for Skardu. Ein idyllisk innsjoe som er i ferd med aa verta rasert av eit stort damprosjekt, - men eg reknar med at elektrisiteten er saart tiltrengt.

Fekk snakka litt meir med sjaafoeren vaar, som eigentleg er ein kamerat av Abbas. Han er 20 aar og har allereie vore gift i 2 aar. Han gifta seg med sitt eige soskenbarn daa ho berre var 12 aar gamal. Det var imot hans vilje. Han trygla og ba om aa faa sleppe, men foreldra gav seg ikkje. Det var visst ein del av ein "byttehandel" mellom to familiar - og ved aa slaa to bryllaup i saman kunne dei spara mykje pengar. Bryllaup er ein svaert kostbar affaere, og familiene var ikkje saerleg rike. No betalar han utdanninga til kona, som han kanskje treff ein gong i maanaden. Noko tettare samliv faar venta til ho er meir moden og ferdig med utdanninga. Heldigvis var det ei flott jente han hadde gifta seg med...

Har ogsaa faatt snakka med nokre lokale gutar om kvinnene sin situasjon her i Skardu. Den fyrste utsegna eg fekk var jo ganske haarreisande. No fekk eg tid til aa snakka meir inngaande om temaet - og eg fekk utfordra dei litt. Dei innsaag at situasjonen for kvinnene ikkje var saerleg bra og at dei vart sett paa som menns eigedom. Samstundes verka det umogleg aa gjera noko med situasjonen for "det hadde alltid vore slik". Den eine eg snakka med viska etterpaa til Abbas: "Han der burde ta seg ein prat med dei religioese leiarane vaare." Det er tydligvis dei som har det siste ordet.

Medan det i Norge har gaatt saa langt at det kan vaere stigmatiserande aa vera kristen, er det i Pakistan stigmatiserande aa vera "sekularisert" - aa stille spoersmaal om de tradisjonelle og islamske lovene. Det er godt aa oppleva at det likevel er mange som toer aa stille desse viktige spoersmaala. Ei endring maa kome fra pakistanarane sjoelve.

21. oktober 2005

2-dagers ekteskap i Baltistan

Forrige tysdag (18. oktober) var eg klar for aa forlate Karimabad. Finveret var tilbake - bra for redningsarbeidet sidan naudhjelpa berre kan fraktast inn med helikopter mange stader. Vegen til Chitral var blokkert pga uroa i Gilgit saa eg valgte aa reisa til Baltistan med Abbas i staden.


Paa veg ut fraa Karimabad var det eit flott utsyn mot snoekledde Rakaposhi. For aa kome oss inn paa vegen til Baltistan maatte me sa vidt innom politispaerringane i Giglit. Same dagen vart portforbodet oppheva i 3 timar. Fleire tusen brukte hoevet til aa flykte fraa byen.

Like etter Gilgit svingte me av fraa Karakoram Highway for denne gong. Me hadde kome til Indus som me fulgte austover gjennom ein trang dal med himmelhoege fjell. Vegen var nok ein ingenioerbragd der den bukta seg rundt dei bratte fjellsidene - som regel utan autovern. Under byggjinga av Karakoram Highway gjekk det med eit menneskeliv for kvar 1.5 km - statistikken for vegen til Baltistan er visst enno verre.

Etter ein lang dag kom me endeleg fram til Skardu, "hovudstaden" i Baltistan. Skardu er utgangspunkt for mange klatreekspedisjonar i Pakistan, blant anna til K2. No er sesongen over, og eg har berre sett to andre turistar i byen. Skardu er shia-dominert og meir konservative enn shiaene i Nagyr/Hunza-omraadet. Du kan ikkje sjaa ei einaste kvinne i heile byen. Daa eg spurde ein kar kvifor det var slik, fekk eg til svar: "Kvinnene har eit daarleg sinn og me kan ikkje sleppa dei fri. Dei faar kun lov til aa gaa ut av huset om dei verkeleg treng det. Om kona mi gaar ut utan mitt samtykke vil eg straffe (slaa) ho." Om Kvinnefronten skulle starte filial i Skardu ville dei ha nok aa ta tak i...

Ellers har skardu rykte paa seg for aa vera ein stad kor ein lett "kan faa seg eit nummer". Islam forbyr sex utanfor ekteskapet. For aa kome seg unna dette forbudet kan du her inngaa korttidsekteskap, - fraa 2 dagar og oppover. Du treng berre betale 500 rupees (50 kr) for at ein religioes leiar skal godkjenne ekteskapet. Kva kvinna faar veit eg ingen ting om.

Eg valgte aa bli nokre dagar i Baltistan for aa sjaa meg litt om. Paa onsdag tok eg og Abbas bussen vidare austover langs Indus. Vegen var overraskande bra med skinnande ny asfalt nesten heile vegen. Fleire av vegane fortsetter inn i det omstridte Kashmir-omraadet, saa dei gode vegane er kanskje ein maate for Pakistan aa sikra seg innflyting i regionen? Fjellet er svaert poroest og det gaar skred heile tida - bildet over syner ein stad kor vegen akkuratt er rydda.

Me passerte nokre enorme saue- og geiteflokkar paa vegen. Alle dyra er mat for militaerfolka som er stasjonert her (pga Baltistan sin strategiske plassering i forhold til Kashmir/India) - og bussjaafoeren kunne opplyse at alle dyra sikrar dei to kjoettmaaltid i veka.

Paa vegen passerte me mange flotte hengebruer over elva.


Maalet for reisa var landsbyen Khapulu. Ein idyllisk stad mellom dei karrige fjella. Er imponert over kor mykje klorofyll folka her klarer aa produsere fraa dei smaa breelvane.

Etter aprikoser og tomater var det no tid for toerking av kveite paa hustaka.

Geitene i Pakistan er veldig soete.

Khapulu var det stoerste og rikaste av Baltistan sine tidlegare kongedoemmer. Her der det gamle slottet - for tida under restaurering.

Paa hotellet eg bur paa saag eg eit oppslag om Pakistan sin foerste oekolandsby. Landsbyen Nangsog var ein halvtimes gangavstand fraa Skardu langs Indus. Denne staden maatte eg jo sjekke ut. Landsbyen hadde ingen vegforbindelse og gangvegen rundt fjellet var ei stor oppleving.

Nangsog ligg idyllinsk til ved bredden av Indus. Fraa masete og braakete Skardu var det som aa kome til eit lite paradis kor ungane og dyra sprang fritt omkring. Gleda var stor daa eg oppdaga at prosjektet var stoetta av NORAD (som mange andre gode prosjekt her i Nord-Pakistan - naar eg seier at eg kjem fra Norway faar eg som regel hoeyra "aah - good country!").

Ein annan maate aa kome seg til Nangsog paa er via denne farkosten - som paa biletet ligg opp ned. Baaten er laga av oppblaaste sauer - og vert brukt for handel med landsbyen paa andre sida av elva.

Dette er Ghulam Hassan, den lokale koordinatoren for oekolandsby-prosjektet. Eit flott person som hadde mykje aa fortelje. Kyllingen me fekk servert til lunch maa seiast aa vera svaert fersk. Ellers lyt eg seia at desse oekokyllingane lever eit saa fritt og aktivt liv at det knapt er noko kjoett paa dei...

Det bur berre 11 familiar i Nangsog - tilsaman 90 menneske. Landsbyen har eigentleg alltid vaert oekologisk (som sikkert mange andre landsbyar i Pakistan er paa grunn tradisjonelle driftsformer). Men folka i Nangsog har no faatt eit medvitet forhold til oekologi, og med enkle midlar ynskjer dei aa utvikla landsbyen vidare.


Lunch i det groene. Landsbyen er i ferd med aa verta tura av naturens eigen oekologi. Indus gjekk foer paa andre sida i dalen, men har no endra loep. Elva har alt erodert bort eit stort omraade av landsbyen - og dei treng hjelp til aa hindre vidare utgraving.

17. oktober 2005

Landsbyen Hopper

Hurra! Eg har faatt att sekken min!!! Abbas er ein kjernekar. Han hadde nokre kontaktar i politiet som klarte aa faa baade iren og sekken min ut av byen. No er begge trygt komen til Karimabad. Om alt gaar etter planen er eg paa veg til Skardu i Baltistan i morgon i ein leigd jeep. Fraa der kan eg fly til Islamabad, og unngaa omraada som er hardest raaka av jordskjelvet.

Lite nytt fraa Gilgit. Det er framleis portforbud i to dagar til. Valden har tilsynelatande stoppa.

Eg har vore paa tur til landsbyen Hopper sidan i gaar. Det er ein times keoyretur fraa Karimabad og heimstaden til Abbas.



Abbas og sjaafoeren vaar. Det kalde vaeret har gjort at tre byrjar aa ta paa seg haustdrakta.


Skadar paa ein skule i landsbyen Nagyr etter jordskjelvet. Her fekk eg heoyra om det foerste doedsofferet i dette omraadet. Abbas og sjaafoeren stoppa braatt bilen og gav pengar til ein mann. Daa eg spurde kvifor svarte dei at mannen hadde mista broren og alt han eigde daa huset hans kollapsa. Han hadde ingen annen familie enn broren.


Landsbyen Hopper ligger paa kanten av ein morenerygg - over ein stor isbre.


Abbas fortalde meg at foer laag landsbyen nede i dalen. Folka som budde i landsbyen paa den tida var ikkje gode. Dei tok ikkje vare paa dei fattige. Dei misbrukte smaa barn. Ein dag kom det ein hund inn i landsbyen. Den var svolten og gjekk fraa hus til hus. Alle sparka og slo den. Til slutt kom hunden til ein hus kor det budde ei kvinne med sin fetter. Dei var fattige. Kvinna saag at hunden var svolten. Ho hadde berre eit broed. Ho delte broedet i to og gav den eine halvdelen til hunden. Den vart glad og aat. Etter maaltidet vart hunden omgjort til eit menneske som sa at kvinna og fetteren maatte flykte fraa landsbyen med ein gong. Dei saa gjorde. Rett etter kom isbreen i ein rasande fart og raserte landsbyen. Alle innbyggjarane omkom. Kvinna var fortvila fordi ho hadde mista alle tinga sine. Ho ba til Gud (Allah). Braatt var tinga henner skrudd opp av isen. Segnet fortel at innbyggjarane i den nye Hopper landsbyen er etterkommarar av kvinna og fetteren. Dei har no laert av sine feil og er kjende for aa vera dei beste menneska i distriktet.

Historien vert fortald til skrekk og advarsel til dei som skulle finna paa aa gjera noko gale.


Abbas er eit av dei beste menneska eg har moett. Faren er ein kjend arkitekt og har tegna fleire av moskeane i omraadet. For 5 aar sidan hadde dei eit flott hus i Hopper. Saa skjedde det noko. Abbas hadde vore i eit bryllaup med broren og faren. Den eldre broren hadde drukke og ville ikkje koeyra heim etterpaa. Faren kunne ikkje keoyra bil. Det vart til at Abbas maate koyre bilen mot sin vilje. Han var svaert troeytt. Han koyrde utfor vegen og kolliderte med ein stor stein. Broren doeydde. Abbas og faren vart hard skada og var paa sjukehus i fleire maanader. Operasjonane var saa dyre at dei maatte selja huset sitt. Faren vart skadd for livet og maatte slutta arbeidet sitt. Abbas maatte slutta paa skulen han gjekk paa i Lahore fordi foreldra ikkje kunne betale for han lengre. Han var ein flink student og det var toeft for han.

Abbas mista to aar av livet sitt. Det rare var at etter ulykka saa paastaar han at hovudet han jobbar dobbelt saa fort. Det han foer brukte ei veke paa aa laere tek han no berre 2-3 dagar. Det kan eg godt tru for han er utruleg kunnskapsrik. Du skal leita lenge etter ein saa gloegg 21 aaring. Han jobbar no som guide halve aaret for aa kunne faa pengar til hoegskuleutdanning i Gilgit. I Gilgit har han faatt opplevd spenningane mellom religioese grupperingar paa kroppen. To av hans klassekameratar vart brende levande berre fordi dei var shiaer.

Abbas har byrja aa mista si religioese tru, samstundes som det er ein viktig del av indentiteten hans. Etter trafikkulykka las han boeker av islamske laerde som har laert han mykje om kva det vil seia aa vera eit godt menneske. Det er flotte verdiar. Samstundes har han ei mor som eg gjerne skulle ha moett. Ho maa vera ei vis kvinne. Kvart aar lagar mora ei liste til soennen med raad som han maa fylgje. Her er noikre av dei:

- Du skal aldri slost med eit anna menneske. Om nokon angrip deg skal du si unnskyld og vente i 3 minuttar foer du gjer noko.

- Du skal aldri skade et dyr. (Medan eg gjekk tur med Abbas kom det nokre smaagutar med sprettert og ein daud fugl. Abbas vart sint. -Denne flotte fuglen sang i dag tidleg. Kva har dykk gjort? Han knakk spretterten og gav gutane pengar tilsvarande dei hadde brukt paa aa lage den. -Gaa aa kjoep deg noko dykk treng meire).

- Respekter dine vener - vaer villig til aa ofre deg selv for din venn.

- Oedelegg aldri tiltrua andre mennesker har til deg.

- Om du moeter eit menneske med vanskar skal du hjelpe han/henne uansett kostnader.

- Respekter og ta vare paa dei eldre.

- Du skal aldri misbruke ein annan person for eigen vinning.

- Du skal ikkje engasjere deg i politikk (kan vera meir fornuftig i Pakistan enn heime...).

- I studietida kan du ikkje forlate leiligheten etter klokka 10 (eit typisk mamma-raad maa det jo vera...)

Oppe i fjellsida kan dere sjaa ei sone som er groenare enn over. Det er eit resultat av ein ny kanal som vart bygd for eit par aar sidan. Innbyggjarane i Hoper har det ganske bra sjoelv om dei knapt har faatt hjelp utanifraa. Landsbyleiarane seier at saa lenge folk er fysike sterke saa klarar dei seg bra. Daa treng dei ikkje be om hjelp. (Hoper har faatt hjelp til aa byggja skule og sjukehus. I tillegg er dei veldig takknemmeleg til nordmennene som bygde kraftstasjonen og som gav landsbyen straum).

Landsbyleiarane vert valgte av innbyggjarane. Berre menn over 65 aar kan verta valgte. Dette proevar Abbas med fleire andre aa endra paa. Dei vil fjerne aldersgrensa og paaleggja kandidatane hoegare utdanning.

Etter ein ide fraa ein film har Abbas tatt initiativet til eit landsby-kabinett. Kabinettet har saa langt 7 medlemmer og eit par jenter som jobbar "underground". Alle har hoegare utdanning. Dei er spredd rundt om i Pakistan og koordinerar arbeidet via Internett. Maalet med kabinettet er aa bedra forholda for jentene i landsbyen. Jentene er redde for aa forlate Hoper for aa faa utdanning. Kabinettet vil leggja forholda til rette slik at terskelen skal verta laagare. Det er problematisk og ha jenter som jobbar aktivt i kabinettet fordi dei religioese leiarane kan tru at dei ynskjer aa "endra kulturen", men Abbas haapar at tida er moden for dette neste aar.

Abbas fortel og Bjoern skriv og skriv...





Skuleborn i uniform. Steinveggane bakgrunnen er skredvern som liknar paa det dykk finn i Soerfjorden i Hardanger.


Desse jentene plukkar valnoetter fraa Bakken. I Karimabad kan dykk fa kjoept ei fantastisk god valnoettkake.

16. oktober 2005

Ei ku drepen

13:00
Det verkar som om det byrjar aa roa seg i Gilgit. Rapportar eg har faatt fortel at skuddvekslinga avslutta rundt kl 14 i gaar, og etter det har det "berre" vore sporadiske trefningar. I tillegg til dei to drepne som hadde trossa portforbudet i gaar, er det ogsaa meldt om ei ku som var skutt - det var vel ingen som tenkte paa aa informere kyra om portforbudet...

Rykta fortel ogsaa at innreise- og utreiseforbudet vil vare i 7 dagar. Det tyder at eg maa venta 4 dagar til foer eg kan ha gjensyn med den kjaere ryggsekken min.

Fekk ogsaa ein anna forklaring paa kvifor det ikkje vart noko protestaksjon i Aliabad i gaar. Det var fordi dei fekk veta at dei fem fengsla shia-leiarane ikkje var i fare. Etter at studentane vart skotne kunne tydlegvis ikkje shia-leiarane seia anna enn at folk maatte ut aa forsvare/hevne seg. Dei var "fengsla" for aa tvinga dei til forhandlingsbordet slik at ein kunne proeva aa finna ei meir fredeleg loeysing paa konflikten.

Mange haapar no at dei som er rangers-militaer verdt forvist fraa Gilgit. Kanskje hadde det vore vaerre om det var sunniar (wohabis) som skaut mot shia-studentane (nokon seiar at dei ogsaa var invollvert) - det kunne ha foert til eit enno stoerre blodbad.

Eg er paa svaert tynn grunn naar det gjeld aa uttale meg om dette. Eg proevar aa setje meg inn i konflikten, men jo meir eg proevar aa forstaa desto meir komplisert vert det. Skal proevaa aa leggja ut ein "for dummies" versjon ein av dei neste dagane. Dette er eit godt hoeve til aa setja seg inn i Pakistan sine utfordringar.

Pakistanske Daily Times skriv dette i dag:
http://www.dailytimes.com.pk/default.asp?page=2005%5C10%5C16%5Cstory_16-10-2005_pg7_5

15. oktober 2005

Kva skjer i Gilgit?!?

Kl. 11:00
Ein pakistanar kom fraa Gilgit til Karimabad i gaar kveld, fredag. Han hadde sett fleire daude kroppar rundt i byen og meinte at mellom 20-30 personar kunne vera drept denne dagen. Mange av dei saakalla "rangers". Nettavisene er enno tause.

Kl. 12:00
Ser ut av vindauget paa internettcafeen. Langs vegen paa andre sida av elva ser eg fleire hundre menneske i eit opptog. Rykta fortel at dei er paa veg til Aliabad kor det skal vera ei stor protestmarkering. Dei protesterer mot at 5 sjia-ledere vart arrestert i Gilgit i gaar.

Kl. 13:00
Det er ein kamerat av Abbas som ogsaa bur paa same stad som oss i Karimabad. Han kjem ogsaa fraa Gilgit. Han har nettopp faatt veta at onkelen og tanta hans i Gilgit vart drept i gaar. Abbas reiste til Aliabad for aa sjaa kva som gaar foere seg. For meg ser det ut som at protestmarsjen vart stoppa for no vandrar folket tilbake der dei kom fra. Eg tek meg ein pause fraa nettet...

Kl. 21:00
Abbas er tilbake i Karimabad. Han har vore paa ein lang koyretur og hadde litt nytt aa fortelja. Fyrst om protestmarkeringa i Aliabad. Denne vart avlyst av dei religioese leiarane. Dei ville ikkje ha skapa "troebbel" i Nagyr/Hunza-omraadet (her eg er no) - sidan dette er kjent for aa vera eit fredelig omraade i Pakistan. Markeringa vart flytta til Sikanderabad, men eg veit ikkje korleis det gjekk der.

Han reiste ogsaa tilbake til Gilgit med bil. Veit ikkje heilt kvifor han tenkte paa det. Han kom seg ikkje inn i byen for den er fortsatt avstengt (ryktene seier er det vil vera innreise- og utreiseforbud i minst to dagar til). Han fekk hoere at to personar vart drepne (shiaer) daa dei trossa portforbudet i byen.

Abbas var ogsaa heime i landsbyen Hoper kor han kjem fraa (shia-dominert). Ogsaa her oppfordra dei religioese leiarane innbyggjarane om aa forhalda seg roleg. Fleire ville reisa til Gilgit, men dei hadde nedlagt forbud. Det var ogsaa forbud mot aa bera vaapen utendoers samt aa oeydeleggje offentlige bygningar. Media er framleis tause om det som skjer i Gilgit. Fleire sier at det er for aa unngaa at konflikten faar et stoerre omfang -og det forsvarar kanskje tausheten? I Gilgit faar no ingen lov til aa forlata husa sine, og det kan ikkje vera lett aa orientera seg om det som skjer.

14. oktober 2005

Kampane i Gilgit

Fyrst om jordskjelvet som mange har spurd meg om: Omraadet eg har vore i saa langt (Karakoram Highway nord for Gilgit) er det veldig smaa skadar, og livet her gaar sin gang. Trur dykk veit mykje meir om omfaget av jordskjelvet enn meg, for det er ikkje saa lett aa faa tak i oppdatert informasjon her. Har surfa litt rundt paa nettet i dag, og det ser jo ikkje saa bra ut. Det som er kritisk no er vaeret. Det er svaert kaldt for aarstida og dei siste to dagane har snoen kome langt ned over fjellsidene. Det maa ha vorte 15 grader kaldare sidan eg var i Karimabad for ei veke sidan. Det er toeft for folka som har mista husa sine, - hjelpen har jo berre kome fram til rundt 20 prosent av dei beroerte omraada.

Men jordskjelv er ikkje det einaste Pakistan har aa stri med for tida. I gaar hadde eg ei reise "from Paradise to Hell".

Eg tok bussen fraa den lille landsbyen Minapin (kor eg hadde avslutta ein flott fjelltur -bilete kjem snart!) til Gilgit, eit par timars reise lengre soer langs Karakoram Highway. Eg hadde fylgje med ein fyr fraa Irland. Eg visste at det hadde vore ein del skuddvekslingar mellom ulike religioese grupperingar i byen, men vart fortald at det ikkje turistar ikkje var eit maal. Uansett hadde eg berre tenkt aa vera ei natt i byen for aa skaffa meg ein bussbillett til Chitral lengre vest i Pakistan.

Daa me kom inn mot sentrum av byen etter eit par politispaerringar - hoppa Abbas paa bussen, guiden min fraa siste fjellturen. Han visste at eg var paa veg til Gilgit og kom for aa advare meg. Han sa det var kampar i sentrum kor hotellet mitt, Medina Guesthouse, laag. Han drog meg av bussen. Det synte seg seinare at sentrum var sperra av, og at bussen snudde like etter.

Me gjekk inn paa eit anna hotell i naerleiken, North Inn. Rundt hotellet var det fullt av militaerfolk paa hustaka, terassene og i gata. Det var satt opp veggar med sandsekker kor ein berre saag at gevaermunninga stakk ut. Slik har det sett ut i Gilgit den siste tida. Eg vart invitert over i nabobygningen kor Abbas budde og kor begge kunne eta frukost utan at han trong aa avsloera at han ikkje fulgte ramadan...

Utanfor hoeyrde me at noko var i emning. Butikkane var i ferd med aa stengja og det samla seg folk i gata. Me gjekk tilbake til hotellet kor eg traff igjen iren. Han hadde proevd aa forlenga visumet sitt for Pakistan, men det offentlege kontoret hadde ogsaa stengt.

Me satt i restauranten daa me hoyrde skuddvekslingar. Dei var eit stykke unna fraa hotellet. Me vart kommandert bort fraa vindauga og sat oss innerst i lokalet. Folk var i ferd med aa samla seg utanfor. Dei ville setja igang ein spontan protestmarsj og gaa inn i sentrum av byen. Militaeret ville stoppa dei fordi hvis ein person i opptoget skulle verta skada ville det foera til enno meir aggresjon. For aa faa veta kva som skjedde maatte eg basera meg paa informasjon som Abbas kunne gje meg. Det var godt aa han han der.

Etter kvart vart det fleire skuddvekslingar og eg og iren (som var dei einaste turistane paa dette hotellet) vart tatt med gjennom ein bakhage og inn paa eit hotellrom kor me kunne opphalda oss. Naar me gjekk gjennom bakhagen hoeyrde me fleire hylande kvinner paa andre sidan av gjerdet. Eg saag dei ikkje men Abbas og hotellverten hoppa over gjerdet. Fekk seinare veta at fleire av kvinnene hadde skytevaapen, som tilsa at dei var bra desperate. Dei var paa veg ned mot hovedgata. Dei vart foersoekt stoppa av hotellverten. Veit ikkje korleis det gjekk.

Etter kort tid ville Abbas at me skulle forlate byen. Eg kjende meg trygg nok der eg sat, men valgte likevel aa verta med. Iren valgte aa bli att. Den store sekken min vart liggjande att i restauranten. Me sprang gjennom bakgatene for aa unngaa opptoyene i hovedgata. Hoyrde mange skuddvekslingar, men dei var eit stykke unna. Det passerte fleire militaerkoyretoy som var paa veg inn mot byen.

Eg vart bra anpusten foer me fann ein sjaafoer som ville koyra oss ut av byen. Sjoelv om eg aldri kjende meg i fare, var eg glad for aa vera paa veg ut av omraadet.

Me kryssa elva over til nabolandsbyen Danyor og proevde aa finna eit hotell kor me kunne slappa av, men alle hotella var enten stengt pga ramadan eller dei var opptatt av kinesiske vegarbeidere. Etter at me hadde vandra litt rundt i byen byrja ogsaa folk her aa samla seg i hovedgata. Dei ville ogsaa protestera mot det som skjedde inne i sentrum av Gilgit. Fleire sat seg ned og sperra trafikken langs Karakoram Highway.

Abbas sa at me fekk koma oss vidare. Bilane snudde kjapt foer folkesperringa. Fekk veta at sjaafoerane var redde for at folk ville setja fyr paa bilane om dei vart desperate nok.

Me traff igjen sjaafoeren vaar og han koeyrde oss til den fredelege landsbyen Chalt ein times tid nordover igjen langs Karakoram Highway. Her er det stort sett berre shiaer som bur og det er ingen religioese spenningar.

Vart fortald at dette var dei stoerste skuddvekslingane paa lang tid, og at det kom til aa vera paa nyheitene verda over. Det gjekt rykter om at mellom 10 og 15 mennesker var skutt og mange var skada - og at dette ville foera til enno stoerre valdshandlingar. Saa eg tenkte det var lurt aa informere dei heime om at eg hadde det bra. Men det var ikkje ein telefon for internasjonale samtalar aa oppdrive i landsbyen. To kameratar av Abbas (har inntrykk av at han kjenner halvparten av folka i denne dalen) koeyrde oss paa humpete vegar til nabolandsbyen Sikanderabad kor det visst skulle vera ein slik telefon. Men landsbyen hadde ikkje hatt straum paa to veker saa telefonen var ute av drift. Saa me koyrde tilbake og slo oss til ro paa eit gjestehus i Chalt.

Me vakna dagen etter av hoegtalarane til moskeen like ved. Dei var brukt av dei religioese leiarane for aa kalle inn alle mennene i landsbyen til eit moete for aa diskutere situasjonen i Gilgit. Det var mykje folk i gatene - og fleire snakka om aa reisa til Gilgit for aa delta i kampane. Abbas haapte og trudde at dei religioese leiarane ville stoppa dei.

Fekk veta at det framleis var skuddvekslingar i Gilgit og at det baade var innreise- og utreiseforbud. Saa det var ikkje noko poeng aa proeva aa faa tak i sekken min. Me valgte aa reisa til Karimabad som er ein fredeleg stad med mange turistar og god telekommunikasjon med omverda.

Stoppa paa vegen i den lille landsbyen Jaffarabad. Der jobba det ein hyggeleg brite som dreiv ulike bistandsprosjekter i regionen. Samstundes hadde han ansvaret for aa rapportere om tryggleikssituasjonen i nordomraada av Pakistan til FN. Det var ein bra mann aa prate med som hadde store kunnskapar om det som skjedde. Han saag alvorleg paa situasjonen i Gilgit. Blant dei som var drepte dagen foer var 6 studentar og 2 "rangers" (militaere - skal proeva aa forklare seinare). 2 av dei drepte studentane var kvinner - og dette ville skapa ein enno stoerre aggresjon. Fekk sendt eit par e-post fraa PC'en hans - og eg fekk nokon gode tips for korleis det var best aa reisa ut av regionen.

Aa koma til Karimabad var neste som aa koma heim. Traff mange kjente, baade turistar og fastbuande. Abbas fekk utpaa ettermiddagen kontakt med iren paa North Inn. Han saa at han ikkje likte situasjonen - og at han visste lite om kva som skjedde utanfor. Det er ogsaa ein del backpackere paa Medina Guesthouse i sentrum av byen. Det hadde vore portforbud sidan me reiste - truleg kom eg og Abbas oss ut fraa Gilgit rett foer byen vart avstengt. Eg er veldig takknemleg for at han fekk meg bort fraa Gilgit.

Naar eg soekte paa nettet her i Karimabad var det ikkje mykje aa lesa om kampane i Gilgit. Ein sa til meg at antallet drepte vert underrapportert for aa unngaa enno stoerre spenningar og mobilisering av fleire menneske. Kanskje kampene er over etter ein dag eller to - som har vore tilfelle tidlegare. Mange her trur ikkje det.

Her er noko av det eg fann av artiklar fraa denne dagen:
http://www.dawn.com/2005/10/15/top12.htm
http://paktribune.com/news/index.php?id=122353

11. oktober 2005

Rakaposhi Base Camp

Livet kom fort tilbake til normalen etter jordskjelvet. Ein fortalte meg at dei hoege fjella er med paa aa stabilisere grunnen, og at skjelvet ikkje fekk gjort saa store skadar her. Eg er ingen ekspert paa jordskjelv, saa eg veit ikkje kva som er sant eller ikkje.

Saa etter eit par dagar la eg ut paa ein ny fjelltur til Rakaposhi Base Camp. Hadde engasjeret ein guide som eg moette i Passu. Han heiter Abbas og er blant dei flottaste menneske eg har moett - eit stort hjarte og eit skarpt sinn. Skal fortelja meir om han seinare.


Foer og etter fjellturen overnatta me paa Diran Guesthouse i landsbyen Minapin. Eit flott gjesthus omringja av ein stor hage med mange epletre - kor det berre var aa forsyna seg. Eigaren var i slekt med den tidlegare kongen (mir) av Nagyr - og hadde eit fint portrett av prinsesse Diana paa veggen.


Aprikossesongen er over. No er det soltoerking av tomater paa hustaka.


Paa veg oppover lia. Me tok 1200 hoegdemeter paa ein dag. I bakgrunnen er Minapin Glacier.

Pakistan har dei lengste isbreane utanfor polomraada.

Det lille teltet i nede paa bildet er Rakaposhi Base Camp kor me overnatta, 3261 moh.

Kveldssol over breen. Toppen i bakgrunnen er Ultar, 7388 m. Om du kan samle paa 2000 meters toppar i Norge kan du i Pakistan samle paa 7000 meters toppar - det er nok aa ta av. Eg som vanlegvis likar aa kome opp paa toppane maa seia at eg her er noegd med aa berre sjaa paa dei.

Guiden min, Abbas, og verten paa Hilton Hotell, som basecampen vert kalla. Hadde hoert rykter om musa som kom krypande inn i soveposen om natta. Eg laga saa liten pusteaapning som mogleg aa klarte aa halde dei ute. Hotellverten foelger Ramadan og stod opp mitt paa natta for aa ete. Under Ramadan kan ein ikkje eta eller drikke mellom kl 4 om morgonen og kl. 6 om ettermiddagen. Det er ogsaa forbud mot aa roeyke, ha sex, bruke parfyme, se filmer og andre fristelser. Under Ramadan skal en ogsaa ha ekstra omtanke for sine medmennesker.

Krabba opp paa ein liten topp dagen etter for aa faa med meg morgensola. Nede i dalen ser du landsbyen som me starta aa gaa fraa.

Ein av dei stoerste og flottaste toppane i omraadet, Rakaposhi 7788m. Fortsatt over 4000 meter opp fraa der eg stod...

Til hoegre stikk toppen Diran opp fraa skyene, 7266 m. Snakka med ein austerrikar nede i Minapin som hadde deltatt i ein klatrekspedisjon i 1968. Fraa der eg var hadde han brukt 4 dagar til toppen. No var han tilbake med kona paa mimretur.


Abbas ute paa isen. Me hadde planar om aa kryssa breen til Diran Base Camp paa andre sida. Guidane veit om ei rute som er trygg aa gaa, men etter jordskjelvet var det kome mange nye sprekkar. Og sidan eg ikkje hadde lyst til aa avslutta livet innefrossa i ein Pakistansk isbre saa droppa me forsoeket. Isbreen hadde visst flytta seg 20 meter ned dalen under jordskjelvet.

8. oktober 2005

Snoeskred

Det var eit par fraa sveits som inviterte meg med paa fjelltur idag - opp til isbreen Ultar, kor det gjekk eit stort snoeskred etter jordskjelvet. Eg takka nei i gaar kveld fordi eg ville ta livet med ro i dag. Naar eg hoeyrde om skredet vart eg uroa for korleis dei hadde klart seg. Har sett etter dei i Karimabad i dag.

Traff dei nettopp - heldigvis i god behold. Dei hadde vore hoegt oppe i fjellet naar skredet kom mot dei. Dei hadde klemt seg inn mot ei fjellside og beskytta seg bak ei presenning for ikkje aa verte truffe av grus og smaastein. Det gjekk heldigvis bra.

Jordskjelvet i Pakistan

Det gynga godt til frukosten her i Kariamabad i dag, rundt klokka halv ti. Me gjekk ut av huset og saag at det gjekk mange smaa ras ned fraa moreneryggane. Ned fraa dei hoege fjella kom nokre store snoeras, men dei var eit stykke unna.

Da me kom inn at byrja det aa blaase saa kraftig at huset rista. Det gjekk over etter eit par minutt. Fekk seinare veta at det var vinden etter eit snoeras fraa toppen Ultar (7388m) like bak Karimabad.

Eg opplevde ikkje jordskjelvet som saerleg dramatisk, og tenkte at dette var ei vanleg hending i omraadet - sidan plateteknonikken her er heller ustabil. Lokalbefolkninga oppfoerte seg som om ingen ting hadde skjedd.

Det var en bokhandlar som fortalde meg at det hadde vore eit kraftig jordskjelv - 7.6 - 7.8 paa richters skala. Har vore innom nokon pakistanske og indiske nyhetssider - og det ser ut til aa vera store oeydeleggjingar fleire stader nord i Pakistan og India.

Her i Karimabad ser det ut til aa vera minimale skader og livet gaar sin gang.

Vel... har akuratt faatt veta at vegen er blokkert av ras baade opp dalen og ned dalen - saa kanskje vert det nokre ekstra dagar her.

Bra signalene fraa denne internettcafeen gaar via satelitt for telenettet har visst brutt saman.

Eg har det bra, og opplever som sagt ingen stor dramatikk. Held meg i ro her inntil vidare.


Ras ned fraa moreneryggane nede i dalen.


Snoeskred ned fraa fjellet Rakaposhi (7010m)

7. oktober 2005

Karimabad

Karimabad er det gamle sentrum i Hunza-dalen, og er no ein kjend turiststad. Dei fyrste eg traff i byen var ein gjeng nordmenn - ansatte ved ambassaden i Islamabad med familiebesoek fraa Norge. "Du ser at me passar paa deg", fekk eg veta. Godt aa treffa andre turistar og backpackere som eg kan dela erfaringar med.

Dette er utsikten fraa rommet mitt. Eg har unna meg eit dobbeltrom for meg sjoelve med varmt vatn paa badet. For det lyt eg betale 25 kr. Dette tykkjer dei andre backpackarane er for dyrt og tar til takke med ei seng paa sovesalen for 5 kr... Den to-rettars middagen om kvelden kostar ogsaa berre 5 kr - saa er varar pengane lenge (borsett fraa paa den dyre kaffe latte cafeen oppe i gata...). Saa faar ein heller leva med at det spring nokre smaa soete mus rundt beina under frukosten.

Festningen/slottet Baltit troner paa toppen av landsbyen. Satt i stad med pengar fraa Norad.

Utsikt over Karimabad og fjellet Rakaposhi (eit av dei hoegaste i omraadet - 7010 moh) fraa festningen.

Gjekk oppover i lia bak Karimabad og etter 5-600 hoegdemeter kom eg opp til dette oerneredet. Her budde det ein 66 aar gamal mann som passa paa dyra sine. Han var sprek som ein fole og eg hadde store problem med aa fylgje han der han hoppa over steingjerda.

Mannen inviterte meg inn paa te (det andre tebesoket denne dagen - folk her er utruleg gjestfrie). Han hadde kone og 11 barn nede i landsbyen.


Ein av dei mange kanalane som gjev vatn til dei 30 000 frukttrea i Karimabad. Her er nesten like vakkert som i Hardanger!

6. oktober 2005

Elvekryssing

Ved Passu kan du krysse elva Hunza paa to spektakulaere hengebruer som eg aldri har sett maken til. Konstruksjonen bestaar av eit sett med kablar som er bolta fast i fjellsidene paa kvar side. I bunn er det tredd inn plankar med opp til ein meters mellomrom.

Den fyrste brua. Det gyngar godt naar ein gaar over - og naar ein ser ned paa elva er det som om heile verda er i roesle. Har du droeymt om aa leika Indiana Jones er dette ein bra stad aa vera.


Hausting av poteter i landsbyen Zarabad som kun har tilgang til omverda via desse hengebruene. Artig aa sjaa korleis dei lokale smaasprang over bruene medan eg holdt meg fast i alt eg kunne halda i.


Gresskar som godgjer seg i sola. Den spisse toppen i bakgrunnen er Shispar Peak - 7611 moh.


For ein som likar fjell er det nordlege Pakistan som aa vera i paradis. Meir fjell enn her finn ein ingen stader i verda.

Stien langs fjellsida over elvedeltaet. Dette var den gamle ferdselsvegen foer Karakoram Highway vart bygd.


Den siste brua over til landsbyen Hussaini. (Til mamma: Det ser farlegare ut enn det var... ;-)



Til hoegra er den gamle brua - eg var glad for at dei hadde laga ei ny som tross alt var hakket betre. Den gamle brua var oydelagt fordi dei hadde lagt plankane for tett - og daa gjekk det gale i vinterstormen. Maksimal lufting er difor best... Sjaa korleis dei har laga "veg" oppetter fjellsida i bakgrunnen.