Sider

27. august 2009

Seinsommar

Ørfiske i Nordmarka kor eg gjerne skulle hatt ei lita hytte.

Ørfiske.

Nyfiken hest på Ullevålseter.

Augusthimmel over Bjølsenhallen frå vår nye balkong på Elvesiden.

11. august 2009

Sunnmørsalpane

I august arrangerte Fjellgruppa tur gjennom Sunnmørsalpane. Me utforska kvasse tindar og frodige dalar på kvar side av Hjørundfjorden.


Vis større kart

Fyrste etappe var frå Melbøsetra opp til Molladalen, over Molladalsskaret med avstikkar til Grønetinden, og ned til Ytre Standal.

Pause i bakkane opp mot Molladalen.

Molladalen, Storevatnet og ei av dei flottaste tinderekkjene i norsk natur.

Grønetinden (1014 moh) ved Molladalsskaret.

Tor på Grønetinden.

Ytre Standalsætra.

Overnatting på Standalhytta ved Kolåstinden.

Andre etappe gjekk frå Standalhytta opp til Nøvedalen og Sølvkallen og ned att til Sæbø ved Hjørundfjorden.

Bratt ned til Standal frå Sylvkallen.

Tor på toppen av Sylvkallen (1310 moh).

Nøvedalen.

På veg ned til Sæbø.

Hjørundfjorden og Slogen sett frå Sæbø.

Tredje dagen gjekk me opp Langsæterdalen frå Urke til Patchellhytta.

Mykje gode blåbær i Langsæterdalen. Foto: Tor

Gamle Patchellhytta kor nokre av oss overnatta. Slogen i bakgrunnen.

Siste dagen gjekk me opp på Slogen og ned att til Øye.

Frå Slogen mot Norangsdalen.

Det er bratt opp det siste stykket til Slogen.


Utsikt frå Slogen (1564 moh).

Utsikt frå Slogen mot Hjørundfjorden, Urke og Sæbø.

Eirik og Bjørn på Slogen. Foto: Tor

Bratt og flott ned til Øye frå Slogen. Foto: Tor

Vakre Norangsdalen. Foto: Tor

Siste natta budde me staseleg på Villa Norangdal. Anbefales!

Hotellet har berre 6 soverom, som er smakfullt innreia med møblar frå 1900-1970. Rommet på biletet over representerer 1920. Sjå bileta av alle romma her: 1900, 1920, 1930, 1950, 1960 og 1970.

Slingsbystova til Villa Norangdal.

2. august 2009

Gaustatoppen

Fredag 31. juli: Gaustatoppen rundt (kart nederst)

Tor på veg opp lia frå Svineroe.

Foto: Tor

Gaustatopen er ikkje like karakteristisk frå Gausdalen. Tårnet kan skimtast midt på fjellryggen, og stien går ned i fjellsida lengre aust. Stølane heiter Fisktjønnstaul og Nystaul.

Selstali seter.

Det som ein gong var Lislestaul i fjellsida mellom Rjukan og Gaustatoppen.

Kraftsosialistane har sikra rein energi til boblebadet på firmahytta.

Rjukan sett frå Kjerringsveiven.

Mot Gaustablikkområdet.

Fredag 31. juli: Gaustatoppen opp

Folkevandring.

Trond og Lars på fjellryggen mellom Gaustatoppen Turisthytte og toppunktet.

Mot Sjåvatnet.

Frå toppunktet (1883 moh). Foto: Tor

Hardangerjøkulen og Mårvatn (til høgre) sett frå Gaustatoppen.

Gryteklare sauer.


Vis større kart