Sider

Viser innlegg med etiketten Kina. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kina. Vis alle innlegg

27. september 2005

Det nye Kashgar

Siste dagen min i Kashgar. I morgon startar den meste spektakulaere delen av turen langs Karakoram Highway to Pakistan. Har lagt ut nokre fleire bilete under fra Kashgar.

Har endeleg faatt meg ein uighur venn som eg har vore mykje saman med dei siste to dagane. Han er 22 aar gamal og har studert engelsk og arabisk. Han droymer om aa kunne faa reisa til eit arabisktalande land aa faa laera meir om Islam. Men regimet har gjort det vanskeleg for uighurane aa forlate landet, han treng ein spesiell invitasjon for aa kunne reisa. Han har ogsaa lyst aa lesa psykologi. Planen hans er aa jobba paa landsbygda utanfor Kashgar kor folk er lite utdanna. Han ynskjer aa undervisa folket der om korleis dei kan leva eit bra liv. Ein snill og aerlig fyr, sjoelv om eg ikkje deler alle synspunktene hans.

Det er ein liten utfordring for meg naar eg reiser rundt aaleine her. Alle spoer kor gamal eg er - og naar eg svarar 31 aar, saa lurar alle paa kvifor eg i alle dagar ikkje er gift. For aa unngaa fleire spoersmaal svarar eg at eg har ei dame heime... Dette saa eg ogsaa til min uighur venn. Daa eg synte han nokre bilete fraa Norge lurte han faelt paa kvifor eg ikkje hadde bilde av dama mi... Saa no har eg byrja aa seia at eg er 25 aar og singel. Det kjem eg lettare unna med.


Midt i byen staar landsfaderen Mao og helsar til folket. Laurdag 1. oktober er Kinas nasjonaldag, og det er store foerebuingar paa gang. Feiringa fell saman med 50-aars jubileet til Xinjiang-provinsen (som eg no er i). Koret syng ein rocka versjon av Internasjonalen. I eit av verdas mest kapitalistiske land.


"Woman with attitude". Fraa det store kinesiske shoppingsenteret i byen. Den nye kinesiske kvinna - with strong attitude!


Flotte damesko med diamantar (eller noko look alike), for den meir pengesterke delen av befolkninga. Her finn du dei kjende merkevarene.


Breie gater og moderne kontorbygg som er reist dei siste aara. Heldigvis er sykkelen framleis det vanlegaste framkomstmiddelet, men bilen er paa rask frammarsj. Det som er bra er at styresmaktene har sagt at berre elektriske motorsyklar kan koyra paa hovudvegane. Dette har foert til eit stort sal av desse syklane. Slike lovar er kanskje lettare aa faa vedtatt i eit kommunistisk land med eit parti enn i land med demokrati og fleirpartistyre?


Det rare er at hvis du gaar inn ei sidegate fraa hovudvegen, saa er det som aa passere ei tidsmaskin. Innanfor finn du restane av det gamle Kashgar kor folk lever som dei har gjort i fleire aarhundre.


Dette er min favorittstad i Kashgar. Det er eit Chayhronas, - eit tradisjonelt tehus. Det er flott aa sitja paa verandaen i 2. etage og sjaa ut paa folkelivet.



Uighur-kvinner.

Tok meg ein sykkeltur utanfor byen i gaar for aa sjaa litt av landsbylivet. Kina maa vera eit flott land aa sykla gjennom - det er jo sykkelverkstad rundt kvar sving. Og utanfor byen er det nesten ikkje trafikk, berre nokre stakkars esel med ei tung boer.

26. september 2005

Kan Kinas regime forsvares?

Eg kan nesten ikkje seia at eg har vore i Kina. Kashgar og omraadet eg reiser gjennom er ein utpost i det enorme landet, og kontrastane kan knapt verta stoerre mellom Shanghai og Kashgar. Eg vil difor ikkje proeva meg paa aa skriva noko analyse av Kina medan eg er, spesielt etter at eg har erfart kor unyansert vestlege journalistar kan framstille Kirgisistan.

Eg har opplevd det som ei fin oppleving aa vera i Kina. Har aldri blitt stoppa og kontrollert paa gata. Foeler at eg kan snakka ganske fritt med folk. Det er jo ein hvis kontroll. Alle utlendingar som bur meir permanent i byen lyt bu paa ein stad. Dei kan ikkje finna seg sitt eige husvaere. Og saa merkar eg at ein del nettstader paa Internett ikkje eksisterar her borte. Inga overrasking at Amnesty International si heimeside er umogleg aa kome inn paa...

Det vert sagt mykje om dei hoege oljeprisane i media. Kina maa importere olje tilsvarande 40% av sitt forbruk, og dei hoege prisane paa raaolje har blitt eit problem for Kinas makrookonomi. Medan oljeimporten fyrste halvaar auka med 4% saa auka kostnadene med heile 43% sidan i fjor. Faar haape at dei hoege prisane foerer til eit auka fokus paa alternative energikjelder. (Lurar forresten paa kor mange Rita som maa angripe USA foer Bush tek til vett og underskriv Kyoto-protokollen...)

"The American way of living" er paa full fart inn - ogsaa i ein avsidesliggjande by som Kashgar. Har lese at den kinesiske materialismen har dype roetter og er ikkje noko nytt fenomen. Kjoepmannsskapet og kremmeraanden var etablert lenge foer Mao-kommunismen og er kanskje ein aarsak til Kinas suksess. Kommunistpartiet forsvarar ulikskapane ved at dei er med paa aa drive samfunnet og den veksten framover - og at alle paa sikt vil faa det betre.

Har med meg ei bok paa reisa: "Fra frihetens slagmarker. I Kina, Indien og Afrika" av Joergen Steen Nielsen (tidligere sjefredaktor i den danske avisa Information).
http://www.fagboginfo.dk/Ienfem/ienfemzn.htm

Boka anbefales. Han stiller er sentralt spoersmaal paa side 98:
"Skal Vesten sige god for Kinas totalitaere, udemokratiske menneskerets-undertrykkende regime, fordi det bedre end et umodent, pluralistisk demokrati vil vaere i stand til at varetage et historiske eksperiment at foere verdens folkerigeste, multikulturelle nation fra noed, fattigdom og ulighed til at blive et moderne, markedsoekonomisk, baeredyktigt velfaerdssamfund? Spoergsmaalet gaar ikke paa, om det kommunistiske regime med sikkerhed kan loese oppgaven, men om man skal tiltro det bedre forutsetninger for at klare udfordringen end et ungt, uproeved demokrati med konkurrerende, popularitetssoegende partier? Skal vi for den felles overlevelses skyld sette vor lit til, at tyrannene i Beijing fastholder magten lenge endnu og indser noedvendigheten af at begrense borgernes ret til at utfolde sig lige saa hemningsloest, som vi aandre har gjort i mere end 100 aar?"

25. september 2005

Det gamle Kashgar

Kashgar er ein by i rask endring. Kinas raske okonomiske vekst naar ogsaa hit til dei innerste delane av det store riket. Mykje paa grunn av den nye jernbana og flyplassen. 5 aar tilbake tok det minst 2 dagar med buss til naermaste by. Slik er det ikkje lengre.

Dette er kanskje medviten politikk fra kommunistpartiet for aa sikre sin innflyting i regionen. Fleirtallet av befolkninga her er nemleg muslimske uighurer som kjenner eit stoerre kulturelt tilvaere med sine sentral-asiatiske naboar. Har lese at dei klagar over at alle dei gode jobbane gaar til han-kineserne. Vanskeleg aa kome i prat med uygurane i byen. Paa grunn av spraakbarriaeren og fordi eg lyt vera litt forsiktig med spoersmaala eg stiller.

Har vore paa jakt etter det gamle Kashgar - og under finn du nokre bilete fra basaren, gamlebyen og dagens soendagsmarknad. Bilete fraa det nye Kashgar kjem seinare.


Den gamle basaren

Noetter, toerka frukt, krydder og gode lukter.


Smedane jobbar som om eg var hundre aar tilbake. Flott handverk - uigurane er kjende for sine gode knivar.

To andre smedar som gjerne ville verta fotografert.


Ein saueflokk gjennom bygatene vekker alltid oppstyr. Desse sauene var ganske saa viltre og sprang inn i alle aapningande ei fann. Huseigarane fekk sei ei overrasking midt i lunchen - eller kanskje er det dagleg kost for dei.


Gamlebyen

Aa gaa rundt i gamlebyen er som aa gaa rundt i middelalderen, bortsett fraa ein og annan motorsykkel.

Det bur fortsatt folk i dei fleste av husa. Guiden min fortalde at husprisane er paa veg opp - gamlebyen vil verta eit stort trekkplaser for kinas gryande turistindustri. Aa ha ein liten butikk her inne kan gje gode pengar i kassa.

Ein gut (om du skulle vera i tvil...)

Bestemor er framleis aktiv med hattemaking.

Sondagsmarknaden

Kashgar er mest kjend for sitt sondagsmarknad. Kvar helg veks befolkninga med 100.000 paa grunn av denne marknaen. Eg lyt seia at eg vart litt skuffa. Marknaden har vorte eit gigantisk kinesisk supermarknad. Dei gamle handverkarane og boendene druknar blant kinesisk "skarp" - toey, elektronikk, dokoster og plastikk. Men du finn dei framleis innimellom.

Ein av dei mange inngangane til marknaden. Soendagsmarkedet dekkjer eit enormt omraade og eg rakk ikkje ein gang gaa over alt paa timane eg var der.


Gamal mann med saftige meloner.


Desse karane var stolte av eplene sine.


Her har du nok kinakaal til ein dunk med Tousand Island. Gjer du nokre dollar ekstra faar du sikkert med eselet ogsaa.


Smalahove i store haugar. Nam!