Sider

23. desember 2009

Vetlejulafta i Ålvik

Huset kor eg vaks opp i Villabyen, tegna av arkitekt Nicolai Beer i 1915. Smelteverket engasjerte eigne arkitektar som gav Ålvik form, i hovudsak Beer fram til 1950, og vidare Esben Poulsson til 1973. Utanom den tydelege klassedelinga var ideala heilskaplege løysingar der bustader, hagar og vegetasjon spela saman. Arkitektane hadde ansvar for alt frå smelteomnshallar og arbeidarbustadar til transformatorkioskar og val av kyrkjesølv. Ålvik vert framheva som "over nasjonal standard" med vakre løysingar og heilskap.






Kunstnarhuset Messen som ein gong husa hovudadminstrasjonen til smelteverket Bjølvefossen. Bygget frå 1918 syner "korleis eitkvart stolt og storslått urbant og moderne har teke over i den trauste bondebygda" (frå boka Ferrofolket ved Fjorden). Eit ypparleg lokale for ein kaffebar.

HSD-kaia ved fjorden.

Smelteverket Bjølvefossen som ein gong var livsnerva i Ålvik-samfunnet. På 70-talet hadde fabrikken nesten 600 tilsette. Elkem, som har eigd fabrikken sidan 1986, flaggar no ut produksjonen av foredla ferrosilisium til Island. Arbeidsstokken på Bjølvefossen skal reduserast til rundt 50 tilsette. Glanstida til Ålvik som industristad er over.










20. september 2009

Fjonge fjør på Sinober

Denne helga var mammo og pappen klimaflykningar frå vestlandet. Me fekk ein strålande tur frå Movatn til Sinober i haustsola.

Movatn stasjon.

Idylliske Ormetjern.

Tor og pappen.

Sinober sportsstue - beste hytta i marka!

Pappen, mammo, Tor og dei obligatoriske markabollane.

Fjonge høner på Sinober.

Artig fjærprakt.

18. september 2009

Nordmarka i september

Movatn - Tømtehytta - Sellanrå - Rottungen - Kamphaug - Hammaren - strålande tur!

Aage framfor lille Tømtehytta på Raudløkkollen.


Det er høg IKEA-faktor inne på hytta.


Sellanrå turisthytte har markas beste hytteutsikt.


Flott utsyn mot Øyungen, Gåslungen og Rottungen frå Sellanrå.


Restar etter tømmerfløtinga i Myrtjernelva.