Sider

25. august 2005

Reiseklar!

Det er kvelden før avreise. I morgon går ferda til Bishkek via Tallin og Moskva. Den siste veka har eg hatt fulltidsjobb med å førebu min 4 månaders tur til Sentral- og Sør-Asia. No er sekken pakka og eg kjenner meg klar til å reisa frå Oslo. Det vert spanande å koma til Kirgisistan -eit lite fjelland med ein spanande historie og framtid.

Hvis du har lyst til å lesa litt om landet er dette ein bra nettstad på norsk:
http://www.khm.uio.no/utstillinger/kirgisistan/

Dette er min reiseblogg. Kom gjerne med kommentarer og innspill!

2 kommentarer:

Odd Rune sa...

Fantastisk bjørn, nydelege bilde og flotte historiar. eg er misunneleg. du er ein tøff mann..
kos deg vidare på ferda.
klem frå odd rune

Tor Otto sa...

hei bjørn, så moro å lesa dine gode reiseskildringar, kjempespanande, sjølv om eg har vore rundt ein del i india/nepal og øvrige sør-aust asia har du tråkka på andre vegar eg framleis berre drøymer om... og vonar det ein dag vert verkeleg.
Din blogg vil eg vise til andre.