Det er for tida tett mellom fjellturane. Søndag 4. mars reiste Tor, Eirik og eg opp til Tors nye firmahytte på Gaustablikk.
Dei fyrste to dagane var det snøstorm og me vart meir eller mindre isolert i hytta. Tor drista seg ut for å grava fram bilen.
Dag 3 vakna me opp til dette synet - Gaustatoppen var i ferd med å openberra seg.
Her er firmahytta, Gausta Vista, med 6 soverom, 15 sengeplassar, 3 bad, badstue og varmekablar i alle golv... ikkje akkuratt enkelt hytteliv.
På veg oppover Sløkkjedalen med sol, vindstille og silkeføre!
Kvite vidder og fagre fjell.
Utsyn mot Heddersvatn og Gaustatoppen.
Eirik utanfor hytta.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar