Sider

16. september 2007

One week in Edinburgh

Du er no inne på Bjørns webguide til Edinburgh. Medan eg gjekk på ski gjennom Jotunheimen før påske fekk eg ein openberring frå det som må vera ein Märtha-engel om å ta ein mastergrad. Etter litt googling endte eg opp med ein master i Geographical Information Science ved University of Edinburgh.

Kartet under syner kor eg bur og studerer det neste året. Den lange gata nord for den gule markeringen er the Royal Mile som går ned frå Edinburgh Castle.


Vis større kart

Eg har funne meg eit krypinn i eit lite kollektiv like ved Holyrood Park. Denne ville og vakre parken ligg midt i byen, samstundes kjennes det ut som å vera midt i the Scottish Highlands.

Biletet er fra frå toppen av Arthur's Seat mot huset kor eg bur. Dette er høgaste toppen i parken (251 m) med eit fantastisk utsyn over byen og havet. Fjellet er restane av ein gamal vulkan som hadde sin glansperiode for 350 millionar år sidan.

Dette er klippen Salisbury Crags som er vendt mot gamlebyen. Eit perfekt utsiktspunkt om ein vil gjera seg kjend med byen.

Arthur's seat og Salisbury Crags sett fra Calton Hill.

Siluett av av Edinburgh tatt fra Calton Hill. Edinburgh Castle til venstre og handlegata Princes Street til høgre.

Edinburgh Castle.

Min mest eksotiske oppleving så langt var gårsdagens Céilidh (uttalast "kay-lee"). Veldig gøy og fantastisk kondis-trening. Under er ein video eg fann på YouTube som syner korleis det går føre seg.



PS! Har ikkje fått meg kilt enno, men det er jo noko ein berre må kjøpa seg!

Ingen kommentarer: