Sider

11. august 2009

Sunnmørsalpane

I august arrangerte Fjellgruppa tur gjennom Sunnmørsalpane. Me utforska kvasse tindar og frodige dalar på kvar side av Hjørundfjorden.


Vis større kart

Fyrste etappe var frå Melbøsetra opp til Molladalen, over Molladalsskaret med avstikkar til Grønetinden, og ned til Ytre Standal.

Pause i bakkane opp mot Molladalen.

Molladalen, Storevatnet og ei av dei flottaste tinderekkjene i norsk natur.

Grønetinden (1014 moh) ved Molladalsskaret.

Tor på Grønetinden.

Ytre Standalsætra.

Overnatting på Standalhytta ved Kolåstinden.

Andre etappe gjekk frå Standalhytta opp til Nøvedalen og Sølvkallen og ned att til Sæbø ved Hjørundfjorden.

Bratt ned til Standal frå Sylvkallen.

Tor på toppen av Sylvkallen (1310 moh).

Nøvedalen.

På veg ned til Sæbø.

Hjørundfjorden og Slogen sett frå Sæbø.

Tredje dagen gjekk me opp Langsæterdalen frå Urke til Patchellhytta.

Mykje gode blåbær i Langsæterdalen. Foto: Tor

Gamle Patchellhytta kor nokre av oss overnatta. Slogen i bakgrunnen.

Siste dagen gjekk me opp på Slogen og ned att til Øye.

Frå Slogen mot Norangsdalen.

Det er bratt opp det siste stykket til Slogen.


Utsikt frå Slogen (1564 moh).

Utsikt frå Slogen mot Hjørundfjorden, Urke og Sæbø.

Eirik og Bjørn på Slogen. Foto: Tor

Bratt og flott ned til Øye frå Slogen. Foto: Tor

Vakre Norangsdalen. Foto: Tor

Siste natta budde me staseleg på Villa Norangdal. Anbefales!

Hotellet har berre 6 soverom, som er smakfullt innreia med møblar frå 1900-1970. Rommet på biletet over representerer 1920. Sjå bileta av alle romma her: 1900, 1920, 1930, 1950, 1960 og 1970.

Slingsbystova til Villa Norangdal.

Ingen kommentarer: