Knut er opphavet til fleire songar. Den mest kjende er "Knut, der kleine Eisbär" sunget av 9 år gamle Kitty.
Sider
25. mai 2007
Knut is cute
I midten av mai var hadde me langhelg i Berlin. I vinter har byen vore i skotet på grunn av den vesle isbjørnen Knut i Berlin Zoo. Eg hadde lyst til å oppleva dette fenomenet.
Sjølv om Knut no snart er eit halvt år gamal, er det framleis tusenvis av menneske som stiller seg i kø for å sjå han kvar dag. Me vart ståande ein time i kø for å få sjå Knut i 10 minuttar.
Lenge trudde me at dette var det næraste me kom Knut. Berlin Zoo registrerte Knut som eige varemerke i mars. Det førte til at dyreparkens aksjekurs dobla seg på børsen i Berlin.
Så slapp me endeleg inn. Her er Knut saman med dyrepassaren Thomas Dörflein. Som reservemor lyt Thomas sova på ei madrass attmed Knut kvar natt.
Knut er opphavet til fleire songar. Den mest kjende er "Knut, der kleine Eisbär" sunget av 9 år gamle Kitty.
Knut har vorte eit symbol for truga dyreartar og klimaendringar - og over heile byen kan du sjå postarar av denne typen.
Litt vakker DDR-arkitektur fekk me også me oss...
og ein bit av det nye regjeringskvartalet.
For å ikkje bruka for mykje av CO2-kvota valde me å ta Kiel-ferga og tog til Berlin. Her er Storebeltsbrua sett frå lugaren vår på Color Festival. Eg lurar på kor klimavenleg dette cruiseskipet eigentleg er... Color Line har enno ikkje kome med utslippstala.
Knut er opphavet til fleire songar. Den mest kjende er "Knut, der kleine Eisbär" sunget av 9 år gamle Kitty.
10. mai 2007
9. mai 2007
Sesongens siste skitur
Siste helga i april reiste eg og Tor på spontantur til Finse. Når våren og komen i låglandet er jo høgfjellet på sitt beste. Me hadde ein flott tur frå Finse til Geiteryggen via Hallingskarvet på heimvegen.
Finsehytta under fullmånen kvelden me kom opp.
Utskrift frå Tors GPS.
Mykje snjo rundt Finse.
Det som høyrer med på ein vårskitur... Hallingskarvet i bakgrunnen.
Tor mot Hallingskarvet.
Hundespann utanfor Geiterygghytta.
Vårløysing i fjellet.
Frå toppen av Hallingskarvet mot Hardangerjøkulen.
Utskrift frå Tors GPS.9. april 2007
Førpåsketur i Jotunheimen
Har vore på to fantastiske førpåsketurar med Fjellgruppa i Jotunheimen. Me tok fri veka før påske og hadde stårlande vær heile vegen. Ruta var Krossbu - Skogadalsbøen - Olavsbu - Gjendebu - Eidsbugarden og så Olavsbu - Gjendebu - Eidesbugarden ein gong til...
Slik ser det ut på Sognefjellet når vegen er vinterstengt. Flott utsyn mot Hurrungane og Fannaråken.
Nedfarten til vetle Utledalen og Skogadalsbøen.
Lunch i Storutledalen. Bak tronar Gjertvasstind.
Bratte bakkar opp til Rauddalen.
Olavsbu (1440 moh.) under Store Rauddalseggje.
Bjørn i positur framfor den kvasse Kyrkja.
På veg ned langs Mjølkedøla til Bygdin.
Kveldsljos over Galdeberget ved Bygdin.
På vinteren kan du reisa med beltebil frå Tyin til Eidsbugarden. Den eldste av desse tøffe “snowmobilane” er 1956-modell.
Fleire bilete frå turen finn du på denne sida.
Fleire bilete frå turen finn du på denne sida.
8. mars 2007
God plass på Gaustablikk
Det er for tida tett mellom fjellturane. Søndag 4. mars reiste Tor, Eirik og eg opp til Tors nye firmahytte på Gaustablikk.

Dei fyrste to dagane var det snøstorm og me vart meir eller mindre isolert i hytta. Tor drista seg ut for å grava fram bilen.

Dag 3 vakna me opp til dette synet - Gaustatoppen var i ferd med å openberra seg.

Her er firmahytta, Gausta Vista, med 6 soverom, 15 sengeplassar, 3 bad, badstue og varmekablar i alle golv... ikkje akkuratt enkelt hytteliv.

På veg oppover Sløkkjedalen med sol, vindstille og silkeføre!

Kvite vidder og fagre fjell.

Utsyn mot Heddersvatn og Gaustatoppen.

Eirik utanfor hytta.

3. mars 2007
Finse med Ingeborg
Dei fyrste dagane i mars tok eg og Ingeborg inn på Finse 1222. Det var midt i bergensarane si vinterferie, men klarte oss gjennom eit par dagar med skrik og skrål. Det er alltid godt å koma til Finse som så ofte har vore start eller slutt for ymse turar.

Fyrste dagen gjekk me til Klemsbu (1600 moh) i tett tåke. Snøscooteren med vaffelrøre hadde store problem i den djupe snøen opp bakkane.

Flott himmel over Finsevatn.

Ingeborg og Bjørn på Hallingskeid, kor me gjekk siste dagen.

Isinstallasjon på slottsplassen
Med FN-sambandet på skitur
21. februar var ein av dei kaldaste dagane i Oslo (- 13 °C) og FN-sambandet skulle ut på sin årlege skitur.

Fyrst i løypa er Astrid og Kathrine som også jobbar med Globalis.

Anne og Fredrik i løypa. Turen vart som vanleg avslutta i Annes residens ved Songsvann.

Skjenningstua er ei av dei hyggelegaste stovene marka.

Hyttetur på Ringkollen
Tredje helga i februar var me ein gjeng som reiste opp til ei lita hytte ved på Ringkollen.

Vegard, Eirik og Tor utanfor hytta.

Hytta låg flott til ved Øyangen.

Me kom over opptakene til Birkebeinerne, som snart kjem på TVNORGE.

Søndagen gjekk me gjennom eit flott vinterland til Løvlia.

Løvlia Skistue på Krokskogen.

Kald februarhelg på vinterhytta
Andre helga i februar var eg med mammo og pappen på vinterhytta på Bulko. Ei kald og flott helg.

Mammo og pappen ved Appelsinsteinen. Bak er Nesheimshorgi.

70-tals hytta.

Ferske skispor over Grønlivatn. Ryggen bakerst er Tinden -det mest populære påskemålet.

Frå øvere delen av Kvangjelet.

Ståande lunsj i bakken opp frå Kvangjeldet. Kistenuten i bakgrunnen.

På myrane over mot Olastølen og Krokavatn er det nesten som å vera på høgfjellet.

Abonner på:
Innlegg (Atom)