Sider

7. desember 2005

Om å fly heim att

Det største sjokket ved å reise er å koma heim att. Returen gjekk så fort og eg merkar at eg ikkje er like heime i toppen som med kroppen.

Forrige tysdag tok eg ein slitt drosje til flyplassen i Mumbai. Trafikken stod nesten stille. Eg rulla ned vindauget i baksetet. Lufta var varm, fuktig og tjukk av eksos. Eg vart fort overfallt av mødre og barn som ville ha mine siste rupees. Eg lot som eg ikkje såg og høyrte dei. Sjåføren min fekk kjeft av ein indisk overklassemann som køyrde fordi i ein flott bil med luftkondisjonering. "Stakkars turisten som du har i baksetet, - kan du ikkje jaga bort tiggarane slik at han får fred?!?" Eg var glad for at sjåføren ikkje gjorde det. Det er ein del av India som eg trur alle har godt av å oppleva.

Det var ein flott flytur. Har funne ut at eg elskar å fly, sjølv om det ikkje er bra for klimaet. Ein får perspektiv over ting når ein sit i en liten metallklump der oppe og ser ned på Jorda. Alle landegrensene frå verdskarta er viska ut og ein ser berre dei store landformene og byane.

Me forlot India med ein gong og flaug over det arabiske hav. Kom over landjorda att sør i Iran og det var ein facinerande ørkenlandskap langt der nede. Iran som er ein del av "ondskapens akse" - og Iran som mange reisande snakka så varmt om. Eit land som eg har veldig lyst til å oppleva. Sola gjekk ned ein stad i Svartehavet, og då eg kom over Europa såg eg berre alle lysa langt der nede. Eit nettverk av landsbyar, millionbyar og motorvegar. Me kom over eit tynt skydekke og alle lysa vart omgjort til nerver og nervebanar i ein enorm organisme... Over London var lufta krystallklar og metropolen var fantastisk vakker frå himmelen.

Etter eit kort shopping-sjokk på Heathrow Airport sat eg på flyet til Oslo. Eg landa før midnatt og kjende fort at lufta var minst 40 grader kaldare enn i Mumbai. Tok drosje med varmeanlegg frå Oslo S og heim til Sagene. Snøen dryssa lett og det var ikkje ein einaste tiggar å sjå.

Og her er eg og veit ikkje heilt kor eg er...

---------------------------

Sit og fylgjer med på eit nettmøte med Vanunu på NRK.no. Han har også lyst til å fly til Oslo, men er visst ikkje like heldig som meg. Er imponert over hans mot etter å ha vore innesperra så lenge.

Ingen kommentarer: