Sider

30. november 2005

Livsvilkår og livskraft


"Den virkelige oppdagelsesreisen består ikke i å se nye landskaper, men i å ha nye øyne å se med."
- Marcel Proust


Har fått dette spørsmålet:
- Du skriver endel om fattigdom og luksus. Det er viktig. Det er synlig og det er målbart. Slik jeg leser det du skriver, så dreier det seg (nødvendigvis) om skeivfordeling av materiell velstand. I sin ytterste konsekvens dreier det seg om fysisk overlevelse. Men, kan du skrive litt om folks indre livsvilkår? Kommer du så nær innpå at du kan fange opp noe av det? Jeg tenker på at du beveger deg i samfunn med tradisjoner og kulturer som - på godt og vondt - forankrer folk i en forståelse av eget liv. Jeg snakker om den daglige rytmen, den hverdagslige driven, de overordnede verdiene som gjør at så mange, tross materiell nød, likevel finner livet sitt verd å leve.

Eit bra spørsmål som får meg til å reflektera over reisa mi på nytt. To personar kan ta den same reisa og oppleva heilt ulike ting. Eg reiste ut i verda med mine "øyne" som både påverka kva eg såg og kva slags samtalar eg hadde med menneska eg traff. Det stemmer at eg har vore meir opptatt av ytre enn indre livsvilkår, i alle fall på bloggen min. Det er enklare å sjå og skriva om.

I alle landa eg har reist gjennom har eg opplevd tradisjonar og kulturar i sterk endring. Mange av dei unge eg har snakka med lever i eit skjæringspunkt mellom to kulturar og verdisystemer, - det tradisjonelle og det "moderne". Dei opplever å ha eit bein i kvar leir - og det er ikkje alltid like enkelt. Til tross for harde livsvilkår har eg opplevd mykje livskraft, - og eg skal prøva å spekulera litt i kvifor.

1. Aksept for livets rammeverk
Eg har reist gjennom områder som har sterke familietradisjonar og kor den religiøs trua er viktig. Sjølv om det ofte verkar innsnevrande på meg, ser eg at det gjev ein viktig forankring for mange. Det er klare føringar på kva som er rett og gale, og så lenge ein finn ein plass innenfor desse rammene kan ein få eit bra liv. Eg hadde ein lang samtale om islam med ein 18 åring i Nagyr. Han var ein kjekk og smart gut som imponerte med sine kunnskapar. Han forankra livet sitt i koranen og det verka som han var nøgd med livet. Andre ville sett på han som hjernevaska av sine foreldre og dei religiøse leiarane i bygda. Eg meinar det - sjølv om eg misunnar han dei klare svara på livets store spørsmål.

2. Det viktigaste er familien
Er imponert over kor stor respekt mange av dei eg har truffe har for foreldra sine. Eg opplever det ikkje berre som ein plikt, men også som rein kjærleik som går begge vegar. Det er tydeleg at desse sterke familiebanda gjev folk ein tryggleik og ein "misjon i livet" (gje barna ein god oppvekst/ta vare på foreldra). Alle dei unge eg snakka med hadde sterke band til foreldra sine, og det var deira interesser som kom fyrst om det oppstod ein konflikt. I Kirgisistan har dei tradisjonen med at yngste sonen alltid skal bu med foreldra sine, også etter at han giftar seg. For meg var det interessant å høyra frå Aibek at dette var "heilt greit" og at "det må jo vera slik".

3. Skjebnen og det enkle liv
Interessant å sjå korleis mange menneske slår seg til ro med eit enkelt og lite komfortabelt liv (ut frå vestlege standarder). Dei opplever at dei ikkje har noko anna valg enn å akseptere livets realitetar. Dei ytre faktorane er satt og ein lyt berre gjera det beste ein kan innanfor desse rammene. Dei små tinga (igjen ut frå "våre" standarder) som ein har kontroll over vert difor mykje viktigare.

Det var ein spesiell ro over potetdyrkarane i landsbyen Avgarch. Trur du skal leita lenge etter ein bonde som er så stolte av potetane sine! For familiefaren i huset eg budde i var det dette det god liv. Han var så glad for at han var pensjonert frå militæret og at han no kunne bruke tida saman med familien sin. Dei var også synleg stolte av den vakre landsbyen som dei budde i og kor dei hadde røtene sine. Det kan vera lett for meg å idyllisera slike stader. Familien hadde heilt klart sine ting å stri med, det var hardt arbeid og dei ønska seg også meir komfort - som elektrisitet og TV. Kanskje kjem roen dei utstråla av at dei ikkje har så mange moglegheitar som oss? Dei har ikkje ressursar til å delta i det sjølvrealiseringsjaget som er så tydelig heime.

4. Kollektive utfordringar
Materiell nød er mange stader eit kollektivt problem. Det angår ikkje berre ein familie, men ei heil bygd eller ein region. Det verkar enklare å vera fattig når naboen også er fattig. I landsbyen Hopper fekk eg høyra at så lenge folk var fysisk sterke så klarte dei seg bra. Då trong dei ikkje hjelp utanfrå, men kunne setja i gong tiltak på eiga hand. Ein opplever frustrasjonen mykje sterkare i ein storby som Mumbai, der forskjellane mellom fattig og rik er enorme og kjensla av fellesskap er borte.

Tilsvarande er det med ungdommane som opplever konfliktar med å ha beina planta i motstridande kulturar. Dei er ikkje åleine om å oppleva problema - dei gjeld for ein heil generasjon. Det gjev ein større tryggleik enn å "vera åleine i verda"

5. Kampen for eit betre samfunn
Alle landa eg reiste gjennom har nok av utfordringar å ta tak i. Eg har vore oppteken av å snakke med folk som ikkje er nøgd med livet til seg sjølv og andre - og som har mot til å ta opp kampen. Det gjeld for eksempel ungdommane i organisasjonen KelKel i Bishkek og for Abbas i Pakistan. For meg var det tydeleg at mykje av livskrafta deira var eit resultat av å ha ei god sak å kjempe for.

6. Galgenhumor
Til slutt har eg vore imponert over korleis folk klarar å ha det moro til tross for at livet kan vera ganske trist. Homsene eg traff i Bishkek hadde alle lyst til å reisa frå landet. Dei kunne ikkje sjå for seg ei framtid i Kirgisistan. Samstudes lever dei sine liv så godt dei kan - og dei har ein velutvikla form for galgenhumor seg i mellom. Kreativiteten er stor og dei finn ein måte å leve på som er akseptabel både for seg sjølv og familien.

6 kommentarer:

Anonymous sa...

Du skriver at mange står i et vadested mellem det gamle og det nye, men er det nu også rigtigt?
Tror du ikke også man stod i et "vadested" for 30 år siden, for 60 år siden eller for 90 år siden, og tror du egentlig ikke at de fleste af de folk du mødte stadig vil være håbløst umoderne i forhold til vesten om 30 år?
Dette at stå i et "vadested" kommer vil an på hvordan man ser. Måske er det et grundvilkår at der altid er forandring på vej, eller sådan føles det i hvert fald, men det er jo ikke sikkert at de reelt er på vej noget sted hen. Måske står den næste generation bare og plukker kartofler om 30 år.

Bjørn Sandvik sa...

Einig i at spenningane mellom det tradisjonelle og det moderne har vore der i lang tid - og ein generasjonskonflikt har det vore til alle tider. Det er likevel eit par sentrale faktorar som eg vil trekke fram i forhold til mi reise anno 2005:

Kirgisistan: For meg var det interessant at ein kan vera i eit og same land og oppleva så store forskjellar mellom by og land, - og mellom generasjonane. Den eine dagen kunne eg kunne sitja i eit gamalt nomadetelt (jurt), drikka sur hestemjølk og oppleva at familien var nærast sjølvberga med det som naturen gav. Eit par dagar etter kunne eg vera i Bishkek på ein fancy restaurant og eta "norwegian style fish" - før eg tok turen på ein homsebar...

Poenget er at eg opplever forskjellene så mykje større enn det var for meg å flytta frå Ålvik i Hardanger til Bergen - og eg trur spranget over "vadestedet" i Krigisistan er mykje større enn det var for 60 år sidan.

Globaliseringa gjer at den "moderne" kulturen vert tilgjengeleg i kvar avkrok av verda. Dei unge klarar å ta til seg denne kulturen, medan foreldra heng igjen i tradisjonane.

Eg trur ikkje folka eg møtte vil vera håpløst umoderne i forhold til vesten om 30 år. Ein satellitt-tallerken i Pakistan kosta ikkje meir enn 2-300 kr - og det gav dei tilgong til all verdas TV-kanalar. Ein skal ikkje undervurdera den enorme påverkninga som moderne kommunikasjonsteknologi har.

Menneska har konstruert eit samfunn i konstant endring - og endringane går fortare og fortare.
Dei som veks opp må lære seg å takle endring som ein konstant del av livet. Store delar av foreldragenerasjonen i Krigisistan og Pakistan klarte, eller ville ikkje, det. (Eg opplevde det anneleis i Kina og India)

Kanskje står neste generasjon og plukker poteter i Avgarch på samme måten om 30 år. Eg trur ikkje det. Potetene dei dyrka var selde på dei store marknadane i byar som Islamabad og Lahore. Auka marknadsliberalisme kan endra vilkåra for potetdyrkarane i Avgarch nærmast over natta. Om 30 år kan det ha kome bilveg opp til landsbyen, eit luksusresort kan vera bygd - og heile landsbyen kan jobba i turistindustrien.

Ein ting er sikkert - endringane dei neste 30 åra vil vera mykje større enn dei 30 forrige. Den som lever får sjå!

Anonymous sa...

Nu er det jo svært at måle størrelsen på oplevelsen af forandring. En oplevelse er vel pr. definition relativ.

Jeg tror da nok at man også for 30 år siden synes at forandringen var meget stor.

Hvis man ser på vores samfund så oplevede vi også disse spændinger mellem det moderne og det traditionelle som en forandring af samfundet. Men det har jo ikke betydet at spændigen så idag er væk. Idag er der da stadigvæk en del folk, også i Danmark, der sidder på landet eller andre steder rundt omkring, og har en helt anden virkelighedsforståelse end jeg f.eks. har.
Og unge der vokser op i vores vestlige samfund står også mange gange i en konflikt mellem "der de kommer fra" og der hvor de er på vej hen.

Der er også idag en stor konflikt mellem det traditionelle og det moderne, selv i et moderne samfund.

Jeg tror i hvert fald at det er forkert at betragte et hvilket som helst stade i en kulturs udvikling som den afgørende, omvæltende, endegyldige, forandrende periode og jeg kan ikke se at netop den periode vi er i nu skulle være en sådan periode for nogle kulturer. En hvilken som helst forandring af et samfund er nøjagtig så væsentlig som den opleves af det enkelte menneske, hverken mere eller mindre.

Klimaforandringer over kortere tid, derimod, vil jeg måske betragte som en væsentlig forandring.

Bjørn Sandvik sa...

Ja, opplevinga av endring er relativ og vanskeleg å måle. Samstundes er eg ingen ihugga relativist, - og eg meinar at det går an å sjå over individplanet og kome med generelle betraktningar.

Einig i det også i våre samfunn er og har vært spenninger mellom det tradisjonelle og det moderne. Mitt poeng er slike spenningar ikkje er konstante - samfunnet sett under eitt. Store ytre faktorar som den industrielle revolusjonen og informasjonsrevolusjonen vil gjera spenningane større.

Mitt andre poeng er at endringar no har vorte ein kostant eigenskap ved det moderne samfunn.

Einig at det også i Norge er menneske med ein heilt anna forståing av verda enn meg sjølv. Dette merkar eg også då eg var ute å reiste. Eg traff fleire personar som eg tykkja det var mykje lettare å kommunisere med enn mange folk heime...

Eg meinar at spenningane mellom det tradisjonelle og det moderne er annleis i Krigisistan enn det er (og har vore) i Norge og Danmark. Eg opplevde Kirgisistan som eit schizofrent land som strevar med å finna seg sjølv. Etter Sovjetunionens fall har både dei tradisjonelle (religiøse/familie) verdiane vekse fram - og dei moderne som ungdommen meir tek til seg. På mange måtar verka det som om generasjonane gjekk i kvar si retning.

Einig i at "det er forkert at betragte et hvilket som helst stade i en kulturs udvikling som den afgørende, omvæltende, endegyldige, forandrende periode". Likevel meiner at det er stadier i ein kulturs utvikling som er meir epokegjerane enn andre, - og eg vil ikkje vera så relativistisk å seia at det berre er opplevinga til kvart einskild individ som er epokegjerande.

På same måte som du seier at klimaforandringar kan vera ei epokegjerande endring - vil eg seia at globaliseringa og kommunikasjonsrevolusjonen er tilsvarande hendingar som vil føre til store spenningar mellom det tradisjonelle og det moderne (som er problematiske omgrep i seg sjølv!).

Anonymous sa...

Så du mener at samfundet i kirgisistan bliver mere polariseret.
Og dette har noget med globalisering og kommunikationsrevolution at gøre.
Du mener også at de store uvidende pøbel vil være væk om 30 år.
Hvordan kan du være så sikker på at den store andel af fattige i den tredie verden ikke stadig vil være fattige og forarmede og fortabte som de er idag?
Vil Globalisering og kommunikationshalløj ikke primært komme den rige, velstillede minoritet til gode?
Nå, men du har formentlig ret i dine betragtninger.

Men jeg synes nu alligevel det er rystende så forskellige verdener vi lever i selv i vores del af verden. Var før jul til julefrokost med mine gamle skolekammerater fra provinsen og jeg må bare sige at det bliver sværere og sværere at få en fælles forståelse af tingene med dem. Faktisk har nogle udviklet en decideret hadsk stemning imod "os der drog til byen" uden nogen egentlig udløsende forklaring. Jeg kan simpelthen risikere at få tæsk af min gamle klassekammerat alene fordi jeg nu bor i København. Jeg tror da altid jeg vil være en anelse mere tolerant overfor ham som jeg sad ved siden af i klassen og havde gode oplevelser sammen med end en vildt fremmed, men disse her har altså besluttet at betragte mig som en vildt fremmed. En københavner der indbyder til tæsk.
Jeg synes den polarisering er nok så skræmmende og måske også interessant, selvom det er en anden polarisering end den du har oplevet i Kristisistan.

Bjørn Sandvik sa...

Ja, eg meiner at samfunnet i Kirgisistan har vorte meir polarisert mellom by/land og unge/gamle - og at globalisering og ny kommunikasjonsteknologi er ein del av årsaken.

Eg meiner ikkje at den "store uvidende pøbel" vil vera borte om 30 år. Tilgang til ny informasjonsteknologi betyr nødvendigvis ikkje at det er god informasjon ein får. Det kan like gjerne vera med å laga større skylappar. Eg meiner me på fleire områder har vorte dummare i vår del av verda. Rik på informasjon, men fattige på klokskap...

Eg er heller ikkje sikker på at dei fattige i den tredje verda vil ha det betre om 30 år, men eg vel å vera optimist. Globaliseringa knytter verda tettare saman, men gjer ikkje verda meir rettvis - snarare tvert imot - forskjellane i verda aukar for kvart år.

Kjenner meg att i det du skriv om dine tidlegare klassekameratar. No har ikkje eg så god kontakt med dei som eg gjekk på skule men - men eg treff jo ofte folk her heime som har ein heilt anna syn på verda enn det eg har. Likevel vil eg seia at polariseringa i Norge er minimal i samband med Kirgisistan.