Om ei veke startar eg og Dagny på ein tre vekers fottur rundt fjellkjeden Annapurna i Nepal. Eg har tjuvstarta turen på Google Earth - under kan du fly gjennom dei 12 fyrste dagsetappane - frå Besisahar (760 moh) over Thorong La (5416 moh) og ned til Jomsom (2710 moh) - inkludert ein dags akklimatisering i Manang (3540 moh). Vert spanande å sjå korleis me taklar høgden - min forrige pers er på 4500 moh i Boibor-dalen i Pakistan.
Vis på Google Earth
1 kommentar:
Steike, me gjekk til Åsen med ungane i påska, du går tre veker i Nepal. Livet er sanneleg forskjellig. Det høyrest no kjekt ut (utan ungar, vel å merke).
Bård
Legg inn en kommentar