Sider

2. oktober 2005

Landsbyen Avgarch

Etter ein dag i Pakistan maatte eg berre opp i fjella. Fekk engasjert ein guide som tok meg med opp til landsbyen Avgarch.

Avgarch ligg flott til oppe i dalsida, 3200 moh. Utruleg vakkert med dei groene markene, steinhusa og dei snoekledde fjella. Det eldste huset, ein oerliten moske, er over 900 aar gamalt. Folk bur framleis i dei gamle steinhusa, sjoelv om dei flyttar ned til ein landsby lengre nede i dalen om vinteren.

Avgarch er kjende for sine gode poteter. Fekk smaka dei baade kokte og friterte om kvelden. Her er eit potetektepar med aarets avling. For potetene faar dei 10 pakistanske rupees for kiloen (ca. 1 krone), som var ein god pris.


Ekteparet som me budde hjaa. Mannen var pensjonert soldat fraa den pakistanske haeren. Han hadde kriga mot den indiske haeren paa det som maa vera den verste slagmarken i verda - paa isbreen Siachen i Kashmir. 6000 meters hoegde, kraftig vind og temperaturar ned mot minus 50. Etter mine kalde erfaringar fraa Kirgisistan fekk eg laane ein pakistansk militaersovepose paa turen, den okkuperte nesten heile sekken min - men var i alle fall god og varm.

Bjorn i eit daarleg skjult sjoelvportrett...


Vanningskanalane som gaar i fleire nivaa gjennom landsbyen. Her opplever ein verkeleg kor viktig vatnet er for alt liv. Der det ikkje er vatn er det berre grus og oerken. Samstundes foerer vatnet med seg naeringsrikt slam fraa breane.


Min kjekke guide - som var i slekt med halve landsbyen.

Inne i eit av steinhusa. Det er var meir fargerikt enn det ser ut. Langs veggene er tjukke tepper som er gode aa liggja paa. Det er ingen vidauge - berre ei aapning i taket. All maten vert laga paa ildstaden i midten av rommet. Det var utruleg kva mor og dotter kunne faa til over flammane. Eg maatte eta ferdig foer kvinnene kunne eta - det var deira maate aa syne respekt paa.

Eksotisk for meg aa vera to dagar i eit slikt hus - men eg er nok glad for komforten eg har heime. Familien droeymte om aa faa straum og TV

Dagen etter gjekk me oppover Boibor valley. Me kom opp til rundt 4500 meter foer me maatte snu paa grunn av snoe. Sjoelv i denne hoegda er det langt opp til toppane omkring. Dei kvite toppane i bakgrunnen er Jurjur (6055 m) og Tupopdan (6106 m).



Paa veg ned at fraa fjellet traff me nokre gjetere som inviterte oss pa te (pakistansk te er ca 50/50 melk og vatn + te og er ein veldig god kaffe latte erstatning). Avgarch folket er ikkje berre produktive med potetene. Den 65 aar gamle mannen hadde nyleg gifta seg med ei 25 aar gamal kvinne, og akkuratt vorte pappa for fyrste gong.

2 kommentarer:

Anonymous sa...

Kjempefine bilder, Bjørn! Skikkelig spennende å se på!! Ha god tur videre. Klem fra Lars

Eirik sa...

Fortsatt supert å følge med på reisa di bjørn. Ser også frem til å se deg her i oslo hvor du kan fortelle oss mer om turen og vise oss bilder. God tur videre!