Har endeleg faatt meg ein uighur venn som eg har vore mykje saman med dei siste to dagane. Han er 22 aar gamal og har studert engelsk og arabisk. Han droymer om aa kunne faa reisa til eit arabisktalande land aa faa laera meir om Islam. Men regimet har gjort det vanskeleg for uighurane aa forlate landet, han treng ein spesiell invitasjon for aa kunne reisa. Han har ogsaa lyst aa lesa psykologi. Planen hans er aa jobba paa landsbygda utanfor Kashgar kor folk er lite utdanna. Han ynskjer aa undervisa folket der om korleis dei kan leva eit bra liv. Ein snill og aerlig fyr, sjoelv om eg ikkje deler alle synspunktene hans.
Det er ein liten utfordring for meg naar eg reiser rundt aaleine her. Alle spoer kor gamal eg er - og naar eg svarar 31 aar, saa lurar alle paa kvifor eg i alle dagar ikkje er gift. For aa unngaa fleire spoersmaal svarar eg at eg har ei dame heime... Dette saa eg ogsaa til min uighur venn. Daa eg synte han nokre bilete fraa Norge lurte han faelt paa kvifor eg ikkje hadde bilde av dama mi... Saa no har eg byrja aa seia at eg er 25 aar og singel. Det kjem eg lettare unna med.
"Woman with attitude". Fraa det store kinesiske shoppingsenteret i byen. Den nye kinesiske kvinna - with strong attitude!
Det rare er at hvis du gaar inn ei sidegate fraa hovudvegen, saa er det som aa passere ei tidsmaskin. Innanfor finn du restane av det gamle Kashgar kor folk lever som dei har gjort i fleire aarhundre.
Dette er min favorittstad i Kashgar. Det er eit Chayhronas, - eit tradisjonelt tehus. Det er flott aa sitja paa verandaen i 2. etage og sjaa ut paa folkelivet.
Uighur-kvinner.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar