Sider

25. september 2005

Det gamle Kashgar

Kashgar er ein by i rask endring. Kinas raske okonomiske vekst naar ogsaa hit til dei innerste delane av det store riket. Mykje paa grunn av den nye jernbana og flyplassen. 5 aar tilbake tok det minst 2 dagar med buss til naermaste by. Slik er det ikkje lengre.

Dette er kanskje medviten politikk fra kommunistpartiet for aa sikre sin innflyting i regionen. Fleirtallet av befolkninga her er nemleg muslimske uighurer som kjenner eit stoerre kulturelt tilvaere med sine sentral-asiatiske naboar. Har lese at dei klagar over at alle dei gode jobbane gaar til han-kineserne. Vanskeleg aa kome i prat med uygurane i byen. Paa grunn av spraakbarriaeren og fordi eg lyt vera litt forsiktig med spoersmaala eg stiller.

Har vore paa jakt etter det gamle Kashgar - og under finn du nokre bilete fra basaren, gamlebyen og dagens soendagsmarknad. Bilete fraa det nye Kashgar kjem seinare.


Den gamle basaren

Noetter, toerka frukt, krydder og gode lukter.


Smedane jobbar som om eg var hundre aar tilbake. Flott handverk - uigurane er kjende for sine gode knivar.

To andre smedar som gjerne ville verta fotografert.


Ein saueflokk gjennom bygatene vekker alltid oppstyr. Desse sauene var ganske saa viltre og sprang inn i alle aapningande ei fann. Huseigarane fekk sei ei overrasking midt i lunchen - eller kanskje er det dagleg kost for dei.


Gamlebyen

Aa gaa rundt i gamlebyen er som aa gaa rundt i middelalderen, bortsett fraa ein og annan motorsykkel.

Det bur fortsatt folk i dei fleste av husa. Guiden min fortalde at husprisane er paa veg opp - gamlebyen vil verta eit stort trekkplaser for kinas gryande turistindustri. Aa ha ein liten butikk her inne kan gje gode pengar i kassa.

Ein gut (om du skulle vera i tvil...)

Bestemor er framleis aktiv med hattemaking.

Sondagsmarknaden

Kashgar er mest kjend for sitt sondagsmarknad. Kvar helg veks befolkninga med 100.000 paa grunn av denne marknaen. Eg lyt seia at eg vart litt skuffa. Marknaden har vorte eit gigantisk kinesisk supermarknad. Dei gamle handverkarane og boendene druknar blant kinesisk "skarp" - toey, elektronikk, dokoster og plastikk. Men du finn dei framleis innimellom.

Ein av dei mange inngangane til marknaden. Soendagsmarkedet dekkjer eit enormt omraade og eg rakk ikkje ein gang gaa over alt paa timane eg var der.


Gamal mann med saftige meloner.


Desse karane var stolte av eplene sine.


Her har du nok kinakaal til ein dunk med Tousand Island. Gjer du nokre dollar ekstra faar du sikkert med eselet ogsaa.


Smalahove i store haugar. Nam!

Ingen kommentarer: