Sider

11. november 2005

Plain living and high thinking

Eg har endra meining. Har lenge sagt at eg ikkje har forstått poenget med feriar kor ein berre ligg dagevis på stranda. Det er ikkje berre ein klisje. Å liggja strak ut med ei god bok. Berre høyre boelgesus. Ta avkjølande bad. Eta solmoden ananas. Sjå solnedgangar i havet. Og for kvar dag som går kjennes det berre enno betre. Jobb og stress er langt borte. Då me ikkje fekk billett på nattoget til Kochi idag var eg eigentleg verre glad til. Enno ein dag på stranda.

Eg og Tor er på Patnem Beach i Goa. Det var her hippiane frå USA og Europa reiste paa 60- og 70-talet. Nokre av dei er her framleis, - sjølv om det ikkje er særleg futt i dei lengre. No lyt dei dela sanden med dei som er på "finne-seg-sjølv"-tur. Kvinner og menn i midtlivskrisa som trur at ei reise til India er det som skal gje livet ny meining. Her kan dei finna seg ein guru, gjera yoga på stranda og sitja i meditasjonsstilling framfor solnedgangen. Dei fleste backpackarane held seg heldigvis på nabostranda lengre nord, Palolem Beach. Det er denna stranda som staar i Lonely Planet - Den Store Boka. Stranda sør for Patnem Beach er okkupert av det største luksushotellet i Goa - InterContinental med 7 stjerner og 255 suiter. Her kan du sitja paa din private balkong og sjå ut på landsbykvinnene som klypper hotellets golfplen med saks.

Har ikkje kome like mykje under huda på indarane som eg gjorde med pakistanarane og kirgisarene. Samtalane er stort sett på "Which country? Drink coconut?"-nivået. Og så tar det litt tid å kome over Mumbai, kor eg vart skeptisk mot alt som rørte seg. Godt å sleppa unna tiggarane for ei stund. I Mumbai låg vaksne og barn strødd langs gater og smug om natta. Mellom dei sprang alle rottene og urin-lukta reiv i nasa. Over alt vart me stoppa av små barn som dro oss i kleda og såg opp på oss med store, håpefulle auge. Inni meg sa ei stemme: "Du skal ikkje gje til barn som tiggar - det lærar det opp til å tigge". Etterpå sit me paa ein flott restaurant saman med den indiske middelklassen, som verkar enno meir likegyldig. Vindusplassen er ikkje like populær som heime. Om du ser ut på gata får du verkeleg kjenna kor priviligert du er.

Det har vore interessant å lesa om Mahatma Gandhi her borte. India si kraftige økonomiske vekst kom først etter at dei kasta mange av Gandhi sine ideal på hylla. Det fattige skal ikkje reddast ved å dela ressursane meir rettvist - men ved å få heile kaka til å vekse. Var innom eit slitt Ghandi-museum i Mumbai. Det var ikkje akkuratt eit pulserande senter. Kjøpte ei lita bok med Gandhi-sitat kor eg fann desse orda:

"That everyone in this world should be able to maintain as high a standard of life as possible with the best possible output of labour is just as fantastic as to expect a camel to pass through the eye of a needle... Luxurious living... is an impossible proposition for any society as a whole. And when there is no limit to luxery, where shall we stop? All the scriptures of the world have taught the exact opposite. 'Plain living and high thinking' is the ideal that has been placed before us. The vast majority recognize its truth, but are unable to get there because of human frailty. It is, however, perfectly possible to envisage such an existence... Man falls from the pursuit of the ideal of the plain living and high thinking the moment we want to multiply his daily wants. History gives ample proof of this. Simplicity is the essence of universality."

Det verkar som om desse tankane berre finnast på museum i dagens India. Og ikkje berre i India. Vel, ikkje heilt. Las i The Times of India om eit nytt dataspel, A Force More Powerful, som ikkje var som dei vanlege "skyt-alle-ned-spela". Her skulle spelaren bruka ghandiske metodar til å løysa verdskonfliktar. Les meir på: www.aforcemorepowerful.org/game

Men er det nok?!?

1 kommentar:

Bård Hekland sa...

Ei jente eg kjenner drog til India for å gjere feltarbeid om korleis dei kastelause ser på Gandhi i dag. Ho blei ganske så overraska. Folk ho møtte avskydde Gandhi, av di han etter deira meining ikkje hadde gått mot kastevesenet, men berre talt for ein skulle handsame dei kastelause betre. Deira helt var Dr. Ambedkar. Har du merka noko til dette?

Elles går livet sin rolege gang i Odda. Var på julebasar i Ålvik i helga og prata med mor di ;-)

Vil du ha ei visuell oppdatering, kan du jo ta turen innom http://olvegutten.blogspot.com, der er det mange nye bilete frå bygdelivet vårt (med eit ørlite fokus på Olve, rett nok...).