Sider

27. november 2005

Vannvegar og indisk dragshow

Kerala er kjend for sine vannvegar eller "backwaters". Her kan leiga ein baat og gli sakte gjennom eit sinnrikt kanalsystem, medan indisk landsbyliv går sin gang til vanns og langs bredden.

Tor slappar av paa vaar kettu vallam - husbaaten me leigde for to dagar - med eit mannskap paa tre.

Me skulle vera litt miljovennlege og leigde ein husbaat utan motor. Billegare var det ogsaa, - sjoelv om det var to menn som maatte stake baaten framover. Fantastisk aa gli gjennom kanalane og sjaa smaa glimt av dagleglivet som foeregjekk paa bredden. Folk her faar ikkje folk mykje privatliv. Vatnet er livsnerva kor dei badar, vaskar klede, tar oppvasken, fiskar og reiser til og fraa arbeid, skule, tempel og bustad.

Det var ikkje like hyggeleg aa sjaa paa dei to skrale mennene som staka seg gjennom kanalane. Fyren hadde 40 aars stake-erfaring og ryggen hans var like stiv som stokken.

Kokken vaar Sunnil. 35 aar og ugift. Hyggeleg kar som diska opp god mat paa det lille kjoekenet bak i baaten.

Sunnil har jobba paa husbaatar i 10 aar. Det har ikkje gjort han til ein rik mann. Han faar utbeltalt 1500 rupees (225 kr) i loen kvar maanad + tips fraa passasjerane. Han lyt vera paa baaten doegnet rundt og har berre fri 4 dagar i maanaden. Medan turistane faar liggja i gode senger soev mannskapet paa dekk.

Ikkje noko saerleg til eit liv, tenkjer eg. Sunnil seier at han har det greit. Det er betre enn aa jobba i Midt-Osten (som har gjorde i 3 aar) - og han er glad for at han har ein jobb.

Sunnil har mista begge foreldra sine. Han har to systre og daa dei gifta seg var det han som maatte soerga for medgiften (dowry). Dette kosta han over 200 000 rupees. "Alt for mykje, men eg hadde ikkje noko valg om eg skulle faa leva i fred fraa svigerfamilien..." Sjoelv om medgift er forbudt ved lov i India, er det fortsatt svart vanleg - saerleg paa landsbygda.

http://en.wikipedia.org/wiki/Dowry


Dei store kinesiske fiskehaav i Fort Cochin. Fiskehaavene loeftes og senkes med ein innretning av liner og steinsoekker som vert styrt av 4-5 menn per haav. Historien fortel at det var handelsmenn fraa mongulherskeren Kublai Khan som hadde med seg haavtradisjonen hit fraa Kina for over 700 aar sidan.

Dette er fraa ein Kathakali-forestilling i Fort Kochin. Dette er ein klassisk keralsk dans utfoert av mannlege dansere med mykje makeup og luftige kjolar - eit indisk dragshow med andre ord.

Gateliv i Kochi. Dei heilage kyra har rett nok eit fritt liv, men eg trur eg heller hadde valgt eit liv paa baas framfor ein indisk by. Der vil eg i alle fall faa ekte kraftfor. I foelge Greenpeace India mistar 100 kyr dagleg livet fordi dei har ete for mange plastikkposar...

Naar ein er i India er det jo obligatorisk aa ri paa ein elefant. Me fann ein skikkeleg svaering i Varkala. Elefanten heiter Baladeben og veg over 4 tonn.

Ingen kommentarer: