Sider

22. november 2005

Kommunistar og tigre i Kerala

Kerala er ein frodig og vakker del av India. I denne delstaten har kommunistane styrt i lang tid - og det merkast paa samfunnet. Her er faa tiggarar i hoeve til det me har opplevd andre stader. Nesten alle i Kerela kan lesa og skriva. Imponerande prestasjon naar kvart tredje menneske i resten av India er analfabet. Fagforeiningsflagga vaiar i kvar by me koyrer igjennom. Daa eg trykka gjennom kanalane paa fjernsynet kom eg over ein TV-serie om Marx og Engels...

Kravet om minsteloen for arbeidarane har gjort at mange selskapar har bygd sine fabrikkar i andre delar av India, - kor dei kan utnytte folk i fred fraa kommunistar og fagforeiningar. Arbeidsloeysa har difor vore stor i Kerala. Samstundes har det hoege utdanningsnivaaet gjort at meir kunnskapsorienterte verksemder har lyst til aa etablera seg. Framtida er kanskje ikkje saa moerk for folk flest i Kerala.

Meir om kommunisme i Kerala kan du lesa paa:
http://www.yesmagazine.org/article.asp?ID=871
http://news.bbc.co.uk/1/hi/world/south_asia/4374826.stm
http://www.datamationindia.com/kerala1.html

PS! Kommunistane i Kerala har sikkert sine svin paa skogen ogsaa - naar eg har soekt paa nettet har eg sett at dei ikkje er like populaere i alle kretsar - her som heime. Faar inntrykket av at kommunistane her ikkje er saerleg meir radikale enn SV'arar, sjoelv om det er vanskeleg aa samanligna sidan den politiske roynda er saa ulik.


Tor og Bjorn midt i ein teplantasje ved Munnar. Klimaet her egnar seg spesielt godt for tedyrking (1500-1800 moh), og det er flott syn aa sjaa alle aasane fulle av tebuskar. Det mulitnasjonale selskapet Tata Tea Group har etablert seg med mange plantasjar og fabrikkar i dette omraadet. Det er dei som lagar te med "brandingen" Tetley.



Teplukking er kvinnfolkarbeid. Denne kvinna kan plukke opp mot 150 kg teblader paa ein dag. For det faar ho betalt mellom 15 og 25 kr, alt etter kor mykje ho plukkar. Vaar rickshaw-sjaafoer sa at loena ikkje var saa verst, sjoelv om det berre held til 100 gram te i Norge. I tillegg faar dei fri bustad, elektrisistet og skulegang for ungane av tekonsernet.

Meir informasjon om tedyrking i Kerala finn du paa:
http://www.kerala.com/keralatea


Arbeidselefant paa veg til jobb i skogen. Matpakka er paa plass i snabelen.

Vill-geit (Nilgirhi Thar) i Eravikulam nasjonalpark. Dette er ein av dei mest truga dyreartene i India og geita kan no berre observerast i denne lille nasjonalparken. Opprettinga av parken har foert til at bestanden har auka til 5-600 dyr. Innanfor parken er ogsaa det hoegaste fjellet i Soer-India, - Anamudi (2695 m).

Den flotte ambassadoerbilen me leigde for turen mellom Munnar til Periyar. Ut fra interioer og eksterioer trudde eg det var ein gamal bil, men det synte seg aa vera ein 95-modell. For dei som har peiling paa bilar er dette ein kopi av den engelske Morris Oxford fraa 1954. Aar etter aar produserast ambassadoerbilane med den samme designen, til tross for at dei er heilt utgaatt paa dato.

Dette biletet er fraa tigerreservatet Periyar. Innsjoen vart anlagt av britane i 1895. Dei brydde seg ikkje om aa fjerna trea foer dei fyllte dalen med vatn. Trestammene staar der fortsatt etter over hundre aar. Dei var eit flott syn med disen som laag over vatnet om morgonen. Innsjoen er no drikkekjelde til dei mange ville dyra i omraadet.

Me tok ein liten baat ut til Lake Palace, som er eit eksklusivt hotell midt i reservatet - langt fra braak og stoey som det elles er nok av i India. Her var det godt aa berre liggja i hengekoya og hoyra paa alle jungellydane.

Las avisa The Hindu medan eg laag der. Det stod om eit indisk-britisk forskningsporsjekt som studerte konsekvensane klimaendringane vil ha paa India. Forskarane meinar at skogane og det biologiske mangfaldet i India vil verta paaverka av global oppvarming innan 30-40 aar. Paaverknaden ville vera spesielt stor for skogane i Western Ghats, som var omraadet me reiste i. Temperaturauke (2-3 grader innan aarhundret er omme) og kraftigare monsunregn vil foere til at dyre- og planteartar maa flytte paa seg. Dette har ogsaa skjedd tidlegare i Jordens historie, men no fungerar moderne infrastruktur (veier, bebyggelse etc.) som barriaerer for ein slik migrasjon av dyre- og planteliv.

I same avis var det referert til ein artikkel i siste utgave av tidsskriftet Nature. Her vart det slaatt fast at dei fattige landa som ureinar minst vil verta mest raaka av klimaeindringane. I aar 2030 kan venta seg ei dobling av doedsfalla fraa malaria, diare og underernaering.

Det er mykje skriveri om global oppvarming i indiske aviser desse dagane. Det er bra fordi det set fokus paa FN-moetet om oppfolginga av Kyoto-avtalen, som startar i Montreal 28. november.

Ser at Helen Bjornoy varsler toeffe tiltak paa heimebane:
http://www.siste.no/Innenriks/politikk/article1836402.ece
Er spent paa kor toeffe desse tiltaka faktisk vert, og om ho faar med seg fagroesla, oljeindustrien og nordmenn flest...

Den naermaste tiger opplevinga me hadde i Periyar var kunststoffet paa sjeselongen (det er sikkert ein homo der ute som kan forklare meg korleis dette ordet stavast!) paa rommet vaart paa Lake Palace. Til tross for totalfredning og oppretting av fleire naturreservater minkar det fortsatt med tigrar i India. For hundre aar sidan var det 100.000 tigre i India. No kan talet vera under 2000. Det var dei skyteglade britane som brakte tigerjakta opp til dei store hoegder. No er det befolkningsvekst, felling av skog og snikskyting som trugar. Paa svarteboersen kan ein faa heile 100.000 dollar for ein tiger.
http://projecttiger.nic.in

1 kommentar:

Eli sa...

Hei Bjørn - så kjekt å lese bloggen din og se på de flotte bildene du/dere har tatt. Skulle ønske jeg kunne vært der og delt noen av opplevelsene med dere istedenfor å være her i kalde, regntunge Bergen. Pass på dere selv og skriv mer :-) Klemmer