Sider
7. desember 2005
Om å fly heim att
Forrige tysdag tok eg ein slitt drosje til flyplassen i Mumbai. Trafikken stod nesten stille. Eg rulla ned vindauget i baksetet. Lufta var varm, fuktig og tjukk av eksos. Eg vart fort overfallt av mødre og barn som ville ha mine siste rupees. Eg lot som eg ikkje såg og høyrte dei. Sjåføren min fekk kjeft av ein indisk overklassemann som køyrde fordi i ein flott bil med luftkondisjonering. "Stakkars turisten som du har i baksetet, - kan du ikkje jaga bort tiggarane slik at han får fred?!?" Eg var glad for at sjåføren ikkje gjorde det. Det er ein del av India som eg trur alle har godt av å oppleva.
Det var ein flott flytur. Har funne ut at eg elskar å fly, sjølv om det ikkje er bra for klimaet. Ein får perspektiv over ting når ein sit i en liten metallklump der oppe og ser ned på Jorda. Alle landegrensene frå verdskarta er viska ut og ein ser berre dei store landformene og byane.
Me forlot India med ein gong og flaug over det arabiske hav. Kom over landjorda att sør i Iran og det var ein facinerande ørkenlandskap langt der nede. Iran som er ein del av "ondskapens akse" - og Iran som mange reisande snakka så varmt om. Eit land som eg har veldig lyst til å oppleva. Sola gjekk ned ein stad i Svartehavet, og då eg kom over Europa såg eg berre alle lysa langt der nede. Eit nettverk av landsbyar, millionbyar og motorvegar. Me kom over eit tynt skydekke og alle lysa vart omgjort til nerver og nervebanar i ein enorm organisme... Over London var lufta krystallklar og metropolen var fantastisk vakker frå himmelen.
Etter eit kort shopping-sjokk på Heathrow Airport sat eg på flyet til Oslo. Eg landa før midnatt og kjende fort at lufta var minst 40 grader kaldare enn i Mumbai. Tok drosje med varmeanlegg frå Oslo S og heim til Sagene. Snøen dryssa lett og det var ikkje ein einaste tiggar å sjå.
Og her er eg og veit ikkje heilt kor eg er...
---------------------------
Sit og fylgjer med på eit nettmøte med Vanunu på NRK.no. Han har også lyst til å fly til Oslo, men er visst ikkje like heldig som meg. Er imponert over hans mot etter å ha vore innesperra så lenge.
30. november 2005
Livsvilkår og livskraft

Har fått dette spørsmålet:
- Du skriver endel om fattigdom og luksus. Det er viktig. Det er synlig og det er målbart. Slik jeg leser det du skriver, så dreier det seg (nødvendigvis) om skeivfordeling av materiell velstand. I sin ytterste konsekvens dreier det seg om fysisk overlevelse. Men, kan du skrive litt om folks indre livsvilkår? Kommer du så nær innpå at du kan fange opp noe av det? Jeg tenker på at du beveger deg i samfunn med tradisjoner og kulturer som - på godt og vondt - forankrer folk i en forståelse av eget liv. Jeg snakker om den daglige rytmen, den hverdagslige driven, de overordnede verdiene som gjør at så mange, tross materiell nød, likevel finner livet sitt verd å leve.
Eit bra spørsmål som får meg til å reflektera over reisa mi på nytt. To personar kan ta den same reisa og oppleva heilt ulike ting. Eg reiste ut i verda med mine "øyne" som både påverka kva eg såg og kva slags samtalar eg hadde med menneska eg traff. Det stemmer at eg har vore meir opptatt av ytre enn indre livsvilkår, i alle fall på bloggen min. Det er enklare å sjå og skriva om.
I alle landa eg har reist gjennom har eg opplevd tradisjonar og kulturar i sterk endring. Mange av dei unge eg har snakka med lever i eit skjæringspunkt mellom to kulturar og verdisystemer, - det tradisjonelle og det "moderne". Dei opplever å ha eit bein i kvar leir - og det er ikkje alltid like enkelt. Til tross for harde livsvilkår har eg opplevd mykje livskraft, - og eg skal prøva å spekulera litt i kvifor.
1. Aksept for livets rammeverk
Eg har reist gjennom områder som har sterke familietradisjonar og kor den religiøs trua er viktig. Sjølv om det ofte verkar innsnevrande på meg, ser eg at det gjev ein viktig forankring for mange. Det er klare føringar på kva som er rett og gale, og så lenge ein finn ein plass innenfor desse rammene kan ein få eit bra liv. Eg hadde ein lang samtale om islam med ein 18 åring i Nagyr. Han var ein kjekk og smart gut som imponerte med sine kunnskapar. Han forankra livet sitt i koranen og det verka som han var nøgd med livet. Andre ville sett på han som hjernevaska av sine foreldre og dei religiøse leiarane i bygda. Eg meinar det - sjølv om eg misunnar han dei klare svara på livets store spørsmål.
2. Det viktigaste er familien
Er imponert over kor stor respekt mange av dei eg har truffe har for foreldra sine. Eg opplever det ikkje berre som ein plikt, men også som rein kjærleik som går begge vegar. Det er tydeleg at desse sterke familiebanda gjev folk ein tryggleik og ein "misjon i livet" (gje barna ein god oppvekst/ta vare på foreldra). Alle dei unge eg snakka med hadde sterke band til foreldra sine, og det var deira interesser som kom fyrst om det oppstod ein konflikt. I Kirgisistan har dei tradisjonen med at yngste sonen alltid skal bu med foreldra sine, også etter at han giftar seg. For meg var det interessant å høyra frå Aibek at dette var "heilt greit" og at "det må jo vera slik".
3. Skjebnen og det enkle liv
Interessant å sjå korleis mange menneske slår seg til ro med eit enkelt og lite komfortabelt liv (ut frå vestlege standarder). Dei opplever at dei ikkje har noko anna valg enn å akseptere livets realitetar. Dei ytre faktorane er satt og ein lyt berre gjera det beste ein kan innanfor desse rammene. Dei små tinga (igjen ut frå "våre" standarder) som ein har kontroll over vert difor mykje viktigare.
Det var ein spesiell ro over potetdyrkarane i landsbyen Avgarch. Trur du skal leita lenge etter ein bonde som er så stolte av potetane sine! For familiefaren i huset eg budde i var det dette det god liv. Han var så glad for at han var pensjonert frå militæret og at han no kunne bruke tida saman med familien sin. Dei var også synleg stolte av den vakre landsbyen som dei budde i og kor dei hadde røtene sine. Det kan vera lett for meg å idyllisera slike stader. Familien hadde heilt klart sine ting å stri med, det var hardt arbeid og dei ønska seg også meir komfort - som elektrisitet og TV. Kanskje kjem roen dei utstråla av at dei ikkje har så mange moglegheitar som oss? Dei har ikkje ressursar til å delta i det sjølvrealiseringsjaget som er så tydelig heime.
4. Kollektive utfordringar
Materiell nød er mange stader eit kollektivt problem. Det angår ikkje berre ein familie, men ei heil bygd eller ein region. Det verkar enklare å vera fattig når naboen også er fattig. I landsbyen Hopper fekk eg høyra at så lenge folk var fysisk sterke så klarte dei seg bra. Då trong dei ikkje hjelp utanfrå, men kunne setja i gong tiltak på eiga hand. Ein opplever frustrasjonen mykje sterkare i ein storby som Mumbai, der forskjellane mellom fattig og rik er enorme og kjensla av fellesskap er borte.
Tilsvarande er det med ungdommane som opplever konfliktar med å ha beina planta i motstridande kulturar. Dei er ikkje åleine om å oppleva problema - dei gjeld for ein heil generasjon. Det gjev ein større tryggleik enn å "vera åleine i verda"
5. Kampen for eit betre samfunn
Alle landa eg reiste gjennom har nok av utfordringar å ta tak i. Eg har vore oppteken av å snakke med folk som ikkje er nøgd med livet til seg sjølv og andre - og som har mot til å ta opp kampen. Det gjeld for eksempel ungdommane i organisasjonen KelKel i Bishkek og for Abbas i Pakistan. For meg var det tydeleg at mykje av livskrafta deira var eit resultat av å ha ei god sak å kjempe for.
6. Galgenhumor
Til slutt har eg vore imponert over korleis folk klarar å ha det moro til tross for at livet kan vera ganske trist. Homsene eg traff i Bishkek hadde alle lyst til å reisa frå landet. Dei kunne ikkje sjå for seg ei framtid i Kirgisistan. Samstudes lever dei sine liv så godt dei kan - og dei har ein velutvikla form for galgenhumor seg i mellom. Kreativiteten er stor og dei finn ein måte å leve på som er akseptabel både for seg sjølv og familien.
Heime!
27. november 2005
Vannvegar og indisk dragshow
Kerala er kjend for sine vannvegar eller "backwaters". Her kan leiga ein baat og gli sakte gjennom eit sinnrikt kanalsystem, medan indisk landsbyliv går sin gang til vanns og langs bredden.
Tor slappar av paa vaar kettu vallam - husbaaten me leigde for to dagar - med eit mannskap paa tre.
Me skulle vera litt miljovennlege og leigde ein husbaat utan motor. Billegare var det ogsaa, - sjoelv om det var to menn som maatte stake baaten framover. Fantastisk aa gli gjennom kanalane og sjaa smaa glimt av dagleglivet som foeregjekk paa bredden. Folk her faar ikkje folk mykje privatliv. Vatnet er livsnerva kor dei badar, vaskar klede, tar oppvasken, fiskar og reiser til og fraa arbeid, skule, tempel og bustad.
Det var ikkje like hyggeleg aa sjaa paa dei to skrale mennene som staka seg gjennom kanalane. Fyren hadde 40 aars stake-erfaring og ryggen hans var like stiv som stokken.
Kokken vaar Sunnil. 35 aar og ugift. Hyggeleg kar som diska opp god mat paa det lille kjoekenet bak i baaten.
Sunnil har jobba paa husbaatar i 10 aar. Det har ikkje gjort han til ein rik mann. Han faar utbeltalt 1500 rupees (225 kr) i loen kvar maanad + tips fraa passasjerane. Han lyt vera paa baaten doegnet rundt og har berre fri 4 dagar i maanaden. Medan turistane faar liggja i gode senger soev mannskapet paa dekk.
Ikkje noko saerleg til eit liv, tenkjer eg. Sunnil seier at han har det greit. Det er betre enn aa jobba i Midt-Osten (som har gjorde i 3 aar) - og han er glad for at han har ein jobb.
Sunnil har mista begge foreldra sine. Han har to systre og daa dei gifta seg var det han som maatte soerga for medgiften (dowry). Dette kosta han over 200 000 rupees. "Alt for mykje, men eg hadde ikkje noko valg om eg skulle faa leva i fred fraa svigerfamilien..." Sjoelv om medgift er forbudt ved lov i India, er det fortsatt svart vanleg - saerleg paa landsbygda.
http://en.wikipedia.org/wiki/Dowry
Dei store kinesiske fiskehaav i Fort Cochin. Fiskehaavene loeftes og senkes med ein innretning av liner og steinsoekker som vert styrt av 4-5 menn per haav. Historien fortel at det var handelsmenn fraa mongulherskeren Kublai Khan som hadde med seg haavtradisjonen hit fraa Kina for over 700 aar sidan.
Dette er fraa ein Kathakali-forestilling i Fort Kochin. Dette er ein klassisk keralsk dans utfoert av mannlege dansere med mykje makeup og luftige kjolar - eit indisk dragshow med andre ord.
Gateliv i Kochi. Dei heilage kyra har rett nok eit fritt liv, men eg trur eg heller hadde valgt eit liv paa baas framfor ein indisk by. Der vil eg i alle fall faa ekte kraftfor. I foelge Greenpeace India mistar 100 kyr dagleg livet fordi dei har ete for mange plastikkposar...
Naar ein er i India er det jo obligatorisk aa ri paa ein elefant. Me fann ein skikkeleg svaering i Varkala. Elefanten heiter Baladeben og veg over 4 tonn.
22. november 2005
Kommunistar og tigre i Kerala
Kravet om minsteloen for arbeidarane har gjort at mange selskapar har bygd sine fabrikkar i andre delar av India, - kor dei kan utnytte folk i fred fraa kommunistar og fagforeiningar. Arbeidsloeysa har difor vore stor i Kerala. Samstundes har det hoege utdanningsnivaaet gjort at meir kunnskapsorienterte verksemder har lyst til aa etablera seg. Framtida er kanskje ikkje saa moerk for folk flest i Kerala.Meir om kommunisme i Kerala kan du lesa paa:
http://www.yesmagazine.org/article.asp?ID=871
http://news.bbc.co.uk/1/hi/world/south_asia/4374826.stm
http://www.datamationindia.com/kerala1.html
PS! Kommunistane i Kerala har sikkert sine svin paa skogen ogsaa - naar eg har soekt paa nettet har eg sett at dei ikkje er like populaere i alle kretsar - her som heime. Faar inntrykket av at kommunistane her ikkje er saerleg meir radikale enn SV'arar, sjoelv om det er vanskeleg aa samanligna sidan den politiske roynda er saa ulik.
Tor og Bjorn midt i ein teplantasje ved Munnar. Klimaet her egnar seg spesielt godt for tedyrking (1500-1800 moh), og det er flott syn aa sjaa alle aasane fulle av tebuskar. Det mulitnasjonale selskapet Tata Tea Group har etablert seg med mange plantasjar og fabrikkar i dette omraadet. Det er dei som lagar te med "brandingen" Tetley.
Teplukking er kvinnfolkarbeid. Denne kvinna kan plukke opp mot 150 kg teblader paa ein dag. For det faar ho betalt mellom 15 og 25 kr, alt etter kor mykje ho plukkar. Vaar rickshaw-sjaafoer sa at loena ikkje var saa verst, sjoelv om det berre held til 100 gram te i Norge. I tillegg faar dei fri bustad, elektrisistet og skulegang for ungane av tekonsernet.
Meir informasjon om tedyrking i Kerala finn du paa:
http://www.kerala.com/keralatea
Arbeidselefant paa veg til jobb i skogen. Matpakka er paa plass i snabelen.
Vill-geit (Nilgirhi Thar) i Eravikulam nasjonalpark. Dette er ein av dei mest truga dyreartene i India og geita kan no berre observerast i denne lille nasjonalparken. Opprettinga av parken har foert til at bestanden har auka til 5-600 dyr. Innanfor parken er ogsaa det hoegaste fjellet i Soer-India, - Anamudi (2695 m).
Den flotte ambassadoerbilen me leigde for turen mellom Munnar til Periyar. Ut fra interioer og eksterioer trudde eg det var ein gamal bil, men det synte seg aa vera ein 95-modell. For dei som har peiling paa bilar er dette ein kopi av den engelske Morris Oxford fraa 1954. Aar etter aar produserast ambassadoerbilane med den samme designen, til tross for at dei er heilt utgaatt paa dato.
Dette biletet er fraa tigerreservatet Periyar. Innsjoen vart anlagt av britane i 1895. Dei brydde seg ikkje om aa fjerna trea foer dei fyllte dalen med vatn. Trestammene staar der fortsatt etter over hundre aar. Dei var eit flott syn med disen som laag over vatnet om morgonen. Innsjoen er no drikkekjelde til dei mange ville dyra i omraadet.
Me tok ein liten baat ut til Lake Palace, som er eit eksklusivt hotell midt i reservatet - langt fra braak og stoey som det elles er nok av i India. Her var det godt aa berre liggja i hengekoya og hoyra paa alle jungellydane.
Las avisa The Hindu medan eg laag der. Det stod om eit indisk-britisk forskningsporsjekt som studerte konsekvensane klimaendringane vil ha paa India. Forskarane meinar at skogane og det biologiske mangfaldet i India vil verta paaverka av global oppvarming innan 30-40 aar. Paaverknaden ville vera spesielt stor for skogane i Western Ghats, som var omraadet me reiste i. Temperaturauke (2-3 grader innan aarhundret er omme) og kraftigare monsunregn vil foere til at dyre- og planteartar maa flytte paa seg. Dette har ogsaa skjedd tidlegare i Jordens historie, men no fungerar moderne infrastruktur (veier, bebyggelse etc.) som barriaerer for ein slik migrasjon av dyre- og planteliv.
I same avis var det referert til ein artikkel i siste utgave av tidsskriftet Nature. Her vart det slaatt fast at dei fattige landa som ureinar minst vil verta mest raaka av klimaeindringane. I aar 2030 kan venta seg ei dobling av doedsfalla fraa malaria, diare og underernaering.
Det er mykje skriveri om global oppvarming i indiske aviser desse dagane. Det er bra fordi det set fokus paa FN-moetet om oppfolginga av Kyoto-avtalen, som startar i Montreal 28. november.
Ser at Helen Bjornoy varsler toeffe tiltak paa heimebane:
http://www.siste.no/Innenriks/politikk/article1836402.ece
Er spent paa kor toeffe desse tiltaka faktisk vert, og om ho faar med seg fagroesla, oljeindustrien og nordmenn flest...
Den naermaste tiger opplevinga me hadde i Periyar var kunststoffet paa sjeselongen (det er sikkert ein homo der ute som kan forklare meg korleis dette ordet stavast!) paa rommet vaart paa Lake Palace. Til tross for totalfredning og oppretting av fleire naturreservater minkar det fortsatt med tigrar i India. For hundre aar sidan var det 100.000 tigre i India. No kan talet vera under 2000. Det var dei skyteglade britane som brakte tigerjakta opp til dei store hoegder. No er det befolkningsvekst, felling av skog og snikskyting som trugar. Paa svarteboersen kan ein faa heile 100.000 dollar for ein tiger.
http://projecttiger.nic.in
11. november 2005
Plain living and high thinking
Eg og Tor er på Patnem Beach i Goa. Det var her hippiane frå USA og Europa reiste paa 60- og 70-talet. Nokre av dei er her framleis, - sjølv om det ikkje er særleg futt i dei lengre. No lyt dei dela sanden med dei som er på "finne-seg-sjølv"-tur. Kvinner og menn i midtlivskrisa som trur at ei reise til India er det som skal gje livet ny meining. Her kan dei finna seg ein guru, gjera yoga på stranda og sitja i meditasjonsstilling framfor solnedgangen. Dei fleste backpackarane held seg heldigvis på nabostranda lengre nord, Palolem Beach. Det er denna stranda som staar i Lonely Planet - Den Store Boka. Stranda sør for Patnem Beach er okkupert av det største luksushotellet i Goa - InterContinental med 7 stjerner og 255 suiter. Her kan du sitja paa din private balkong og sjå ut på landsbykvinnene som klypper hotellets golfplen med saks.
Har ikkje kome like mykje under huda på indarane som eg gjorde med pakistanarane og kirgisarene. Samtalane er stort sett på "Which country? Drink coconut?"-nivået. Og så tar det litt tid å kome over Mumbai, kor eg vart skeptisk mot alt som rørte seg. Godt å sleppa unna tiggarane for ei stund. I Mumbai låg vaksne og barn strødd langs gater og smug om natta. Mellom dei sprang alle rottene og urin-lukta reiv i nasa. Over alt vart me stoppa av små barn som dro oss i kleda og såg opp på oss med store, håpefulle auge. Inni meg sa ei stemme: "Du skal ikkje gje til barn som tiggar - det lærar det opp til å tigge". Etterpå sit me paa ein flott restaurant saman med den indiske middelklassen, som verkar enno meir likegyldig. Vindusplassen er ikkje like populær som heime. Om du ser ut på gata får du verkeleg kjenna kor priviligert du er.
Det har vore interessant å lesa om Mahatma Gandhi her borte. India si kraftige økonomiske vekst kom først etter at dei kasta mange av Gandhi sine ideal på hylla. Det fattige skal ikkje reddast ved å dela ressursane meir rettvist - men ved å få heile kaka til å vekse. Var innom eit slitt Ghandi-museum i Mumbai. Det var ikkje akkuratt eit pulserande senter. Kjøpte ei lita bok med Gandhi-sitat kor eg fann desse orda:
"That everyone in this world should be able to maintain as high a standard of life as possible with the best possible output of labour is just as fantastic as to expect a camel to pass through the eye of a needle... Luxurious living... is an impossible proposition for any society as a whole. And when there is no limit to luxery, where shall we stop? All the scriptures of the world have taught the exact opposite. 'Plain living and high thinking' is the ideal that has been placed before us. The vast majority recognize its truth, but are unable to get there because of human frailty. It is, however, perfectly possible to envisage such an existence... Man falls from the pursuit of the ideal of the plain living and high thinking the moment we want to multiply his daily wants. History gives ample proof of this. Simplicity is the essence of universality."
Det verkar som om desse tankane berre finnast på museum i dagens India. Og ikkje berre i India. Vel, ikkje heilt. Las i The Times of India om eit nytt dataspel, A Force More Powerful, som ikkje var som dei vanlege "skyt-alle-ned-spela". Her skulle spelaren bruka ghandiske metodar til å løysa verdskonfliktar. Les meir på: www.aforcemorepowerful.org/game
Men er det nok?!?
7. november 2005
31. oktober 2005
Mandag morgon i Mumbai
- How are you Sir?
- Can I help you Sir?
- Change money Sir?
- Do you want to buy something Sir?
- Taxi Sir?
- Look here Sir!
- Special offer for you Sir!
- Sir?!?
Bra eg kan flykte inn paa ein Barrista kaffebar og roe nervene med ein kaffe latte. Trur India vert bra etter litt gribbe-tilvenning. Og i kveld kjem Tor!
30. oktober 2005
Terroraksjonen i New Delhi
Den eine bomba gjekk av bydelen Paharganj, like ved jernbanestasjonen. Det var her eg hadde tenkt aa bu - ein populaer stad for backpackere med mange billege hotell. Daa eg kom ut av stasjonen var det fullt av politifolk og "Hva foeler du naa?"-journalistar. Eg valde finna eit hotell i omraadet sidan det no verka til aa vera den tryggaste staden i New Delhi. Hotellet mitt laag to kvartal unna den eine bombestaden.
Paa hotellet traff eg eit chilensk-amerikansk ektepar. Dama var nesten maallaus etter kva som hadde skjedd. Dei hadde vore paa hotellet daa dei hoyrte kjempesmellen. Rutene klirra. Dei forstod kva som hadde skjedd og gjekk for aa hjelpa dei mange skadde. Det var ikkje noko hyggeleg syn. Mange var i sjokktilstand og hadde djupe saarskadar. Politi og ambulanse kom rakst til staden. "Merkeleg raskt", sa dei.
Les i "The Times of India" idag at ei gruppe med namnet Inquilab (som visst ogsaa kallar seg Lashkar-e-Toiba) har tatt paa seg ansvaret for bombeaksjonen i New Delhi. Dette er ein pakistansk basert/stoetta terror-nettverk. Nettverket vart foedt i (den USA sponsa) krigen mellom Afganistan og Sovjetunionen paa 80-tallet, og har seinere engasjert seg i Kashmir-konflikten. Ein talsmann for Inquilab uttaller: "Such attacks will contiunue until India pulls out all its troops from Kashmir".
Det offisielle Pakistan var raskt ute med aa fordoemme hendinga. Likevel spekulerast det i om bombeaksjonen kan oydeleggja dei paagaande fredsforhanlingane mellom Pakistan og India. Desse forhandlingane foerte til eit gjennombrot tidlegare i veka; 3 grenseovergangar (mellom pakistansk/indisk okkupert Kashmir) vart opna for aa lettare kunne naa ofra etter jordskjelvkatastrofen.
Det var fleire som omkom i terroraksjonen i New Delhi enn i London. Likevel trur eg hendinga raskt forsvinn fra overskriftene heime. New Delhi er jo saa langt unna... 50.000 menneske er drepne i terroraksjonar i India dei siste 11 aara.
----------------
Den amerikanske mannen eg traff paa hotellet var overraska over at eg hadde vore i Pakistan. "Dit hadde eg aldri reist. Landet er jo fullt av terroristar". Eg tenkte mitt.
I denne samanheng lyt eg seia at paafallande mange pakistanarar eg traff var positivt innstillt til USA. Fleira stoetta den USA leia aksjonen baade i Afghanistan og Irak. Det var nok av andre som var imot amerikansk utanrikspolitikk. Dei likte heller ikkje president Musharraf si "floerting" med amerikanarane. Fekk inntrykk av at for/imot USA i ein hvis grad fylgjer shia/sunni aksen (sidan Taliban og Saddams regime var sunni-dominert).
28. oktober 2005
Backpackers Paradise
Eg faar bruka hoevet til aa faa ut litt frustrasjon over backpackere. Foer eg reiste var eg positivt innstillt i forhold til denne menneskerasen. Dei gav ein viktig stoette til den lokale okonomien kor dei reiste. No er eg ikkje lengre saa sikker. Som elles i verda er menneskerasen satt saman av good guys and bad guys.
Eg vert flau naar eg hoyrar backpackarane klagar og prutar paa prisar som allereie er latterleg laage. Fleire eg har snakka med har eit dagsbudsjett paa 5 dollar dagen. FN si grense for ekstrem fattigdom er 1 dollar om dagen. Likevel klarar desse backpackarane seg bra. Fordi dei utnytter situasjonen i eit land kor folk er fattige. Og fordi dei som bur her syner ein stor omtanke for dei som seier at dei er i "naud". Har faatt mange eksempel paa at lokalbefolkninga tapar pengar paa desse reisande. "Folk her kallar backpackere for tiggere", viska Abbas til meg ein gong.
Det snodige er at desse backpackarane aldri hadde akspetert saa laag betaling heime i Vesten. Kor dei maa slite og jobbe i eit halvt aar for aa faa raad til nye 5 aar paa farten i den underpriviligerte verda. Saa dei kan samle skrytehistoriar over korleis dei klarte seg ein maanad i nordlege pakistan for 100 dollar. "Oh, Pakistan was so cheap!" Ettert saa mange aar paa reise, - er eg overraska over kor snevert syn paa verda det gaar an aa faa.
Det er mykje meir gale aa seia om backpackere, - det overlet eg til andre.
Til slutt ein liten historie om Bohlool - ein av Abbas sine favortittar blant gamle muslimske "visdomsmenn":
Bohlool's Gift to the Khalifa
One day Haroun Rashid gave Bohlool some money and told him to distribute it amongst the poor and needy.
Bohlool took the money, but a moment later gave it back to the Khalifa, who asked the reason why he did this.
Bohlool said, "I thought a lot, but found no one more dependent and poor than the Khalifa. This is the reason why I returned the money. I see that your guards and officers stand in the shops and whip people, collect tax and revenue, and then pour them all into your treasures. So I thought that you are the most needy person, and gave the money back to you."
--------------------------------------------------------
The good guys er heldigvis i flertall, ogsaa blant backpackere.
26. oktober 2005
Vesten og resten
Har kome meg til Lahore. Stor overgang aa reisa fraa fjellheimen til ein forurensa storby med over 5 millionar innbyggjarar. Samstundes har eg faat hoeyra at dette berre er blaabaer i forhold til storbyane i India. Godt med varme kveldar kor eit kan sitja ute paa fortauskafear i berre skjorta.
Fann sistatet over i ei bok eg har kjoept ("Jihad, Hindutva and the Taliban. South Asia at the Crossroads" av Iftikhar H. Malik). Har faatt det bekrefta av mange pakistanarar som eg har moett.
Eigaren av ein restaurant eg var paa i Skardu hadde budd i USA i 15 aar. Etter 9/11 var det ikkje mogleg for han aa bu der lengre, - kun fordi han var pakistanar.
Snakka akkuratt med ein student som var ganske irritert paa korleis vestlege media presenterer pakistan og pakistanere. "Folk trur jo at alle i Pakistan er terroristar. Eg chatta nyleg med ein australiar paa nettet. Daa eg skreiv at eg var fraa Pakistan fekk eg berre hoyra at eg var ein terrorist...".
Samstudes legg dei ikkje skjul paa at Pakistan har sine utfordringar. "Det er omraade i Pakistan kor eg ikkje vil reisa, som i grenseomraada mot Afghanistan". Eg fekk jo sjoelv oppleva at Gilgit ikkje var ein hyggeleg stad aa vera for tida. Men det vert saa gale naar folk i vesten trur at heile Pakistan er slik.
Turistindustrien i Pakistan, om du kan kalla det ein industri, fekk seg ein skikkeleg knekk etter 9/11, - og enno slit landet med eit frynsete rykte i vestlege media. Storpolitikk er veldig annleis en livet paa gata og i landsbyen. Einaste maaten aa faa eit meir nyansert bilete av Pakistan er aa reisa hit sjoelve og sjaa korleis det verkeleg er her.
Bra at Noman Mubashir er igang med aa lage reiseprogram fra Pakistan for NRK - me treng litt andre nyhede fraa dette vakre landet!
22. oktober 2005
It's a mens world
Baltistan er jo ikkje den verste staden aa slaa i hel nokre dagar. I dag var me paa tur til innsjoen Satpara soer for Skardu. Ein idyllisk innsjoe som er i ferd med aa verta rasert av eit stort damprosjekt, - men eg reknar med at elektrisiteten er saart tiltrengt.
Fekk snakka litt meir med sjaafoeren vaar, som eigentleg er ein kamerat av Abbas. Han er 20 aar og har allereie vore gift i 2 aar. Han gifta seg med sitt eige soskenbarn daa ho berre var 12 aar gamal. Det var imot hans vilje. Han trygla og ba om aa faa sleppe, men foreldra gav seg ikkje. Det var visst ein del av ein "byttehandel" mellom to familiar - og ved aa slaa to bryllaup i saman kunne dei spara mykje pengar. Bryllaup er ein svaert kostbar affaere, og familiene var ikkje saerleg rike. No betalar han utdanninga til kona, som han kanskje treff ein gong i maanaden. Noko tettare samliv faar venta til ho er meir moden og ferdig med utdanninga. Heldigvis var det ei flott jente han hadde gifta seg med...
Har ogsaa faatt snakka med nokre lokale gutar om kvinnene sin situasjon her i Skardu. Den fyrste utsegna eg fekk var jo ganske haarreisande. No fekk eg tid til aa snakka meir inngaande om temaet - og eg fekk utfordra dei litt. Dei innsaag at situasjonen for kvinnene ikkje var saerleg bra og at dei vart sett paa som menns eigedom. Samstundes verka det umogleg aa gjera noko med situasjonen for "det hadde alltid vore slik". Den eine eg snakka med viska etterpaa til Abbas: "Han der burde ta seg ein prat med dei religioese leiarane vaare." Det er tydligvis dei som har det siste ordet.
Medan det i Norge har gaatt saa langt at det kan vaere stigmatiserande aa vera kristen, er det i Pakistan stigmatiserande aa vera "sekularisert" - aa stille spoersmaal om de tradisjonelle og islamske lovene. Det er godt aa oppleva at det likevel er mange som toer aa stille desse viktige spoersmaala. Ei endring maa kome fra pakistanarane sjoelve.

