Sider

21. oktober 2005

2-dagers ekteskap i Baltistan

Forrige tysdag (18. oktober) var eg klar for aa forlate Karimabad. Finveret var tilbake - bra for redningsarbeidet sidan naudhjelpa berre kan fraktast inn med helikopter mange stader. Vegen til Chitral var blokkert pga uroa i Gilgit saa eg valgte aa reisa til Baltistan med Abbas i staden.


Paa veg ut fraa Karimabad var det eit flott utsyn mot snoekledde Rakaposhi. For aa kome oss inn paa vegen til Baltistan maatte me sa vidt innom politispaerringane i Giglit. Same dagen vart portforbodet oppheva i 3 timar. Fleire tusen brukte hoevet til aa flykte fraa byen.

Like etter Gilgit svingte me av fraa Karakoram Highway for denne gong. Me hadde kome til Indus som me fulgte austover gjennom ein trang dal med himmelhoege fjell. Vegen var nok ein ingenioerbragd der den bukta seg rundt dei bratte fjellsidene - som regel utan autovern. Under byggjinga av Karakoram Highway gjekk det med eit menneskeliv for kvar 1.5 km - statistikken for vegen til Baltistan er visst enno verre.

Etter ein lang dag kom me endeleg fram til Skardu, "hovudstaden" i Baltistan. Skardu er utgangspunkt for mange klatreekspedisjonar i Pakistan, blant anna til K2. No er sesongen over, og eg har berre sett to andre turistar i byen. Skardu er shia-dominert og meir konservative enn shiaene i Nagyr/Hunza-omraadet. Du kan ikkje sjaa ei einaste kvinne i heile byen. Daa eg spurde ein kar kvifor det var slik, fekk eg til svar: "Kvinnene har eit daarleg sinn og me kan ikkje sleppa dei fri. Dei faar kun lov til aa gaa ut av huset om dei verkeleg treng det. Om kona mi gaar ut utan mitt samtykke vil eg straffe (slaa) ho." Om Kvinnefronten skulle starte filial i Skardu ville dei ha nok aa ta tak i...

Ellers har skardu rykte paa seg for aa vera ein stad kor ein lett "kan faa seg eit nummer". Islam forbyr sex utanfor ekteskapet. For aa kome seg unna dette forbudet kan du her inngaa korttidsekteskap, - fraa 2 dagar og oppover. Du treng berre betale 500 rupees (50 kr) for at ein religioes leiar skal godkjenne ekteskapet. Kva kvinna faar veit eg ingen ting om.

Eg valgte aa bli nokre dagar i Baltistan for aa sjaa meg litt om. Paa onsdag tok eg og Abbas bussen vidare austover langs Indus. Vegen var overraskande bra med skinnande ny asfalt nesten heile vegen. Fleire av vegane fortsetter inn i det omstridte Kashmir-omraadet, saa dei gode vegane er kanskje ein maate for Pakistan aa sikra seg innflyting i regionen? Fjellet er svaert poroest og det gaar skred heile tida - bildet over syner ein stad kor vegen akkuratt er rydda.

Me passerte nokre enorme saue- og geiteflokkar paa vegen. Alle dyra er mat for militaerfolka som er stasjonert her (pga Baltistan sin strategiske plassering i forhold til Kashmir/India) - og bussjaafoeren kunne opplyse at alle dyra sikrar dei to kjoettmaaltid i veka.

Paa vegen passerte me mange flotte hengebruer over elva.


Maalet for reisa var landsbyen Khapulu. Ein idyllisk stad mellom dei karrige fjella. Er imponert over kor mykje klorofyll folka her klarer aa produsere fraa dei smaa breelvane.

Etter aprikoser og tomater var det no tid for toerking av kveite paa hustaka.

Geitene i Pakistan er veldig soete.

Khapulu var det stoerste og rikaste av Baltistan sine tidlegare kongedoemmer. Her der det gamle slottet - for tida under restaurering.

Paa hotellet eg bur paa saag eg eit oppslag om Pakistan sin foerste oekolandsby. Landsbyen Nangsog var ein halvtimes gangavstand fraa Skardu langs Indus. Denne staden maatte eg jo sjekke ut. Landsbyen hadde ingen vegforbindelse og gangvegen rundt fjellet var ei stor oppleving.

Nangsog ligg idyllinsk til ved bredden av Indus. Fraa masete og braakete Skardu var det som aa kome til eit lite paradis kor ungane og dyra sprang fritt omkring. Gleda var stor daa eg oppdaga at prosjektet var stoetta av NORAD (som mange andre gode prosjekt her i Nord-Pakistan - naar eg seier at eg kjem fra Norway faar eg som regel hoeyra "aah - good country!").

Ein annan maate aa kome seg til Nangsog paa er via denne farkosten - som paa biletet ligg opp ned. Baaten er laga av oppblaaste sauer - og vert brukt for handel med landsbyen paa andre sida av elva.

Dette er Ghulam Hassan, den lokale koordinatoren for oekolandsby-prosjektet. Eit flott person som hadde mykje aa fortelje. Kyllingen me fekk servert til lunch maa seiast aa vera svaert fersk. Ellers lyt eg seia at desse oekokyllingane lever eit saa fritt og aktivt liv at det knapt er noko kjoett paa dei...

Det bur berre 11 familiar i Nangsog - tilsaman 90 menneske. Landsbyen har eigentleg alltid vaert oekologisk (som sikkert mange andre landsbyar i Pakistan er paa grunn tradisjonelle driftsformer). Men folka i Nangsog har no faatt eit medvitet forhold til oekologi, og med enkle midlar ynskjer dei aa utvikla landsbyen vidare.


Lunch i det groene. Landsbyen er i ferd med aa verta tura av naturens eigen oekologi. Indus gjekk foer paa andre sida i dalen, men har no endra loep. Elva har alt erodert bort eit stort omraade av landsbyen - og dei treng hjelp til aa hindre vidare utgraving.

2 kommentarer:

Janne sa...

Kjempespennende å lese sidene dine, for ikke å snakke om alle de flotte bildene. Trenger ikke noe bok når en kan gå inn på sidene dine. Det er god nok lektyre det. Har forresten vist noe av det til elevene.
Janne

Maria A sa...

Fin blogg! Jeg møtte Abbas i Gilgit et par år seinere, og han fortalte om deg og turen deres.