Sider

4. september 2005

Griser i bagasjen

Sondagsmarkedet i Karakol var ei stor oppleving. Her er det kjop og sal av husdyr av alle slag - hestar, kyr, sauer, geiter, yak-okser og griser. Det heile tek til ved daggry - kvar sundag morgon og det heile er over klokka 10.

Det var stappfult med folk - og knapt ein turist aa sjaa. Nokon krangla hoglytt om prisen og drog i kvar sin ende av kalven. Steminga av god - det var nok godt med ein del liter vodka utan at folk var paafallande berusa. Stemninga var ikkje like god blant husdyra - dei rauta og brauta der dei vart dratt, dytta og piska bortetter. Dette maa vera vekas mareritt for dei.

"Sau til salgs!"

Paa rekke og rad stod bilane oppstillt med aapne bagasjerom. Her var det berra aa finna seg ein liten gris!

Ingen kommentarer: