Sider

20. september 2005

Tash Rabat og Torugart

Siste reisebrev om Kirgisistan. Hadde ei flott reise over Torugart-passet, sjoelv om turen vart vel strabasioes med skikkeleg magetroebbel.



Siste by foer grensa er Naryn. Gjennom byen renn elva med samme navn som byen. Dette er den stoerste elva i Kirgisistan og 7 kraftverk omgjer vatnets krefter til elektrisk energi. Elva renn vidare inn til Uzbekistan i Ferganadalen. Elva er ei kjelde til konflikt mellom landa. Kirgisitan ynskjer aa bruka meir av vatnet sjoelve, medan Uzbekistan treng vatnet til dei store bomullsplantasjane sine. Den meste kjende konsekvensen av desse plantasjene er uttoerringa av Aralsjoen.
http://en.wikipedia.org/wiki/Aral_Sea

Guiden min tykte det var urettferdig at Kirgisistan ikkje fekk betalt for vatnet, medan dei maatte betala dyrt for olje og gass dei matte importere fraa Uzbekistan og Kasakhstan. Vann var tross alt ein mykje meir livsviktig ressurs, og det har han vel eigentleg rett i.

Naryn er ein by folk passerer meir fordi dei maa enn fordi dei vil. Det er den kaldaste byen i Kirgisitan, med ein gjennomsnittstemperatur paa -6 grader og med temperaturer ned mot -40 paa vinteren. Under Sovjettida fekk innbyggjarane her 40% hoegare loen som ekstremtillegg. No er jobbane borte og vodkakonsumet er faretruande hoegt. Ein sa til meg at han haapte at folk vart meir tru mot den islamske laera. Det var det einaste som kunne faa dei til aa slutte aa drikka. I foelge FN lever over halvdelen av befolkninga i regionen i ekstrem fattigdom (under 1$ aa leva for om dagen).


Glade barn foer vodkaen tek dei...


Her er me paa veg mot Kina. Eit vidt steppelandskap med snoekledde fjell i det fjerne. Er du lei av siviliasjon er dette ein bra stad aa slaa seg ned. Me matte betale 120 dollar for bil og sjaafoer til grensa. Ikkje saa verst naar me kunne dela paa tre, men mykje pengar her borte.




Me gav reisebyraaet $10 ekstra for at sjaafoeren kunne koeyra oss ein 15 km avstikker opp ein vakker dal til Tash Rabat (3550 moh.). Dalen har gjeve ly for reisande langs silkevegen i fleire aarhundre. Tash Rabat er ein flott steinbygning kor caravanene gjennom dei ugjestmilde fjella kunne ta inn. Me overnatta i ei av jurtene i bakgrunnen.



Familien som gav hos losji. Som dykk ser er ikkje ungane gamle foer dei faar proeva seg paa hesteryggen...

Me fekk leigd oss hestar og hadde ein flott ridetur opp dalen.

Byrjar aa faa litt erfaring paa hesteryggen no. Men daa eg ville fortsetja litt aaleine var det bom stopp - hesten ville berre heim att med dei andre...

Gjetere med buskapen sin.

Det vart ei toeff natt. Eg skulle aldri aa ete den lunka gulasjen i Naryn. Aa overnatte i ei jurte, utan do, med minusgrader utanfor - og med magetroebbel - det unnar eg ikkje nokon. Men det var i alle fall ei flott fullmaane...


Dagen etter har eg mest lyst til aa gloeyma. Aa koeyra paa humpete vegar i skranglete bilar var ikkje det beste for meg denne dagen. Men me kom no fram til Kashgar til slutt.

Torugart-passet gaar for vera ein svaert vanskeleg grensepassering for turistar, men med nok dollar saa gaar det meste greit her i verda. Vi var heldige med sjaaforen vaar. Han var nemlig grensevakt i tillegg til aa vera sjaafoer, og var paa hils med alle. Me hadde ingen komplikasjoner. Naar me hadde kryssa grensa til Kina bytta me bil - og sammen med ein amerikansk familie vart me frakta til Kashkar. Kontrollposten paa kinesisk side var ogsaa ein forholdsvis kjapp formalitet. Mitt sveitsike reisefoelge kunne opplysa at det har vorte mykje enklare aa kome inn og reisa rundt i Kina sidan dei var her fyrste gong midt paa 90-talet.

Eg var mest glad for aa faa ei skikkeleg seng, dusj og do.

1 kommentar:

Bård Hekland sa...

Me sit her i Odda og foelgjer med på eventyra dine. Einaste passet me har kreka oss over i det siste var på Seljestad. Og mest eksotiske utflukten var til Mosjøen (men Widerøe er nok mindre å stole på en kirgisiske hestar...).

Lukke til i Kina!

Bård (og Kristine og Olve, sjølvsagt).