Sider

14. september 2005

Kjoennsroller - "Aibeks" historie

Elin spurde meg om korleis kjoennsrollene var i Kirgisistan. Eg skal proeva aa gje eit svar gjennom aa viderefortelja historia til "Aibkek" som eg traff i ein landsby midt i landet.

"-Kvinnene i Krigisistan maa velgja mellom aa ha familie eller gjera karriaere i arbeidslivet, for det lar seg ikke kombinere. For meg er kvinnas plass i heimen. Paa landsbygda er det vanleg aa faa 5-6 barn og det seier seg sjoelv att det er mykje arbeid.

Den store arbeidsloeysa i Krigisistan er eit problem som spesielt rammar menn. Kvinner er meir kreative og tilpasningsdyktige og klarar ofte aa skapa sine eigne jobbar. Paa basarane ser ein nesten kun kvinner som sel ting. Dette gjer at mannen mistar respekt i forhold til kvinnene. Mannen har tradisjonelt vore familiens overhode. Hvis eg har ei kone som tjener meir enn meg vil venner, familie og slekt gjera narr av meg. Eg vil ikkje at dette skal skje.

Styresmaktene proevar aa faa fleire kvinner inn i leiande posisjonar. Sjoelv vil eg ikkje vera gift men ei karriaerekvinne. Om ei jente prioriterer utdanning og jobb og er fortsatt ugift i slutten av 20-aara vil ho faa store problemar med aa finne seg ein mann.

Skilsmisse er stoerst skam for jenta og jentas foreldre. Det er ogsaa stor skam for ein gut aa gifta seg med ei skilt jente. Mange skilte jenter endar opp som prostituerte i hovudstaden i Bishek. Eg har lese at det er 20 000 prostituerte i Bishek. Eg trur talet er enno stoerre. I prostitusjonsgata Pravda er det fullt av dei. Dei billegaste jentene kostar 100 som (15 kr) - dei flottaste langbeinte jentene gaar for 500$. Det er vanleg aa kjoepa seksuelle tjenester - "alle" gjer det for aa faa erfaring. Det er noko ein fortel sine kameratar men lyt halda heilt skjult for foreldra.

Det er vanskeleg aa treffa ei jente i landsbyen. Det er ikkje vanleg aa ha ein kjaerest -daa ville alle snakka om det. Det er ingen cafear eller nattklubbar kor ein kan treffast. Jenta som eg vil gifte meg med skal vera "uroert". Det er stor synd hvis ei jente er borte ei natt fraa foreldra.

Det er vanleg at foreldra finn ei jente til sin son. Sidan eg er 25 aar tykkjer mor mi det er paa tide at eg giftar meg. Ho har funne ei dame til meg, men eg vil ikkje ha ho. Eg er bestekompis med bror hennar og han veit godt kva eg har halde paa med i Bishkek... Det gaar ikkje. Eg har ei dame i Bishkek, men det er ei byjente. Eg har ikkje kontroll paa ho naar eg er her i landsbyen. Ho flyr sikkert paa byen.

Eg er yngste son i familien, og i vaar tradisjon skal den yngste sonen alltid verta buande med foreldra. Men mi byjente har ikkje lyst til aa flytta hit, -saa eg lyt finna meg ei anna. Eg kjenner presset fra familie og slekt og trur eg kjem til aa gifta meg innan eit aar.

Me har ein tradisjon om at ein mann likar ei jente saa kan han "stjele" ho. Denne praksisen var forbudt under sovjettida, men har vorte vanleg etter at Kirgisistan vart sjoelvstendig. Mannen kan godt vera heilt ukjent for jenta, - og jenta har som regel ikkje noko anne valg enn aa seia ja. Jenta kan vera fraa 17 aar og oppover - og det er spesielt vanleg aa kidnappe jenter rett etter dei er ferdig med vidaregaande skule. Dei siste dagane paa skulen vert ofte jenta fulgt av ein eldre bror eller faren fordi dei er redd for aa verta bortfoert. Denne tradisjonen likar eg ikkje.

Mange jenter treff utanlandske menn paa internett og flyttar fraa landet. Dei har ein draum om det perfekte livet i vesten som dei ser paa film og les om i magasina. Ein del vert lurt og endar som prostituerte i land som Iran og Soer-Korea (trafficking)."

-----------------------------------

Dette var ei historie og eg veit ikkje i kor stor grad den er representativ for kvinners og menns situasjon i Krigisistan. Det er stor forskjell paa det moderne livet i byen og det tradisjonelle livet paa landsbygda. Kirgisistan sin Tusenarsmaalsrapport fraa 2003 fortel at kvinner har ein forholdsvis sentral plass i det okonomiske, sosiale og kulturelle livet. Samanligna med sine "soestre" i dei andre sentral-asiatiske landa her dei det ganske bra (I Kasakhstan er kanskje forholda hakket betre).

Statistikk syner at kvinners andel av arbeidsmarknaden er synkande. Rettar som fungerte bra under Sovjettida verkar no mot si hensikt. For eksempel retten til betalt foedselspermisjon. Under Sovjet var det staten som betalte ut desse pengane. No er det dei private selskapa sjoelv som skal gjera det. Det foerar ofte til at desse selskapa ikkje ansetter kvinner.

Fattigdommen og dei store sosiale problema paaverkar kvinnas liv. I loepet av dei siste 3 aar har over 30000 kvinner soekt hjelp for aa av vorte utsatt for vold. Tusenaarmaalsrapporten anslaar at 4000 kvinner aarleg vert ofre for trafficking.

Landet har ein stor utfordring i aa endra dei patrialkalske haldningane som gjev kvinnene ei sekundaer rolle, spesielt paa landsbygda.

Kvinnene i Krigistan er aktive i organisasjonene i det sivile samfunn. Har snakka mykje politisk engasjerte ungdommer her i Bihkek - og det er flere aktive jenter enn gutar.

----------------------

Det kan hoyrast ut som det er faelt aa vera kvinne i Krigisistan. For aa nyansere biletet lyt eg seia at eg ikkje har snakka med desse ofra sjoelve. Kvinnene eg har truffe baade i byen og paa landsbygda har bein i nesa og det verkar som dei har like mykje aa seia som mennene.

Av dei eg har truffe er det mennene som har hatt stoerst problem. Det vert sagt at vodkaen er det verste som russarane etterlot i Kirgisistan. Naar mennene har dei vanskeleg saa drikk dei. Eg har truffe flere av dei. Som regel arbeidslause utan framtidshaap. Dei finn si troest i flaska og er alt "dritings" tidleg paa dagen. Medan mennene drikk, proevar kvinnene aa gjera det beste ut av situasjonen.

1 kommentar:

Anonymous sa...

Kjempekjekt at du oppdaterer oss på reisa di. Veldig gøy å lese. Kristine