Sider

12. september 2005

Ridetur til Song-Kul

Paa landsbygda i Kirgisistan er hestar eit meir vanleg framkomstmiddel enn bilen. Som det vert sagt at nordmenn er foedt med ski paa beina, har kirgisarane eit tilsvarande utrykk om at dei vert foedd paa hesteryggen. Trur ikkje det er saa mange stader i verda ein kan sjaa 5-6 aaringar galloppere avgarde.

"If you're given only one day's life, spend half of it in the saddle." - Kyrgyz saying

Saa eg maatte berre proeva meg paa hesteryggen. Etter 3 dagar er eg saar i baken og har vondt i ryggen - men det var verkeleg verdt turen. Fekk heldigvis leigd ein snill hest.



Landskapet me trava gjennom var veldig annleis enn alpefjella tidlegare paa turen. Me rei opp til den store innsjoen Song-Kul som ligg paa over 3000 meter. Eit vidt og aapent landskap med graskledde sletter - perfekt for gallopp! Guiden min hadde mykje aa fortjelje og eg har faatt eit godt innblikk i landsbylivet i Kirgisistan.



Rundt Song-Kul finn ein ei rekke jurter (nomadetelt). Kvar sommar tar folket med seg buskapen opp fra landsbyen og opp hit. Det minnar mykje om godt, gammaldags stoelsliv i Norge. Tykkjer det saag ganske overbeita ut og eg har lese at 88 prosent av alt jordbruksland i landet er degradert og trua av fororkning. Naar eg spurte folk om dette sa dei: "Pytt, graset kjem tilbake til neste aar". Tradisjonelt har Kirgisarane hatt eit veldig naert forhold til naturen (shamanisme og totemisme) - men mykje av denne haldninga har vorte oydelagt av russarane under Sovjettida. Kommunisme i praksis har ikkje vist seg aa vera saerleg vennleg mot naturen. Her er mennesket i sentrum som for kapitalismen.



Dette er jurtaen som me overnatta i foerste natta. Jurtaen er eit flott trekonstruksjon som er dekka av hardpakka saueull paa utsida og fargerike tepper paa innsida. Det er inga baerekonstruksjon midt i teltet saa det er aapent og luftig. Og saa glir dei saa fint inn i landskapet her.

Overraska over kor mange paa landsbygda som savna tida daa Kirgisistan var ein del av Sovjetunionen. Mest alle eg snakka med som var 35+ savna denne perioden. Familiefaren til venstre var ein respektert gymnastikklaerar med stabile framtidsutsikter. Han tjente 500 rublar om maanaden som var gode pengar. Alt kosta det same uansett kor du var. Dei hadde ekstra pengar til aa reisa paa ferie til krimhalvoya og andre stader innanfor det store samveldet. Skule og helsevesen var gratis. Daa Sovjetunionen braut saman, og okonomien og jobbmarkedet kollapsa, maatte denne familien som mange andre finna seg eit nytt levevis. Mange tok opp sine nomadiske tradisjonar (som var bannlyst under Sovjetunionen) og gjekk tilbake til naturalhushaldet.



To fiskarar som eg traff ved innsjoen. Song-Kul er kjend for sitt gode fiske. No held det dessverre paa aa bryte saman paa grunn av overfiske. Staten proevar aa innfoere restriksjonar -men det er ikkje lett aa handheva. Naar kontrollorane er borte set dei baatane sine paa vatnet att. Det er forstaaeleg -dette er den einaste inntekta dei har og fiskarane har ikkje noko anna aa ta seg til. Paa dei meste kunne dei ta opp 30 tonn fisk fraa innsjoen dagleg. No er dei nede i 2 tonn om dagen. Saa eigentleg held fiskarane paa aa grava si eiga grav.



Har faatt servert mykje interessant mat her borte. Trur ikkje landet kjem til aa verta kjend for sitt kulinariske kjokken. Men alt smaker godt i slike omgjevnader. Det mest ekslusive er hestekjott og eg angra paa at eg skrytta og saa det var godt - for daa matte eg smaka paa alt det som verkeleg var godt. Inn kom eit fatt med feite, ekle bitar fraa hestemage, tram og det som verre var. Og det einaste som eg kunne skylla det ned med var sur hestemjolk... Men min mage kjennes enno grei ut.

1 kommentar:

Toril sa...

Hei Bjørn!

(beklager litt rot i starten her - er ny på blogge-fronten...)

Veldig artig å lese om hvordan du har det. FANTASTISK BRA BILDER!!! Kos deg videre - og vær forsiktig, da! ;-)

Hilsen storesøster.