Sider

17. september 2005

Sabyrbeks hus, revolusjon og homser

Min siste dag i Bishkek. I morgon startar mi tre dagers reise til Kashkar i Kina. Eg skal krysse grensa over Torugart passet (3752 moh).

Det har vorte mange dagar i Bishkek. Det er ein by dei fleste turistar ofrar ein dag eller to paa, men eg har likt meg godt her. Mest paa grunn av alle dei hyggelege folka eg har moett.

Eg bur i Sabyrbek's hus sentralt i byen. Ein stor, gamal villa med ein overgrodd hage med druetre og eit lysthus, perfekt for lange samtalar. Eit hyggeleg og avslappa vertskap og reisande av ymse slag. Dei som reiser til Krigisistan er saa langt fraa pakketuristar som ein kan kome. Har akkuratt sagt farvel til to britiske karer som er paa koeyretur til Mongolia. Du kan sjaa ruta og lesa meir om turen paa deira nettstad: www.drivetomongolia.org

Sarbyrbek tilbyr ogsaa seng og stikkontakt for ein britisk antropolog paa forskarstipend fraa tre europeiske universitet. Har proevd aa toemma han for informasjon, - men har funne ut at han er utoemmeleg. Dette er ein spanande og komplisert del av kloden vaar -og eg vil ikkje proeva meg paa nokon politisk analyse paa denne bloggen... At baade amerikanarane og russarane etablerer store militaere baser her seier litt om landets strategiske plassering.

Fleire kirgisarar eg har snakke med er mest bekymra for Kina. Har faatt inntrykk at kinesarane i landet ikkje er saerleg populaere. Som den eine guiden min saa: "Naar du faar ein rik nabo, saa lyt du jobba for han". Han var redd for at kinserarane skulle faa for stor dominans i regionen. Antropologen meiner at dette i stor grad er ein ubegrunna frykt, og at frykten har sit rot i sovjetisk propaganda. Han meiner at ogsaa vestlege media er svart einsidige i sin kritikk av Kina. Han utfoerte eit eksperiment med studentane side: Han fekk dei til aa samle alle artiklar om Kina fraa vestlege media i ein gitt periode. Saa bytta dei ut orda "Kina" med "Israel" og "kinesarar" med "israelarar". Assosiasjonen til nazi-propaganda var visst ganske tydeleg... Er spent paa korleis eg vil oppleva ein av Kina sine utkantar.

Har hatt fleire samtalar med representantar for ungdomsorganisasjonen KelKel (www.kelkel-kg.org/eng/kelkel_en.php). Organisasjonen spela ein sentral rolle under revolusjonen 24. mars kor Akijev og hans familie maatte flykte landet. Har faatt "For dummies"-versjonen for korleis ein kan skape ein revolusjon - og korleis det oppleves aa verte fengsla for aa fortelja folket "sanninga". KelKel vart ikkje saerleg godt likt av Akajevs regime. Med Bakiev er forholda betre -men dei er usikre paa kor lenge det vil vare. Den nye presidenten Bakiev var Akajevs tidlegare statsminister -saa det er eit spoermaal om kor stor denne "revolusjonen" eigenteg var. Det viktigaste var at revolusjonen var ein mental vekkar og at det viste folket at dei kan paaverka makteliten. Som ein sa til meg: "Foer revolusjonen las eg aldri aviser. No les eg alt". Dei andre Sentral-Asiatiske leiarane er redde og har byrja aa avsette opposisjonspolitikarar og styrka politiet for aa unnga at revolusjonens aand spreier seg.

Eg har ogsaa truffe fleire homofile kirgisarar. Dette landet har ein lang veg aa gaa paa dette omraadet. Riktignok har Kirgisistan og Kasakhstan fjerna homofiliforbudet fra sovjettida. Ein slepp fengsel om ein skulle vera saa syndig som aa forelska seg i ein av same kjoenn. Reaksjonen fraa familie, slekt og mannen (og nokon kvinner) i gata er nok verre. Ein gut eg snakka med var redd for aa verta utpressa av personar som ville fortelje familien hans at han var homo. Den eine guiden min fortalte at han hadde vore tilskotar til at ein fyr i Bishkek vart banka opp av 6 andre. Eg spurde kvifor det var ingen som gjorde noko. "Han var visst homo", fekk eg til svar...

Det er eit par utestader her for homofile. Har berre vore paa den eine. For aa koma inn maa ein ned ei trapp og trykka paa ei lita ringeklokke. Ei stor russisk "mama" gloetter paa doera. Eg fekk nokon granskande blikk fyrste gongen, men sidan eg var med andre som ho kjende saa slapp eg inn. Det er dei modigaste homsene i byen som toer aa visa seg her. Etter norsk standard er ikkje plassen saa verst.

Heldigvis har Internett har vorte eit sentralt redskap i livet deira. Der finn dei informasjon og dei har hoeve til aa moeta andre anonymt. Det er ofte snakk om livet foer og etter Internett.

Ingen kommentarer: