Sider

7. september 2005

Mektige Tian Shan

No har eg faatt oppleva Kirgisistan sin flotte fjellheim. I Karakol (nord-aust i landet) fekk eg engasjert eit soskenpar paa 17 og 24 som guide og tolk. Det kosta meg i underkant av 200 kr dagen inklusive mat og telt. Rimeleg for meg - men likevel bra for dei sidan ei gjennomsnittleg maanadsloen i Kirgisistan er i underkant av 300 kr.

Me hadde ein flott 4 dagars tur i fjellkjeda Tian Shan med straalande ver heile tida - men eg hadde ikkje venta meg at det skulle verta saa kaldt om natta. Med sola forsvann varmen i ein rasande fart - og ein god sommardag var blitt ein iskald frostnatt.


Her er me paa veg oppover Karakoldalen. Ein vakker dal med ei stor breelv og mange beitande dyr.

Fyrste overnatting hadde me paa 3000 meter - akkuratt paa tregrensa. Sat rundt baalet og saag opp paa ein fantastisk melkeveg. Iskaldt - maatte ut midt pa natta og hoppe blodet igang att...


Dette er innsjoen Ala-Kol (3532 moh). Paa grunn av den globale oppvarminga hadde breen i bakgrunnen trekt seg tilbake fleire hundre meter fraa i fjor. Hvis breeane forsvinn er det alvorleg for Kirgistan - ikkje berre for turismen - store deler av landet baserar seg paa kunstig vatning og breane sikrer god vannfoering ogsaa i dei varme, toerre periodane. Den stoerste isbreen i landet, Inyl'check, minkar gjennomsnittleg 24 cm om dagen. Saa gjer det dykk kan for aa stoppa gasskraftverka - det er kanskje for seint aa lenka seg naar eg kjem heim...


Her er guiden min, Kasidin, og soestera, Aigulu, paa hoegaste punkt paa turen - 3800 moh. Kanskje ikkje saa imponerande naar me starta paa 2000 meter - men det er i alle fall ny hoegderekord for meg. Eg var bra tungpusta opp dei siste bakkane.
Nederst paa bilde er vaar andre overnattingsplass paa 3500 moh. Hogaste punkt paa turen var paa fjellryggen bak kor me maatte fira oss ned i tau. Eg var heldig og fekk sova i teltet til mine to guidar og klarte delvis aa halda varmen denne natta.

Dagen etter var det ein lett ettappe nedover ein gron dal med store hesteflokkar som gressa villt.
Me kom ned til ein jurta (som eg skal fortelja meir om seinare) kor me vart invitert inn pa broed og kymys (hoppemelk). Kymus vert laga etter surdeigsprinsippet ved at ein blandar ny og gamal hestemelk. Det smakar stramt og surt - men hellers heilt ok!

Inne i jurtaen.

Siste overnatting var i vakre Altyn Arashan (som betyr gull og varme kilder). Her takka eg ja til ei seng innandores for 15 kr.

Dalen er kjend for sine varme kilder. Godt med eit varmt bad etter ein slik fjelltur. Bassenget bar ikkje akkuratt preg av masseturisme... Om 20 aar trur eg ikkje denne dalen er til aa kjenna igjen.

Ingen kommentarer: