Sider

16. september 2005

Kaffe latte paa Navigator Cafe

Like ved her eg bur i Bishek ligg Navigator Cafe. Ein hyggeleg stad med uteservering under trea, sunn god mat ("Norwegian style fish") og effektiv betjening. Det er den einaste staden i byen kor eg har sett ein espresso-maskin. Her kan eg faa min etterlengta daglege dose kaffe latte. Saman med diplomatene, forretningsfolka og hjelpearbeidarane fra vesten. For ein kaffe latte lyt eg ut med 100 som. Hvis du deler paa seks faar du den norske prisen.

Litt borti gata her staar dei ei gamal bestemor. Kvar dag staar ho der med ei skroepeleg baderomsvekt. Om eg gjer ho 1 som kan eg sjaa om den sunne maten har gjeve resultat. Er ho heldig faar ho 4-5 kundar paa ein lang dag. Nok pengar til aa kjopa seg eit broed.

Trygda hennar fraa staten er 400 som i maanaden.
Nok til 4 kaffe latte paa Navigator cafe.

Kaffe latte smakar betre heime.

Ingen kommentarer: