Har snart vore i Kirgisistan i ei veke og har stort sett holdt meg i hovudstaden Bishkek. Har moett mange hyggelege folk her. Ein stor takk til min kirgisiske kontakt i Oslo som formidla kontakt med sin ven her i Bishkek. Han introduserte seg for sin omgangskrets og etter eit doegn hadde vorte kjend med eit knippe kirgisarar, ein nordmann og to svenskar som var paa arbeidsreise. Eg som hadde planar om aa reisa rett paa fjellet har tilbrakt den forste veka paa kafear og nattklubbar.
Har likevel faatt ein smakebit av dei flotte fjella her. Paa min andre dag vart eg invitert med paa ein dagsutflukt til Alamedin Canyon. Rett soer for Bishkek reiser deg seg ein imponerande fjellkjede. Me koeyrde opp ein flott dal med stupbratte fjellsider og snoedekte toppar. Nesten ingen turistar a sjaa. Dette landet som nokon kallar for "Sentral-Asias Sveits" har eit stort potensiale for turisme.
Bishkek er ein bra by. Her er mykje "flott" sovjetisk betongarkitektur, store aapne plassar og breie gater. Ein av dei groennaste byane eg har vore i. Ved hjelp av kanaler langs med fortaua vert elvene fraa fjella leda gjennom byen for aa gje vatn til dei mange trea og parkane.
I gaar (31. august) var Kirgisistan sin uavhengighetsdag og folket hadde kledd seg i finstasen og moett opp for aa sjaa paa den store paraden. Hadde trudd at det skulle vera ein militaerparade, men det kom eit fargerikt opptog med fredsduer og ballongar. Det var likevel eit stort antall politifolk i gatene.
Eg bur paa eit enkelt Bed & Breakfast i sentrum. 5$ natta for seng, kald dusj og hyggelege samtalar rundt kjokkenbordet baade med vertskapet og andre reisande. Her dukkar det opp folk med mange sproe paafunn. Til doemes to franskmenn som har sykla i to aar for aa kome til Kirgisistan - enno har dei eit aar igjen foer maalet om aa sykle over alle kontinenta er naadd...
Har laert veldig mykje den siste veka. Spesielt om revolusjonen som var i mars og om korleis det er aa vera ung i Kirgisistan. Mange unge har lyst til aa fraa landet fordi dei tykkjer dei ikkje har noko framtid her. Men det er ogsaa mange som har lyst til aa vera med aa skapa ei ny framtid.
Har ogsaa laert korleis det er aa vera homo paa denne delen av planeten. Det eksisterar eit homoliv under overflata - men det er ikkje lett med saa sterke familietradisjonar og meiningsytringar som sjoelv faar Valgjerd og Dagfinn til aa bleikne. Folk er oppfinnsomme og dei som har hatt mot nok til aa lette paa skapdoera har det nok betre her enn i fleire av dei andre sentral-asiatiske landa.
I morgon set eg kursen vestover mot Karakol og fjellkjeda Tien Shan.
4 kommentarer:
Hei gamle ørn! : ) HAr aldri prøvd å blogge før og vet ikke om dette går men prøver meg. Morsomt å lese om reisa. Høres så spennende ut med Kirgisistan og er litt misunnelig. Men jeg må nok holde meg hjemme som fattig student : ) God tur videre gode venn! Eirik : )
Stili!!! Sitter her på Hamar og ser bilder fra Kirgisistan. Det ser flott ut, og jeg får lengsel etter de ruvende fjella. Men det får nok bli en tur til Sunnmøre og Nord-Østerdalen for meg i år. :-) Gleder meg til å lese mer fra ferden. Nyt og lev vel. Klem, Geir
Hei Bjørn
Det ser kjempespennende ut. Jeg tror jeg må lese litt mer om Kirgisistan. Flotte bilder. Hvor mange turister er det der? Hvordan er kjønnsrollemønsteret?
Elin
Hi Bjorn, I am a friend of Gert Danielsen's Argentina. My boyfriend is from Kyrgyzstan, and I've never been to his country, but you've greatly inspired me!
Legg inn en kommentar