Sider

26. september 2005

Kan Kinas regime forsvares?

Eg kan nesten ikkje seia at eg har vore i Kina. Kashgar og omraadet eg reiser gjennom er ein utpost i det enorme landet, og kontrastane kan knapt verta stoerre mellom Shanghai og Kashgar. Eg vil difor ikkje proeva meg paa aa skriva noko analyse av Kina medan eg er, spesielt etter at eg har erfart kor unyansert vestlege journalistar kan framstille Kirgisistan.

Eg har opplevd det som ei fin oppleving aa vera i Kina. Har aldri blitt stoppa og kontrollert paa gata. Foeler at eg kan snakka ganske fritt med folk. Det er jo ein hvis kontroll. Alle utlendingar som bur meir permanent i byen lyt bu paa ein stad. Dei kan ikkje finna seg sitt eige husvaere. Og saa merkar eg at ein del nettstader paa Internett ikkje eksisterar her borte. Inga overrasking at Amnesty International si heimeside er umogleg aa kome inn paa...

Det vert sagt mykje om dei hoege oljeprisane i media. Kina maa importere olje tilsvarande 40% av sitt forbruk, og dei hoege prisane paa raaolje har blitt eit problem for Kinas makrookonomi. Medan oljeimporten fyrste halvaar auka med 4% saa auka kostnadene med heile 43% sidan i fjor. Faar haape at dei hoege prisane foerer til eit auka fokus paa alternative energikjelder. (Lurar forresten paa kor mange Rita som maa angripe USA foer Bush tek til vett og underskriv Kyoto-protokollen...)

"The American way of living" er paa full fart inn - ogsaa i ein avsidesliggjande by som Kashgar. Har lese at den kinesiske materialismen har dype roetter og er ikkje noko nytt fenomen. Kjoepmannsskapet og kremmeraanden var etablert lenge foer Mao-kommunismen og er kanskje ein aarsak til Kinas suksess. Kommunistpartiet forsvarar ulikskapane ved at dei er med paa aa drive samfunnet og den veksten framover - og at alle paa sikt vil faa det betre.

Har med meg ei bok paa reisa: "Fra frihetens slagmarker. I Kina, Indien og Afrika" av Joergen Steen Nielsen (tidligere sjefredaktor i den danske avisa Information).
http://www.fagboginfo.dk/Ienfem/ienfemzn.htm

Boka anbefales. Han stiller er sentralt spoersmaal paa side 98:
"Skal Vesten sige god for Kinas totalitaere, udemokratiske menneskerets-undertrykkende regime, fordi det bedre end et umodent, pluralistisk demokrati vil vaere i stand til at varetage et historiske eksperiment at foere verdens folkerigeste, multikulturelle nation fra noed, fattigdom og ulighed til at blive et moderne, markedsoekonomisk, baeredyktigt velfaerdssamfund? Spoergsmaalet gaar ikke paa, om det kommunistiske regime med sikkerhed kan loese oppgaven, men om man skal tiltro det bedre forutsetninger for at klare udfordringen end et ungt, uproeved demokrati med konkurrerende, popularitetssoegende partier? Skal vi for den felles overlevelses skyld sette vor lit til, at tyrannene i Beijing fastholder magten lenge endnu og indser noedvendigheten af at begrense borgernes ret til at utfolde sig lige saa hemningsloest, som vi aandre har gjort i mere end 100 aar?"

1 kommentar:

Øyvind Rørslett sa...

Den danske forfatteren du viser til stiller et interessant spørsmål. Virkelig noe å tenke over. Selv "modne" (??) demokratier som USA og EU har problemer med å håndtere de vireklig store utfordringene, som de globale miljøproblemene.

God tur videre. Misunner deg!

algaut@online.no